Fredag

Hei, fredag! Du kom ikkje ein dag for tidlig

Det er helg! Og herregud kor godt det skal bli, det føles som verdens lengste veke. Me har to barnehageborn og to nistepakkar no, det føles som eit nytt liv. Men eg har nesten ikkje gjort noko anna enn innkøyring denne veka, for hjerna mi har vore som ein graut som eit resultat av alle KJENSLENE. Mine kjensler, ungane sine kjensler. Dei kjenslene ein berre føler når ein har fått sove tre og ein halv time den natta.

Men når ein står opp klokka fem, får ein jo gjort litt! Eg hadde to surdeigsbrød på heving som eg kunne steika og føla meg som ein ordentlig bakar. Eg elskar denne bakingen, den gir meg så mykje ro og glede (og brød!).

Me har vore på kontoret kvar dag denne veka, og det er så rart. Denne visjonen som me hadde då me starta butikken, at me skulle kunna ha kontor i andre etasje og jobba og ha butikken i drift nede. No er me endelig her, etter ein omveg med ei Edda som me ikkje hadde forutsett, og sit og jobbar her kvar dag med våre noise cancelling headphones så me ikkje høyrer kvarandre. Og nede driv Johanne og pakkar bestillingar og gjer heile den jobben som det er å driva butikken. Magisk. Føles som første veka i skuleåret, skikkelig rein og god kjensle. Altså, me har mjølk i kjøleskapet her no og den kjem ikkje til å gå ut på dato før me får brukt den opp.

I dag hadde me til og med lunsjklubb med Guro her! Me satte rekord i lengste lunsj, men what the heckkkk. Når ein finn folk som ein kan prata med så må ein holda hardt i dei. Og i kveld blir det pizza også er det helg, og det skal bli HIMMELSK.

Kva skal de gjera i helga, fine folk?

Follow:
Share:

11 Comments

  1. 15:13, 08 May 2020 / 15:13

    Såå kjekt og spennande med kontor! Har digga bloggstreaken du har no, så kjekt å få lese. Så takk for det! Og god helg! 🌞

  2. Tora
    15:26, 08 May 2020 / 15:26

    Trappa på butikken er så fin! Og eg elskar elskar elskar bloggen din. Håper det går bra med både ungar og foreldre i barnehageinnkøyringa.

  3. 15:44, 08 May 2020 / 15:44

    Så fint brød du har bakt!

  4. Amanda
    15:46, 08 May 2020 / 15:46

    Trur helga blir å få gjera alt eg har oversitt med heimekontor. Det inkluderer å ta kassar på loftet, rydde ferdig gjesterommet (har stått som eit lager sidan me flytta inn før fleire år sidan, nå ser me golvet!), fikse langskapet (slik at me ikkje har mus som et opp alt) og då få på plass alt som bur i langskapet som står stabla rundt omkring! Toppe med å laga sukkerfri ostekake og vaske handlenett som kan ligga klar i bilen når eg begynn på jobb neste veke ✌😊 God Helg!

  5. BeraBear
    17:25, 08 May 2020 / 17:25

    Ahhh enig, fredagen kom ikke et sekund for tidlig. I helga: Rydde bod. Sameiet har bestilt container, så skal benytte oss av muligheten. Ellers så åpner jo skolene i morgen, så det blir tilbake på (fysisk) jobb til uka. Det blir fint. Og rart. Føler jeg har glemt hvordan jeg underviser i et vanlig klasserom haaha.

    PS: Liljer på stuebordet her. Viktig detalj. De er såå fine.

    God helg, da <3

  6. Tale
    08:23, 09 May 2020 / 08:23

    Løpe litt på tredemølla er hittil eneste plan 😀
    God helg 🎶

  7. Sandra
    09:45, 09 May 2020 / 09:45

    Altså, så kjekt å lese og å følgje med deg og den fine familien din.Du inspirerer meg så mykje om dagen, og det er så mange fine historier inne på bloggen din eg ikkje har fått med meg før. Eg er ein ganske ny lesar, men eg kjenner meg så godt igjen i det du skriv om å flytte til ein liten stad frå noko større, og å skape sitt eige liv i eit lite samfunn. Eg var òg fire år i London, og nokre år i hovudstaden, før me flytta til Vestlandet med ein ettåring, for ti år sida. Uansett, ville berre sei takk for at du inspirerer, no fekk eg lyst til å prøve meg på brødbaking!

  8. Thea
    11:02, 09 May 2020 / 11:02

    Jeg elsker blogstreaken! Elsker bildene (og bildeformatene dine – så deilig at alt på en blogg ikke er mobilselfier på høykant)!
    Jentene dine er så flotte! Merker du stort forskjell i personlighet etterhvert som de blir litt eldre?
    I helga blir det eksamenslesing, men av den litt rolige sorten med tekopp og mye titting ut vinduet. Og nye blomster på det om nå er spisebordet/kjøkkenbordet/skrivebordet.

  9. tonemor
    18:08, 09 May 2020 / 18:08

    Få besøk
    Hente brukte hagestoler
    og en porselensvask vi fant på Finn
    Gi tomatene mer jord
    og annet hagearbeid
    Går tur med venninne
    Strikke på en genser
    Lage pizza
    Sette meg inn i hva jeg gjør videre med surdeigen som har stått i kjøleskapet i fem dager
    Hvile
    Skrive bokliste
    Sette opp neste uke i bulletjournalen
    Bare være

  10. Lone
    18:01, 10 May 2020 / 18:01

    Det surdeigsbrødet ser jo bare helt fantastisk ut! Oppskrift? 😀

  11. Emilie
    21:45, 10 May 2020 / 21:45

    Ahhh denne helgen var så lang og kort på samme tid. Sånn blir det vel når man er hjemme mesteparten av tiden. Jeg skal tilbake til kontoret denne uken, så jeg håper jeg får litt samme opplevelse som deg. Det hørtes nydelig ut med en lang lunsj. Det må man jo kunne unne seg!

    Enig med de over her, det er så deilig med denne bloggstreaken <3

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *