Om meg

Hei! Eg heiter Mariell Øyre. Eg bur i Lærdal i eit lite gamalt hus med mannen min og mine to døtre. Eg jobbar som fotograf og forfattar, og driv butikken Fredag her i Lærdal, med tilhøyrande nettbutikk. Eg designar óg enkle Wordpress- eller Squarespace-baserte heimesider for fine folk.

Eg elskar å laga mat med ungane mine, snittblomar og god kaffe, å gjera innkjøp for Fredag (og prisa varer!), å legga meg i ei heilt nyoppredd seng og fantasera om hagen min.

I 2010 gav eg ut den første utgåva av mitt eige magasin, Hjartemagasinet, som eg gav ut tre utgåver av. I 2011 vart eg tildelt Noregs Mållag sitt stipend, med grunngjevinga: “med sitt brennande engasjement for å nå ut, har prisvinnaren slege inn den fyrste kilen i bokmålsmonopolet som har rådd grunnen.” Hausten 2013 kom debutromanen min ut på Samlaget.

Her på bloggen skriv eg mest om kvardagen, morskapet, mat og sånt som inspirerer meg. Eg et kommentarar til frukost, så ver grei og mat meg med slike.