Barnehagejenta


På måndag byrjar Edda i barnehagen. Det vart bestemt litt brått no, ho skulle egentlig ha starta første april, og då eg sa til ho “du skal i barnehagen på måndag” såg ho på meg og sa “HÆ?”. Ho er sånn ein eigen energi, denne vesle store jenta, ho syng kråkevisa og Hakkebakkeskogen og kan namna på alle i Kardemomme By. Ho seier kakakao istadenfor kakao, og er Saga sin minste bestevenn. Ho tar alle utfordringar på strak arm og med stor livsglede, og er den beste overraskinga eg nokon gong kunne ha ønskt meg.

Og ho er klar for barnehagen no. Men er eg? Det er jo det som er det store spørsmålet.

Follow:
Share:

2 Comments

  1. Elise
    19:50, 02 May 2020 / 19:50

    Har også ei lita ei som skulle begynt i barnehagen 1. April, men så ble det utsatt til 1. juni. Det går helt fint det også! Men tror vesla er klar for barnehagen … :-)

  2. Mari
    15:13, 04 May 2020 / 15:13

    For en herlig beskrivelse av ei herlig jente!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *