The Duchess

Det er september.

I går kveld sovna ungane klokka halv seks. Me hadde ete middag hjå foreldrene mine, og skulle køyra heim, Edda slukna som eit lys før me kom ut på vegen eingong, og etter ei stund høyrte eg ei lita stemme baki som sa “går det greit å sove litt i bilen?”

Me bar inn ein unge kvar, la dei i sengene og tenkte at dette går aldri bra, men me får gjere det beste ut av det. Såg ein trailer for Ratched, den nye serien med Sarah Paulson, neeeei det blir too much. Så kom Katherine Ryan sitt fjes opp, som eg elskar såååå mykje. Ho er canadisk, men har budd så lenge i England at ho praktisk talt er britisk (og har fått britisk tonefall, noko eg syns er spesielt sjarmerande). Ein britisk råskap som blir ekstra morsom fordi ho ikkje er britisk.

The Duchess er ein serie som ho sjølv har skrive, basert laust på hennar eige liv. Me såg ein episode, så ein til, så ein til, så ein til, så ein til, så ein til. Ein heil sesong, medan ungane sov oppe, verdens luksus. Og sånn reint utanom at de må sjå denne serien, den er så morsom og fantastisk (og eg grein store store tårer av scena i frisørsalongen), så er eg no heilt besatt av hårpynten som Katherine Ryan har. Dei er laga av Victoria Percival, og spelar hardt inn i min barndomsfantasi om å sjå ut som ei havfrue.

Sjølvsagt kostar dei $$$$$$$, så eg har no brukt ein time, og $$, på å kjøpa perler på internett og skal no bli den nye Victoria Percival, i mitt eige hus då. Sjå kor vakre:

Follow:
Share:

6 Comments

  1. Lisa
    21:45, 21 Sep 2020 / 21:45

    Vår sovnet også klokken halv seks i bilen forrige uke, ante ikke hva i all verden vi skulle gjøre med all tiden! Ble noen (mange) episoder modern family her :) begynte på the duchess nå i kveld, gleder meg allerede til i morgen kveld!

  2. Tale
    22:44, 22 Sep 2020 / 22:44

    Jeg har også sett hele Duchess! 😄 Så masse quirk og gøy. Kjempefin hodepynt! ☺️

  3. Tone
    23:51, 22 Sep 2020 / 23:51

    Takk for tips! Begynte å sjå på den i dag – liker den godt! Har du sett The Letdown på Nettflix? Er fra Australia.. , men synest den var bra morsom :)

    • J.
      00:37, 23 Sep 2020 / 00:37

      Workin moms fra canada er også litt i samme sjanger om du likte den. Også på netflix.

  4. 09:09, 25 Sep 2020 / 09:09

    Denne har jeg ikke hørt om. Skal sjekke den ut, takk for tips :)

  5. Ane
    12:09, 27 Sep 2020 / 12:09

    Mariell is back!! Her, da, og det var knæsj. Eg er hundepassar og leikar vaksen med hus, hund og tilgang på bil i eit litt flott og etablert nabolag utanfor Oslo i helga. Eigentleg skulle det bety at eg gjekk tur i marka og var frisk i kinna i ruskeveret. Men eg fann Apple-Tv og eit mjukt pledd….og det var roa eg skulle ha. Bikkja er semi-hæppy med barnevakta, trur eg, men det får gå. Next up; The Duchess, kanskje?

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *