Fem fredagsfavorittar, og mine favorittar frå Fredag


Inneheld reklame for eiga bedrift, heifredag.no

Det er fredag, det er første mai, me lagar pizza i dette nu og i dag har eg hatt min første portrettfotografering sidan midten av mars, og det var så utruleg fint men gjorde meg heilt utslitt. Det er slitsomt at ting føles annleis, at ein har mista litt sikkerheit i korleis ein skal oppføra seg. Men det var koseleg, og bildene er fine. No tenkte eg at eg ville dela litt favorittar med dykk! Min største favoritt akkurat no er å få så mange meldingar kvar einaste dag, frå folk som har kjøpt vårmagasinet og vil dela bilder og dela sine favorittbitar og generelt berre dela. Dette bildet gav meg SÅNN glede, det har Stina tatt, ho som har skrive NYC-guiden som er i magasinet. Me laga eit andre opplag, så det er framleis magasin å få kjøpt, her!


Isla Simpson på instagram får meg til å føla meg litt lettare til sinns av kor vakkert og britisk alt er. Ho er min favoritt akkurat no!


Kiki’s Delivery Service, den er ungane heilt besatt av. Det gjekk frå Totoro til denne, og både Edda (straks 2 år) og Saga (straks 4 år) elskar den.

Gua Sha-massasje. Eg har begynt å massere fjeset mitt med ein sånn stein, eg følger ein instruksjon på Emma Martiny sin IGTV, og det føles heilt fantastisk å bruka ei sånn mengde tid på meg sjølv om morgonen. Ikkje kvar morgon, men ofte nok til at eg merkar det. Eg held veldig mykje spenning i kjeven, og denne hjelper meg med det! Og den skal óg hjelpa med sirkulasjon og den slags, såklart. Min er herifrå, og er litt meir taggete enn denne på bildet.

 

Emma. Me såg denne ein søndagskveld, og med éin gong den var ferdig ville eg sjå den igjen. Så full av fantastisk british humor og små detaljar, ein estetisk eksplosjon og fantastiske skodespelarar.


Ocelot Chocolate Library. Eg har bestilt meg eit sjokoladebibliotek frå Ocelot, er ikkje det det beste du har høyrt? Då me budde i London brukte eg å kjøpa Ocelot på Selfridges, så det blir eit fint gjensyn.

 

Også tenkte eg å tipse dykk om denne kategorien på Fredag som er mine favorittar! Komsi komsi og sjå på dei, der er det bra greier. Og framsida av butikken kan du finna her.

Follow:
Share:

3 Comments

  1. 10:19, 02 May 2020 / 10:19

    Y gikk også fra Totoro til Kiki, og så Ponyo ❤️ Kanskje S og E vil like den også 😊

    • Mariell
      Author
      12:16, 02 May 2020 / 12:16

      Me har faktisk planar om å sjå Ponyo i kveld!!! Så morsomt. Det gler me oss til! :)

  2. Maiken
    20:10, 07 Jul 2020 / 20:10

    Er stort sett skeptisk til slikt, men spenningar i kjeven kjenner eg meg igjen i. Trur eg må bestilla ein slik dings!

Leave a Reply to Mariell Cancel reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *