Intensjonar, veke 24

Akkurat no sit eg i sofaen, under dyna, med Edda. Det er typisk måndagsstemning med ingen brød i huset, men derimot brød i omnen og Frost på skjermen. Eg tenkte eg ville starta veka med litt intensjonar, det føles bra no som det står så mykje på programmet!

Helga som var, var ei heilt ny ei. Foreldrene mine hadde jentene frå fredag til søndag, Jostein og eg reiste på hotell og lot humla suse, eg kunne kjenna lunta mi bli lenger og lenger (fredag før ungane reiste var eg så svolten på søvn at eg ville gråta av alt og ingenting). Og natt til søndag var me på FEST. Må skriva det i store bokstavar, for me er ikkje festfolk lenger men det var heilt fantastisk. Me rangla heimover igjen, langs elva, klokka halv fire. Redde opp ekstra senger til gjestene våre og hadde sein lang frukost dagen derpå. Det føltes heilt fantastisk.

Denne veka blir Edda 2 år! Det er så sprøtt, eg blir så emosjonell av det fordi ho og eg har ei så himla lang historie saman. Frå panikk til rein glede.

Og denne veka startar me forhåndssalget på sommarmagasin. Det er alltid litt spennande og nervepirrande, mest fordi det er ein sånn indikasjon på kor mykje folk likte det forrige? Så om folk ikkje likte Vår, så blir det ikkje så mykje Sommar. GULP.

Og berre eit ps: når de ser slike lister på internett, av folk sine planar for månaden eller året eller sommaren eller veka, vit at det aldri er ei komplett liste. Både så skjer det tusen ting som ikkje står på lista som er for kjedelige, triste, kvardagslige til å skriva om. Og oftast skjer det maaaks 75% av det som faktisk står.

Denne veka vil eg

BAKA
noko med rabarbra! Det har me ikkje gjort enda, men kva skal det vera?

bursdagskake til Edda. Ho er heilt klart ein sjokoladeperson.

SJÅ
Queer Eye og Little Women, og ei sinnsjuk mengde Peppa Gris

SKRIVA
eit bursdagsbrev til Edda.

på ei eller fleire bøker, hvis tiden er der.

KJØPA
ein ny gua sha-stein, etter at min knakk (sååååå surt).

LAGA
eit halvt magasin, mest sannsynlig!

LESA
My wild and sleepless nights, også håpar eg det kjem litt bøker i postkassa denne veka etter forrige veke då eg bestilte ein heil haug bøker om kvit skjørheit.

BLOGGA OM
utstyr til surdeigsbaking, eller kva trur de om det? Og kanskje bilder frå mobilen min som eg ikkje har delt før?

ETA
fredagspizza

bursdagskake

surdeigsbrød

og fisketacos!!

 

GJERA
ha lunsjklubb på butikken

pakka inn Edda sine gåver (sa nokon svanekostyme?)

DRIKKA
iskaffe med Kaitlynn.

ein spritz i varmen.

PLANLEGGA
sommar i butikken og sommar i familien. Kva skal de i sommar?

MEIR ENN FORRIGE VEKE
søvn og kyssing.

MINDRE ENN FORRIGE VEKE
høge skuldre og rot.

Follow:
Share:

6 Comments

  1. Mari Frostad
    09:08, 08 Jun 2020 / 09:08

    Tenk at du kan se tilbake på alle disse bruddstykkene og se hvor mange hverdagsminner som bevares fordi du har skrevet hele tenåring- og voksenlivet. De beskriver kanskje 75% av det som egentlig skjer, på godt og vondt, men så kan du om mange år se tilbake og få en ledetråd til å huske hva som foregikk i hjertet og hodet og i hendene akkurat på den tiden. Tenker du mye på andre personlige fordeler med å skrive blogg, ut over de profesjonelle fordelene, levebrødet?

  2. Ragnhild
    09:57, 08 Jun 2020 / 09:57

    Rabarbra <3 Look no further enn Smitten Kitchen! Om det er skikkelig sommervær og det du vil ha er en kakebit å ete fra en serviett på piknikteppet eller i hengekøya, er denne aldeles nydelig: https://smittenkitchen.com/2012/05/rhubarb-snacking-cake/
    Om det derimot blåser og regner og det en vil ha er ei rabarbrakake som som passer perfekt med en kopp te mens du drømmer om bedre vær, så er denne fantastisk (og bonus, opp-ned kaker er gøy): https://smittenkitchen.com/2017/05/rhubarb-upside-down-spice-cake/

  3. Marte
    23:35, 08 Jun 2020 / 23:35

    SE: Normal people!!!

  4. Karin
    09:05, 14 Jun 2020 / 09:05

    Blogger har beveget seg til å bli magasinaktige, men dette er så fint. Livet, tanker, detaljer. 🌿

  5. Ulrikke
    08:38, 20 Jun 2020 / 08:38

    Har tenkt å bake noe med rabarbra denne helgen! Vil prøve å kombinere en smuldrepai jeg fant på NRK med en på Matprat pga den første ser fantastisk ut men orker ikke lage paideig…

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *