April

Kva var du, april? Du forsvant, både som seig sirup og som kveldsflyet som glir så lett over himmelen. Tung, lett, tung, lett.

Eg lærte å baka surdeigsbrød, frå å vera ei som hadde gitt opp gong på gong vart eg ei som klarte det. Ei som bakar. Og eg baka bagels og croissantar, og me hadde pizza kvar fredag som no har blitt ei greie. Eg har lengta mot ei sånn greie sidan eg vart mamma.

Eg fekk fylla 30 år, og eit berg av kjensler kom over meg då mamma og pappa reiste heim til Årdal etter grilling og kake. Som mamma sjølv no så forstår eg kor knusande det må vera å ikkje få klemma på dotter si på bursdagen sin, det er så feil, det føles så feil.

Eit magasin gjekk frå å vera ei fil på datamaskina mi, og vart til eit faktisk magasin ein kunne holda i hendene og senda med posten. Me brukte dagesvis på å skriva på hundrevis av konvoluttar og stappa magasin nedi. I magasinet skriv eg blant anna om korleis ein lagar sine eigne notatbøker, og eg laga ei til Jostein og ei til Saga. Umiddelbart etter trykkeriet hadde overtatt filene, byrja eg på eit dokument som heiter «sommarmagasin» og der finst det ein eksposjon av idéar allereie.

Me planta frø, potta om, hadde jord under neglene og det lukta sol i nakkane og krøllene til jentene. Vår eigen potetåker vart til, Edda hjalp Jostein å putta settepotetene i jorda og etterpå hadde ho poteter i lommene.

Jostein og eg reiste til Tjøme for å fotografera det som vart mitt einaste vårbryllaup i år, Rebecca og Frode gifta seg i ei nesten kyrkje som var nesten tom på folk men full av kjensler. Og me fekk sjå Tiger King og sova uforstyrra ei heil natt på hotell.

April 2020 var månaden Saga lærte seg å skriva. Har aldri vore så forvirra/stolt av noko i heile mitt liv. Å få observera ho på den utrulege kreativitetseksplosjonen ho er i akkurat no er ei gåve kvar dag, og eg bryr meg nesten ikkje om kor utruleg cheesy det høyrest ut.

Verdens beste sjokolade frå Caro kom til butikken, og i eit magasinkaos tok eg bilder til nettbutikken, eg hugsar at det var fredag og sol og reint i huset.

 

Follow:
Share:

20 Comments

  1. Hanna
    11:56, 03 May 2020 / 11:56

    Så fin oppsummering. :)

  2. Jennifer
    12:17, 03 May 2020 / 12:17

    That post was so lovely it brought a tear to my eye

  3. Maiken
    18:44, 03 May 2020 / 18:44

    💖

  4. Elizabeth
    21:00, 03 May 2020 / 21:00

    Du skriv så fint og med slik ei kjærleik eg blir varm i hjertet!

  5. Mar
    21:33, 03 May 2020 / 21:33

    Så fint skrive! Kan du dele korleis du lager croissanter? Den såg kjempegod ut :)

  6. Kariann
    21:56, 03 May 2020 / 21:56

    Eg lurer så utruleg på korleis det blir etter alt dette eg ferdig. Kjem me til å sette meir pris på dei små tinga, som klemmar for eksempel. Me mennesker gløymer fort. Men på ei anna side er eg sikker på at dette vil eg aldri gløyme. Det har satt for djupe spor!

    Du har vert utruleg effektiv i denne perioden! Eg blir bare litt misunnelig (eller kanskje veldig 😂)
    Lagde du croissantane med surdeigen? Har du noken tips/bra oppskrift på surdeigs-croissanter?

    • Mariell
      Author
      11:45, 04 May 2020 / 11:45

      Eg trur me kjem til å bli meir takksame for folk rundt oss, folk me kan ta og røra på, folk.

      På éin måte har eg det og på ein annan måte har hjerna mi vore graut. Eg laga ikkje croissantane med surdeig, eg er i kun saltmat med surdeig-leiren, og likar ikkje surdeigskanelbollar og surdeigsvafler og sånt.

  7. Gunnhild
    22:16, 03 May 2020 / 22:16

    Nydelig som alltid. Fyller alltid opp boknotatet mitt med bøker du tipser om. :)

  8. Janicke
    22:35, 03 May 2020 / 22:35

    Jeg har fulgt deg i mange år og jeg absolutt elsker måten du formidler på. Blir rørt av ordene hver gang; nynorsken, klangen i ordene, beskrivelsene av følelser og opplevelser.
    Takk 😊

  9. Ingvild
    22:41, 03 May 2020 / 22:41

    ❤️❤️❤️❤️❤️

  10. Ingrid
    22:50, 03 May 2020 / 22:50

    Du har inspirert meg til å starte med surdeig, men som dessverre har gått i vasken to ganger. Nå fikk jeg litt ny motivasjon til å prøve igjen 🥰 Og bildene dine er jeg stoor fan av!! 💕

    • Mariell
      Author
      11:45, 04 May 2020 / 11:45

      KØYR PÅ!!! Og hugs at det skal SÅÅÅ mykje til å ta livet av ein surdeig, sjølv om det luktar sprit er det håp! :)

  11. Hilde
    23:00, 03 May 2020 / 23:00

    For en fin familie! Fint å lese om småbarnsliv som inneholder litt egentid og egeninteresser òg – blir så inspirert av det, til å få inn litt av mitt eget inni alt pass og stell av barna og en lærerjobb.

    Var forresten så ekstra fint å lese Josteins lesetips for noen innlegg siden. Blir så glad av å vite at det finnes sånne som ham, som er opptatt av det som er gammelt og av språk.

  12. Elisabeth
    10:31, 04 May 2020 / 10:31

    Favorittbloggen! ❤️

  13. Eiril
    11:43, 04 May 2020 / 11:43

    vil at du skal vite at du sprer så mye lys og fred og glede her inne på internett med denne vesel plassen din.
    selv om jeg er dårlig til å kommentere, og jeg tror det er mange av oss; vi sitter her, rundtomkring telefonskjermer og dataskjermer i det ganske land – og leser tankene dine, og ser på hvilke øyeblikk du ville fryse. er ikke det fint å tenke på? det synes jeg.

    • Mariell
      Author
      11:47, 04 May 2020 / 11:47

      Det er ein av mine finaste tankar nokonsinne. Spesielt med magasinet, då blir det så utrulig taktilt sidan eg har pakka nesten 100% sjølv. At alle magasina eg har stappa i konvoluttar kjem heim til nokon som bryr seg om meg og det eg driv med. Ein svimlande tanke.

      • eiril
        12:24, 04 May 2020 / 12:24

        det er nydelig når mange små mennesketanker liksom smelter knøttlitt sammen! takk for vidunderligheter.

  14. Helene
    12:26, 04 May 2020 / 12:26

    Du inspirerer meg så mye og jeg blir alltid så varm i magen av innleggene dine! Det er så lett å glemme de små, fine gledene i livet i et travelt småbarnsliv – takk for at du minner meg på de!

  15. Amanda
    13:27, 04 May 2020 / 13:27

    Du inspirerar! Eg blir så glad når eg trykkjer meg inn her, litt som eg har blitt de siste 10 (?) åra, må innrømma at eg ikkje har holdt heilt følge. Frå England til bygda! Eg har mange pakkar frø som ligg klar, brukte alt for mykje pengar på hageland for nokre vekar sidan (kommentaren frå mammo i nabohuset: Er du ikkje litt redd for at dei frys i hjel, neida!) deriblant frø. Eg har enda ikkje funnet rosa salat? Har du lukkast med det?

    Gode bursdagsynskje på etterskot!

  16. Martine
    15:51, 04 May 2020 / 15:51

    Yey, sommermagasin! 👏👏

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *