Planleggingsdagskjeks

Det er planleggingsdag i barnehagen. Me har vore i banken og tømt sparegrisen, kjøpt Hakkebakkeskogen-spel, sett Aristokattene og bakt kjeks. Eg elskar å baka med Saga, men kun sånt som går kjapt eller ikkje er så nøye med, ellers blir eg stressa og då er det ikkje gøy for nokon. Desse deilige karamellkjeksa tek ein halvtime frå start til slutt (ehe, det kjem jo LITT an på kor gamle ungar ein har). Denne er basert på ei oppskrift av My Feldt, så har eg gjort nokre endringar etter min eigen smak.

Karamellkjeks
30-40 kjeks
140 g mørkt muscovadosukker (kan bruka brun farin)
240 g kveitemjøl
35 g lys syrup
8 g bakepulver
150 g meierismør, i romtemperatur
1 ts vaniljeekstrakt / 0,5 vaniljestang
Ei klype maldonsalt
*
Egg, til pensling

1. Sett ovnen på 175 grader varmluft, og kle eit bakebrett med papir.

2. Bland alle ingrediensar (utanom egg) i ein bolle med hendene, til du har ein homogen deig, og ikkje lenger.

3. Rull ut til fire pølser like lange som kortsida på bakebrettet, og flat dei litt ut med hendene. Dei skal vera ca ein halv centimeter tjukke etter du har flata dei ut. Dei skal steikast som heile lengder, og delast opp når dei er varme ut av ovnen. Pensle dei med piska egg.

4. Steik i 14-15 minutt, og bruk ei trinse eller pizzahjul til å dela dei opp. Kor store kjeks du vil ha velger du såklart sjølv! Enjoy!

Romantikk, middagsplan

For eit par veker sidan gjorde Jostein og eg noko ekstremt spennande: sat ein kveld etter ungane hadde sovna, og skreiv ned alle middagsrettar me kunne komma på i eit numbers-dokument. Jostein elskar numbers, han må liksom holda seg for å visa for meg akkurat kor mykje han elskar numbers. Men eg veit det nok. Berre sjå på fargekodingen!

Uansett. Fleire av dykk ville sjå denne middagsplanen, så no deler eg den!

Me skreiv ned rubbel og bit av det me kunne komma på, og bestemte av me kun skal ha middagsplanar for måndag til torsdag, så me framleis skulle ha mykje rom for spontanitet og kreativitet i matlagingen. Me starta med oransj veke. Forrige veke var den lyse rosa. Og denne veka skal me ha blå. Seibiff, pasta, couscous, pølse og potetstappe.

Dei som er merka som grå, eller dei som er umerka, er rettar som ikkje kom med i denne omgang. Kvar veke har sitt eige ark i numbers-dokumentet, og kvart ark har si eiga handleliste. Det vart enklare å strukturere når kvar dag hadde sin type rett, syns me. Så øverst i kolonna kan de sjå kategoriane for vekedagane. Så langt har det vore heilt himmelsk å både sleppa å tenka på kva me skal eta til middag og samtidig få eta berre ting ein veit at ein likar. Enn så lenge har me fem veker planlagt, og etter dei fem vekene skal me gå over på ei veke der me kun testar nye rettar. Det blir óg spennande! Også syns eg det gir ei ganske god oversikt over korleis me et, t.d kor mykje kjøtt et me egentlig i denne familien? Ein fin ting me har gjort dei siste månadane er at me har hatt middagsklubb med Jostein sine foreldre. Me bur jo på same gard og det er så fint å av og til eta middag saman. Syns ein bør gjera det meir, eta i lag på ein heilt kvardagslig måte.

Saga sine favorittar er:
Panert fisk med poteter. Risotto med søtpoteter. Spaghetti Bolognese. Tacoskål. Også typ alt som er på torsdagslista, for der er det berre veldig enkel og rett fram-mat eller sånt som er spicy og det elskar ho.

Vår middagsfilosofi er at me lagar den maten me har lyst på også et Saga så mykje som ho et. Vanligvis så et ho bra til middag og er alltid skrubbsvolten etter barnehagen sjølv om me hentar ho klokka tre. Men om ho ikkje skulle komma til å eta så mykje (spesielt er dette om rettar som er meir utfordrande praktisk, som salatar og den slags) så får ho ein deilig kveldsmat istaden. Eg ser jo på planen at me et ganske annleis enn me gjorde før me fekk ungar, då var potetstappe veldig eksotisk for oss og no er det ganske kvardags. Ein veldig lur ting eg gjer, apropos potetstappe, er å setta ketsjup i ei skål på bordet, og kalla det for “raud saus”, for det vil ho ihvertfall ikkje ha.

Eg ser jo no at nokre av rettane ikkje heilt forklarar seg sjølv, men at Jostein og eg veit kva dei forskjellige navna betyr. Så spør gjerne i kommentarfeltet så kan eg heller svara dykk der, det er jo så koseleg med litt aktivitet der óg! Og del GJERNE middagsoppskrifter, eg elskar å prøva nye greier.

Scones og litt lett eksistensialisme

Hei, fine dykk. Korleis har de det? Eg har starta året med å bli sjuk, men det er ålreit óg igrunn. I dag har eg ansatt nokon som skal hjelpa meg i butikken i år, og skrive ei lang liste over produkt eg vil utvikla i år. Det føles bra. Ambisiøst og skummelt og bra. Sånt som ein kan driva med når kroppen ikkje klarar noko men hovudet er as skarpt as ever (ehe). Akkurat no driv me sovetrening med Edda, eg sit her med kjeven så spent som ein pianostreng. Det er hardt, men det funkar. Me er på dag to og allereie er det så mykje betre.

Men eg drøymer meg bort til andre juledag, då Saga og eg laga sjukt gode og kjappe scones. Så sat me rundt bordet, me tre, den originale familien, medan veslesøster sov i vogna si, me tente eit lys og åt varme deilige scones og prata om livet. Så herleg at livet veks og blir større med dei samme ingrediensane, den einaste skilnaden er tid. I byrjinga av 2018 var ho så lita og kunne så få ord og hadde kort hår som byrja å krølla seg i nakken. Og no pratar ho i lange komplekse setningar og har hestehale og hugsar nøyaktig alt og passar på at Jostein og eg dekker av bordet etter middagen (litt pinlig, eller?).

Men uansett. Scones. Det var det eg kom hit for å snakka om (og medan eg har skrive denne oppskrifta har Edda sovna, heldigvis). Her kjem oppskrifta:

 

SCONES
8 stk / 2-3 personar

4 dl kveitemjøl
2 ts bakepulver
ei klype salt
50 g godt, kaldt smør
2 dl mjølk

Skru ovnen på 250 grader, og kle eit bakebrett med bakepapir. Bland dei tørre ingrediensane, og ha oppi smøret. Bruk fingrane til å pressa smøret inn i blandingen, til du har ei sandete blanding. Ha oppi mjølka og bland alt saman fort, ikkje bland for mykje. Deigen skal vera klissete. Ha litt mjøl på hendene og lag til 8 nokonlunde like deigar på bakebrettet. Steik midt i omnen i 12-14 minutt. Serveringsforslag: Brie og jordbærsyltetøy. Honning og grovkverna svartpepar. Honning og vellagra ost (gjerne cheddar). Lemon curd.

Søtpotetrisotto med bacon

Eg la ut eit bilde av denne søtpotetrisottoen på insta stories, og fekk nokre spørsmål om å dela oppskrifta, så her er den! Eg skundtar meg å skriva medan Edda enda søv. Om ei lita stund skal Saga og eg ut og plukka bringebær i høljeregnet.

Eit obs om at eg ikkje lagar mat med oppskrift, så dette er ei unøyaktig oppskrift (men det blir godt, lovar!), men med litt tips heilt gratis på kjøpet

Til to og ein halv vaksen (altså oss + Saga):
1 mellomstor søtpotet
1 pakke stjernebacon (sløyfast for vegetarisk såklart, då ville eg ha hatt typ rista pinjekjerner istaden, for å få litt tekstur nedi)
210 g risottoris
1 dl eplejus
5 dl vatn
1 buljongterning
1 ts balsamicoeddik
Parmesan
Olje

1. Del søtpoteta i to på langs, og ha på litt olje. Steik på 200 grader midt i ovnen til den er heilt gjennombakt, ca ein halvtime (kjem veldig an på storleiken på poteta, så sjekk kvart femte minutt etter 20 minutt har gått). Dra av skalet og mos den fint, me vil ikkje ha klumpar. Sett den til side.

Eit kvardagstips er å baka ei ekstra potet når du først driv, også laga noko pasta med søtpotet til dagen etterpå! Eg har søtpotetmos i kjøleskapet mitt i dette nu. Eller så kan ein såklart baka søtpoteta dagen før óg, for denne oppskrifta, for å spara tid.

2. Ha vatn, jus og buljongterning i ei panne og sett på mellomhøg varme. Målet er at væska skal holda omtrent samme temperatur som risottoen, for me har i væska litt og litt, og då er det dumt om ein senkar temperaturen i gryta kvar gong ein har på meir væske. Så den bør stå og småputra i ei panne ved sidan av risottogryta.

3. Finhakk lauken, og steik den i litt olje til den er blank og gjennomsiktig. Ha oppi risen, og steik risen saman med lauken i eit lite minutt. Dette anar eg ikkje kvifor ein gjer, men det står i alle oppskrifter.

4. Så skal væska i, ei ause av gongen. La væska trekka godt inn før du har oppi neste ause og reguler temperaturen på risottogrytta så risen ikkje svir nedi. Det tek litt tid å laga ein god risotto, men det blir så godt til slutt. Når det er tomt for væske kan du ha oppi søtpotetmos, balsamicoeddik og parmesan (etter smak, eg brukar kanskje 1,5-2 dl finriven). Risen skal vera al dente, også er det ferdig!

5. Baconet deler eg opp i veldig smale bitar, liksom på tvers av strimlene, og steiker til det er nesten sprøtt. Det kan ein jo gjera undervegs eller på forhånd, såklart!

6. Server med parmesan (om ein vil ha sånt parmesanhår som dei har på restaurant, kan ein kjøpa ein microplane, det er det beste som har skjedd våre pasta- og risottimiddagar!) og innhaust applausen.

Solbærgrotter

Hei, fine folk! Her kjem det ei oppskrift! Eg er kjapt innom medan begge ungane mine søv (!!!!!!) og eg føler meg som ein superhelt som kan klara alt. Jostein er nemlig i butikken i dag og eg har jentene åleine (heldigvis hjelpt av mi fine svigerinne som er dreven i dette fleirbarnsgamet), eg blir litt sveitt berre ved tanken men medan dei har sove har eg sprunge rundt i huset som ein virvelvind og fått gjort tusen ting.

Eg vil berre passa på å sei ein enorm takk til alle dykk fine som er innom i butikken i sommar! Herregud altså. Det er jo som ein draum. Eg får rapportar frå alle som jobbar der at folk er innom og seier så fine ting, at folk legg feriane sine mot Lærdal for å få stikka innom oss og sparar feriepengane sine for å bruka dei i butikken. Det var meir enn eg turte å håpa på då eg starta dette spetakkelet for eit og eit halvt år sidan. Så tusen takk! Det føles heilt eventyrlig.

Etter eg la opp dette bildet på instagram har eg fått spørsmål om å dele oppskrifta på desse solbærgrottene. Ein kan såklart laga dei med anna syltetøy enn solbær óg! Dei er fantastisk enkle og kjappe, og sååååå digge å ha til sommarkaffien. Spesielt elskar eg dei fordi dei held seg gode i ein boks i vekesvis. Så her kjem dei!

Solbærgrotter

18-20 stk

250 gram meierismør, i romtemperatur
1,5 dl sukker
1 ts bakepulver
1,5 ts vaniljepaste (eg kjøper min frå Kinsarvik, men ein kan såklart også bruka vaniljesukker. Viktig å bruka bra vanilje sidan smakane er så reine!)
4,5 dl mjøl

Solbærsyltetøy

Bland smør, sukker og vanilje i ein bolle. Eg gjer berre alt med hendene. Ha så i mjøl og bakepulver, og bland alt til ein jamn deig. Rull til ei lang pølse som er litt mindre tjukk enn botnen på ei vanlig muffinsform (hehe, her køyrer me folkelige oppskrifter!). La den ligga i kjøleskapet i ca ein halvtime. Sett ovnen på 200 grader, og sett klare muffinsformer på eit bakebrett. Bruk ein kniv og skjær deigen opp i skiver som du legg i muffinsformene. Med ein knokkel eller tommelen, lag ei forjuping i kvart kjeks. Fyll den med syltetøy. Steik kjeksa i ovnen i ca 18-20 minutt, til den er veldig lett gyldne. La dei kjøla seg litt ned før du et dei, ellers kan dei lett smuldra ifrå kvarandre. NYT!

Min stødige granola

5 liter granola

Føler meg så trygg når eg veit eg har granola i huset, derfor lagar eg alltid mykje når eg først lagar. Eg eksperimenterer litt, og lagar av og til med krydder eller kakao eller med meir nøtter eller ja, de skjønnar. Men når eg skal laga noko som er heilt bombesikkert, så er det denne oppskrifta eg brukar. Eg tek fram den største skåla eg kan finna, også blandar eg ihop alt dette:

1 liter små havregryn
1,5 liter store havregryn
4 dl graskarfrø
4 dl solsikkefrø
4 dl cashewfrø
1,5 dl linfrø
4 dl grovhakka mandlar
2 dl honning, flytande
2 dl kokosolje, flytande
1 ts havsalt

Spre utover tre bakeplater med bakepapir, og steik på 160 grader i 25-30 minutt. Halvvegs inn i steikingen kan du røra litt rundt, så alt får ein jamn steik. La den kjøla seg ned, og ha over på tette glas eller boksar. Også kan du óg føla deg trygg, og aldri gå svolten.

Korleis laga iskaffi

Ein iskaffi kan gjerast vanskeleg eller lett, men sånn lagar eg min! Eg gjer ingen nøyaktige mål, men det viktigaste er: vanilje, brunt sukker og rett temperatur.

Eg startar med å laga kaffi. Me abonnerer på Tim Wendelboe-espresso som me lagar med ein Bialetti. Medan kaffien framleis er varm, blandar eg i litt brunt sukker og god vanilje i ein mugge. Eg brukar denne, livet er for kort for vaniljesukker. Så tømmer eg kaffien fram og tilbake mellom to mugger, for å få raskt ned temperaturen.

Så fyller eg eit glas med isbitar (ein får ikkje vera gjerrig med isbitane, da smeltar isen så fort også blir heile greia vatna ut), og fyller glaset litt meir enn halvt med mjølk, eg brukar heilmjølk frå Røros-meieriet. Så heller eg i kaffi til den er berre litt mørkare enn eg vil ha den, og har til slutt i litt meir mjølk. Et voila! Så enkelt, og sååååå godt.