28.12.21

Medan eg skriv dette sit eg ved sidan av juletreet vårt, som berre er pynta på framsida. Det er som ein perfekt metafor på denne romjula.

Det har vore møter og prosessar og CVar og ein million andre ting som ein må forholda seg til når ein driv og startar eit bakeri. Bakeriet vårt, Fredag & Fretland, opnar i mars. Endeleg skal eg ete ein god croissant eg ikkje har bakt sjølv, eller importert. Halleluja. Og tenk at bakaren vår heiter Valentin og startar 14. februar. Som om me allereie er velsigna.

Eg les som ein virvelvind denne romjula, det føles som å vera ca 2,5 cm nærmare meg sjølv inni mitt eige skal, som om eg er ei rosin som nokon har lagt i bløyt, eg strekker meg ut og tar det heile inn. I ein av bokhyllene våre har eg lagt klar ein liten haug med bøker som eg skal lese i det neste året, og før dei er gjennomlest, skal eg ikkje kjøpe fleire bøker (og sjølv medan eg skriv dette, så trur eg ikkje på det).

2021 har vore året av redaktørar, og ei bokverd som har tatt meg imot så mjukt, så kanskje det er difor. Føler meg så trygg og sett her mellom permane. Eg gler meg til å lese nye boka til Jonathan Frantzen, og litt Olga Ravn og mi første Joan Didion.

Eit mål for romjula er å blande martinis og spele backgammon, eg har aldri smakt ein martini i heile mitt liv, så det finst ein 90% sjanse for at eg hatar det. Men om ein skal vera ein dannet cocktailperson så må ein i alle fall kunna ein martini? Eller?

Torsdag skal foreldrene mine ha jentene våre på overnatting, og då skal eg vera ein tenåring, noko som dette året har blitt ein av mine beste ting i livet. Å få vera litt reckless og uforsiktig og messy, også møta dei med dei opnaste armane neste dag. Aldri føler eg meir på at eg har valgt rett i å bu så nære heime.

Follow:
Share:

6 Comments

  1. Pappa
    10:35, 29 Dec 2021 / 10:35

    Gler meg til torsdag morgon❤️😀

  2. Lisa
    21:30, 30 Dec 2021 / 21:30

    For en deilig romjulsgave dette innlegget var! ❤️

  3. Mari Frostad
    18:48, 01 Jan 2022 / 18:48

    ååååå deilig å lese ordentlig om tankene dine igjen, i lengre stykker. forstår godt at bloggen ikke blir brukt så mye, og at du lever og leverer i mange kanaler, men godt å sitte seg ned igjen, som før, og lese noe av det som foregår hos deg; i en roligere kontekst med mere tid og rom. kanskje kan det være en sjelden glede vi lesere og følgere kan nyte innimellom. godt nyttår ♥️

  4. Jorunn
    09:54, 03 Jan 2022 / 09:54

    Så godt det var å lese samanhengande tekst frå deg. Takk!

  5. Anne Marte Hvalen Grønfur
    15:36, 04 Jan 2022 / 15:36

    Åh så glad jeg ble for å finne et nytt innlegg her! 😍

    Som en cocktailperson som egentlig er en kaffeperson er espresso martini absolutt en martini å anbefale 😇🤷🏼‍♀️🍸

  6. Ingunn
    16:05, 23 Feb 2022 / 16:05

    Takk for innlegg, håper det blir noen flere av dem i 2022, de er som balsam for øyne og sjel :)

Leave a Reply to Ingunn Cancel reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *