Ut med det gamle

Hei, 2021

I 2020 har eg tatt ungane mine gjennom ein pandemi også si første store sorg (då gardshunden døydde brått i desember), lært meg å baka utrulege brød med surdeig, vore sjef for fleire og fleire personar, følt meg så overvelda at det til tider føltes som om brystkassa skulle implodera, kjøpt ordentlig undertøy, krangla med Jostein sikkert meir enn noko anna år, kyssa Jostein sikkert meir enn noko anna år sidan me var 15, feira fem år som gift, fylt 30 og byrja i terapi for første gong som vaksen.

Eg har latt meg sjølv vera når eg har behøvd det, skjønt kor intenst behov eg har for åleinetid og prøvd å respektera det, prata meg gjennom det vanskelege saman med folk eg er glad i, satt grenser (og sørga i dei tilfella grensene mine vart trampa over likevel), følt meg nærmare vennene mine enn på fleire år, vore mor.

I 2021 har eg tenkt å:

  • fullføra to bokprosjekt
  • lesa like mykje som i fjor, og ikkje pressa meg sjølv inn i demotivasjon som eg har gjort dei siste ti åra
  • starta ei ny bedrift som me har planlagt i tre år no
  • piska Fredag til eit høgare nivå og skapa omsetning til ein ny person i teamet
  • eksfoliera meir
  • laga meir ny mat og vera kreativ på kjøkkenet, generelt bruka kreativiteten meir i situasjonar som er kvardagslige.
  • Connecta med alle fine brudepar og føla at eg kjenner dei litt før eg kjem for å fotografere
  • halda fram med pizzaritualet på fredagskveldane, og generelt holda hardt i rituale. Dei fekk oss gjennom harde tider i 2020.
  • ramma inn dei vakre tinga me eig som ikkje får henga på veggen
  • mala gangen og gjera det til eit koseleg rom
  • byrje for alvor å planlegga vårt nye hus
  • reisa ein eller annan plass med vaksina i kroppen, og ikkje ta noko for gitt

Let’s do this thing🐝

Follow:
Share:

7 Comments

  1. Mari Frostad
    12:19, 02 Jan 2021 / 12:19

    nyttårsforsett – prøve å la være å automatisk kikke herinne her syv ganger for dagen når jeg gjerne vil bli rørt i hjerteroten. ikke alltid effektivt i elsamensperioder ;)

  2. Astrid
    13:08, 03 Jan 2021 / 13:08

    Riktig godt nytt år! Hyggelig å lese en oppdatering her igjen :-)

  3. Stella
    10:24, 04 Jan 2021 / 10:24

    Godt nyttår til deg og familien din! Så UTROLIG koselig å lese et innlegg fra deg. Spennende prosjekter du har på gang! Masse lykke til!

  4. Kath.
    16:28, 04 Jan 2021 / 16:28

    Godt nyttår, Mariell! Så hyggelig å se et nytt innlegg her inne. Håper du vil dele litt av planene med oss. Spennende med bokprosjekter og ny bedrift ✨

  5. 18:15, 07 Jan 2021 / 18:15

    Så fint med et nytt innlegg fra deg! <3 Fredagskveld med pizza er det beste, det har jeg vokst opp med og tatt med meg videre gjennom alle nye faser av livet. Superfint og viktig med sånne ritualer/tradisjoner. Og hurra, det er jo fredag i morgen!

  6. Kristin
    20:07, 08 Jan 2021 / 20:07

    Støtter opp om at det er herlig med innlegg :) og takk for inspirerende liste! Likte særlig punktet om å bruke kreativiteten i hverdagssituasjoner, det var fint. Hos oss har vi ofte pizza på lørdager forresten – til vanlig middagstid riktignok, ungene er litt små for sein mat og for vanskelige å legge til at vi voksne har ork etterpå …

  7. 12:50, 13 Jan 2021 / 12:50

    Pizzarituale på fredager…. jeg noterer! Er helt enig med deg, det er rutiner og ritualer som holder folk sinnsfriske i disse dager, så jeg vil også ha mer av det nå. 😊

Leave a Reply to Kath. Cancel reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *