
Me feira 17.mai i unntakstilstand, men på heilt vanlig vis; heime på garden. Me gjekk i tog, veiva med flagg, sang. Åt tusen is, åt ei kake, åt ei steik. Me avslutta dagen hjå Kaitlynn og Eivind, første gongen me har vore i nokon andre sitt hus sidan byrjinga på mars, det føltes viktig og fint og litt ulovlig som typ all kontakt gjer no.
Eg kjempa med mine mange kjensler, som eg alltid gjer på sånne dagar. Det er som om eg ikkje klarar å rekalibrere meg fort nok for ei sånn akutt høgtid, eg blir forvirra og emosjonell og kjenner for mykje etter. Men me la oss som me alltid gjer, slitne etter dagen og bablande på senga om kor fantastiske ungar me har og herregud kven andre har så fine ungar som oss?
God helg, alle saman♥










helt enig, dere har noen aldeles skjønne unger!
Så fine, nasjonalromantiske bilder. Ingenting slår å være på landsbygda på 17-mai, det er der pulsen til landet slår sterkest <3
Fytti så fint 😍