Chung & Tucci

Ei liste på folk eg tenker ekstra på i det siste: 

 

Alexa Chung – Eg fantaserer om eit dreamy heimekontor med ein herleg pult og mykje planter, masse dagslys. Elskar dette bildet av Alexa Chung sitt skrivebord, det er så fint å sjå når folk lagar liksom oppsett for å la seg sjølv bli inspirert. Det er så sjukt viktig kvar ein jobbar!

 

Stanley Tucci – Dei siste månadane har eg vore lettare besatt av ritualet rundt ein drink. Det er noko med drinkar som føles så flott, liksom? Eg gler meg til helga kjem, ungane er lagt og Jostein og eg kan laga oss ein drink eller to i ro og mak. Fram til no har det føltes som noko så mystisk og overkomplisert, men det er jo smerteleg enkelt. I neste magasin blir det drinkar, tenker eg. I romjula og no på nyåret har eg laga denne vrien av ein cosmopolitan frå Stanley Tucci sin instagram. Anbefalar!

RuPaul – Det er nye sesongar av Drag Race, thank god! Min favoritt frå den nye sesongen er Gottmik og Denali.

Elsa MajimboInstagram queen. Så harmlaust morsomt. Eg ler alltid med Elsa.

Nicola Coughlan – Først i Derry Girls og no i Bridgerton, eg er heilt besatt av ho. Ho føles som noko heilt NYTT, ei 2021-kvinne.

Follow:
Share:

3 Comments

  1. Inger
    12:46, 21 Jan 2021 / 12:46

    Hurra! Dette var en gøy liste. Ble veldig lost i instagramen til Nicola Coughlan. Takk! :D

  2. AnneMa
    14:45, 22 Jan 2021 / 14:45

    Det er så sant, at ein kan få lyst til å skrive og tenkje skikkeleg lure tankar på ein fin skriveplass! Eg har nettopp saga eit eikebord i to, pussa og olja og fått eit herleg sy-/skrivebord som passar akkurat der det står. Arbeidet kan berre bli liggjande til neste gong, for der er ingen ungar nett der, som vil tukle det til. Ah, det er lykke!
    Takk for inspirerande glimt du deler. God helg!

  3. Elsa
    09:42, 08 Mar 2021 / 09:42

    Saknar deg her inne😍

Leave a Reply to Inger Cancel reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *