Kva les me? Bøkene me har lese i år.

Bøker! Bøker! 2020 har vore eit så godt bokår her i heimen, og me les heile tida. Så no har eg skvisa ut desse titlane til dykk frå heile familien, dette er bøker me har lese, les og skal lesa.

Mariell

Har nett lese

Women & Power av Mary Beard
Eg har lese denne før, men eg les den igjen og syns at alle bør lese den. Så tilgjengeleg klokskap er det ikkje så ofte ein ser.

Eg snakkar om det heile tida av Camara Lundestad Joof
Åh, denne boka skal alle lesa. Ho skriv så sinnsjukt godt om å vera brun nordmann, og det er ømt og vondt og av og til vart eg rasande medan eg las. Så sinnsjukt godt skrive og veva saman, sjølv om det er ei flis av ei bok.

Ser du dette? av Sigrid Agnethe Hansen
Ungdomsroman av Sigrid (som nokre av dykk sikkert hugsar frå mine Oslo-dagar!) som kom ut på Samlaget no i vår. Den minna meg så sjukt om korleis det var å vera akkurat femten år og tru at ein visste bedre enn alle vaksne. Kjensla av at eit feilgrep kjem til å øydelegga heile livet, og å for all del unngå å bli «ho som *fyll inn pinlig sak*». Men óg om vennskap i ungdommen og kor rar (på den beste måten) og sterk den kan vera. Eg sendte den vidare til mi fjorten år gamle niese sporenstreks etter eg hadde lest den ferdig.

Normal People av Sally Rooney
Ein heilt utruleg samtidsroman, om Marianne og Connell som er så tett samanknytt gjennom heile livet. Dei sklir ifrå kvarandre og tilbake igjen, gang på gang, gjennom ungdomstid og college, og den kunne ha fortsatt i fem år til og det ville likevel ikkje vore nok for meg. Den var meget bra.

Things I Don’t Want to Know av Deborah Levy
Den første boka i hennar serie av «living autobiographies», den er så vanvittig fin den serien. Eg hadde ikkje lese noko skjønnlitterært av ho før eg las desse to, og dei tok meg med eit sånt grep. Så vanvittig dyktig ho er til å fletta saman livet sitt frå barndom til vaksenlivet, eg føler at det er mange mange timar med terapi som går med til å sjå slike linjer av livet sitt. Den gjorde meg óg så inspirert til å skriva sjølv.

Hardanger av Marit Eikemo
Den første novellesamlinga eg har lese på nokre år, og eg likte den så godt. Dei var ikkje for lange, akkurat passe lette og den hadde ei sånn kjensle av vestlandet for meg. Likar så godt å lesa novellesamlingar som er laga rundt eit konsept, som Bikubesong (min evige novellesamlingsfavoritt) der alle foregår i same bygning.

Nora eller Brinn Oslo Brinn av Johanna Frid
Skal eg væra heilt ærlig var det verkeleg ikkje plotet som holdt meg gåande i å lese denne boka (for det vart så platt for meg, eg har ingen tålmodighet til å lesa om unge folk som er sjalu på eksane til kvarandre og som er sure og kranglar.. next!), men eg naut å lesa setningane hennar, det var som å lesa ein dans på eit vis, og eg likte det. Eg likte óg veldig godt kulturskilnadane mellom svenskar, danskar og nordmenn veldig godt, det var så på kornet liksom. Dette er kanskje ei upopulær meining, eg veit det er mange som har lest denne og sikkert har berre gode ting å sei, meeen ja. Midt på treet for meg.

Calypso av David Sedaris
Heilt fantastisk! ÅH! Eg elskar David Sedaris og har lest mange av bøkene hans, men i denne er han så ærleg. Det er mange punkt der gråten sit i halsen, men han er jo alltid så sinnsjukt morsom likevel. Les den!

Les akkurat no

The Upside of Being Down av Jen Gotch
Ein memoir om psykisk helse, samtidig som den skildrar ei reise mot suksess i businessverda, ned til minste ærlige detalj. Ho skriv ope om alle feil ho har gjort, om skilsmissa si, om reisa mot ein diagnose og medisinering. Den er tung i stoff, men lett å lesa, og eg les den med hennar eiga stemme (som de kan finna på instagrammen hennar her). Den gir meg håp om at det går an å driva fine bedrifter som gir folk glede, utan å vera ein perfekt bedriftseigar.

Big Magic av Elizabeth Gilbert
Eit kreativitetsmanifest som inspirerer meg noko vanvittig akkurat no. Av uklare grunnar tek det meg så himla lang tid å komma meg gjennom denne, men den er jo fantastisk. Og eg er så open for konsepta som ho presenterer i den, det er ingenting som høyrest dumt ut når det er Elizabeth Gilbert som seier det.

Hot Milk av Deborah Levy
Eg klarar ikkje å lesa romanar akkurat no, desse sju vekene har liksom laga ein propp i hjernen. Men når eg les roman, er det denne. Elskar Deborah Levy, ho er min nye forfattarkjærleik.

Skal lesa etter dei

Conversations with Friends av Sally Rooney
Adults av Emma Jane Unsworth
Ingenmannsland: nye nynorske noveller, frå Samlaget
Maybe you should talk to someone av Lori Gottlieb

Jostein

Har nett lese

Buggeland, Hole og Hosar – Rosemåling på Lesja
Historia om folkekunsten på Lesja fascinerer meg storleg, og medan eg var klar over Klukstad-tradisjonen for treskjering, visste eg langt mindre om dei mange rosemålarane som var aktive frå barokken og heilt fram mot vår tid. Eit fint, lite stykke folkekunsthistorie, som no er godt dokumentert og fortalt for ettertidi.

 

Nicole Krauss – Forest Dark
Heilt sidan Mariell tvinga meg til å lesa History of Love for hundre år sidan («Prøv å les berre ei bok som er skriven i dette århundret, Jostein»), har eg vore obsessed med Nicole Krauss. Ho og Safran Foer var det ultimate litterære paret – no har eg lese båe dei semi-sjølvbiografiske skilsmissebøkene deira, og sanneleg likar eg dei framleis, kvar for seg.

Nicole Krauss tør å verkeleg dukke ned i kva det betyr å vera del av ein kultur, og tema frå jødisk historie og tenking er støtt sentralt i bøkene hennar. Eg blir aldri, aldri lei.

 

Julius Cæsar – Bellum Gallicum / Gallic Wars
Som livslang Asterix-lesar har eg støtt visst at eg burde ha lese Gallarkrigane, for å kunne ta alle referansane. Då eg var liten, var jo Vercingetorix liksom sjølve symbolet på den tragiske opprørarhelten, og stadnamn som Gergovia og Alesia (»ALESIA! KVA ALESIA!? EG HAR ALDRI HØYRT OM NOKO ALESIA!!!») levde som abstrakte storleikar i mitt vesle sinn.

Eg kjøpte den vakre Loeb-utgåva i London for eit par år sidan, og no fekk eg endeleg roi til å få lese ho. Romarane fortel historie på sitt eige, fascinerande vis, som eit skremmande røngtenbilete på korleis me europearar har sett på oss sjølve, andre og historia.

 

School of Life – Small Pleasures
Meir enn ei rein oppramsing av småe gleder (som 14,000 Things to be Happy About) drøftar denne boka korleis og kvifor eit utval småe gleder kan påverke livet vårt positivt. School of Life pleier å vera velsigna konkrete, og denne teksten går inn i den større filosofien deira om korleis me menneske skal finne oss til rette i det moderne samfunnet. Som ein som regelmessig slit med dette (jamfør det Mariell seier om bøkene eg les), tek eg takksamt imot.

 

Ukjend – Forsvarstale for Kong Sverre
Då eg var liten, høyrte eg alltid at Kong Sverre «tala Roma midt imot» og slikt, men kva tydde det eigentleg? Korleis såg konflikti med Roma ut, frå eit samtidig norsk perspektiv? Og kven var det eigentleg som styrde den tidlege norske kyrkja, var det Roma eller Miklagard?

Samlaget gav ut denne teksten rett før krigen, i den fantastiske serien Norrøne bokverk, som har gjeve meg så mange gode lesaropplevingar. Eg pleier å kjøpe desse bøkene på Straumsvågs antikvariat i Fjærland, og i mitt eige vesle univers så fattar eg ikkje kvifor ikkje mange fleire vil ha tak i desse skattane.

 

School of Life – Replacement for Religion
Eg veit kva du tenkjer – som soknerådsmedlem burde eg ikkje eingong nærme meg slikt! Vel, tough luck, for denne boki slukte eg med stor interesse. Ho samla og sette ord på mange tankar eg har gjort meg opp igjennom om kva funksjonar religion og kultur spelar i mitt og andre sitt liv, og stiller fram korleis ein kan, og bør, erstatte nokre av desse funksjonane i det moderne, sekulariserte samfunnet.

Meir enn å diskutere dei filosofiske sidene av religionsdyrking, tek ho føre seg kva nyttige samfunnsfunksjonar som datt av lasset, då me – som samfunn – kvitta oss med gudstrui. Noko av stoffet kan sikkert vera litt out there for enkelte, og rituala og slikt er tydeleg skrive for eit anglofont publikum. Likevel bør grunntanken, og mange av løysingane, vera svært interessante for alle som er interesserte i å no og då ta eit fugleperspektiv på korleis samfunnet vårt er skrudd saman, og kvifor det moderne livet stundom kan verke så forundarleg avhengsla.

 

Kenya Hara – White
Ein vakker, liti bok om kvitfargen og kva han eigentleg rommar – i japansk kultur og språk, og for oss alle. Gjorde meg elles klar over det heilt breathtaking kunstverket Furene (Shorin-zu byobu), av Hasegawa Tohaku.

Les akkurat no

Jon Fosse – Det andre namnet
Og Jon Fosse gjer røyndomslitteratur gjer den klassiske vestlandske romanfiguren gjer seg sjølv, seier han, og det einaste eg har å utsetja er at Døtrene mine stundom tek bokmerket mitt utor Boki, og når dei gjer det, når éi av Døtrene tek bokmerket mitt utor Boki der i glaskarmen, så finn eg aldri attende til der eg var, då vert eg ståande, hangande i lause lufti, til eg greier å finne att kvar eg var, og når eg fyrst det har funne ut, og skal til å lesa i Boki, då er eg kanskje så trøytt at eg alt har somna frå alt saman.


School of Life – On Confidence
Er det ikkje fascinerande at me manglar eit norsk ord for «confidence»? Sjølvtillit har eg nemleg; «confidence» ikkje. Kan eg få det frå ei bok? Neppe. Men kanskje kan ho gje meg nokre peikarar om kva retning eg kan gå i.

Skal lesa etter dei

Deborah Levy – Things I Don’t Want to Know
Heilt sidan me sola oss på Walaker i fjor sommar, har Mariell lese småe utdrag til meg frå Deborah Levy-bøkene ho driv og les, og eg har støtt funne at eg blir meir og meir interessert, di meir eg høyrer. Så no – berre eg kjem meg gjennom denne mursteinen som kom frå Grotten – er det ho som står for tur!

Saga

Favorittbøker akkurat no

Begge ungane våre elskar å lesa, og me prøver så godt me kan å alltid sei ja til å lesa. Også les bestemor veldig mykje for dei óg, på daglig basis, og i det siste har mine foreldre lese bøker via facetime. Saga sine preferansar endrar seg litt frå veke til veke, men dette er bøkene ho har vore ekstra oppteken av dei siste vekene.

Oscar Wildensky og den fantastiske gå-seg-bort-dagen

Where the wild things are (som me akkurat no har berre på italiensk)

The Tiger Who Came to Tea

Når Alle Sover

101 dalmatinere

Jakob & Neikob-serien

Lotta fra Bråkmakergata

Kakerlakken med den stygge frakken: og hovudet fullt av triste tankar

Tambar-bøkene

Karsten og Petra-bøkene

Folk og Røvere i Kardemomme By

Her Agnes Bor

Edda

Favorittbøker akkurat no

Edda har eit spesielt forhold til bøker, i løpet av dagen forsvinn ho i alle fall eit par gonger inn på leikerommet. Der sit ho og blar i bøker, dusinvis av bøker, heilt heilt stille. Ho kan sitta der inne lenge, det er så fint. Når det gjeld kva ho likar til høgtlesing, er det desse:

Pocahontas

Pål-bøkene

Mopp & Mikko-bøkene

Frost 2-boka

Lillesøster-bøkene

Kva med dykk? Kva les du og dei andre du bur med? Eg vil ha tips, takk og takk!

Follow:
Share:

15 Comments

  1. Ingrid
    23:16, 30 Apr 2020 / 23:16

    Fine tips! Jeg leser altfor lite, altså mindre enn jeg ønsker. Jeg sliter med å holde konsentrasjonen oppe lenge nok til å komme inn i handlingen igjen, tyr lett til scrolling på mobilen osv. Har du tips for å lese i ro og sammenhengende?

    • Mariell
      Author
      23:21, 30 Apr 2020 / 23:21

      Takk! Oi, bra tips til eit blogginnlegg! Det skal eg fundere litt på.

  2. Jenny
    00:09, 01 May 2020 / 00:09

    Må si det var godt å lese at jeg ikke er det eneste mennesket i verden (vel, i internettboblen min da) som ikke elsket ‘Nora eller Brinn Oslo Brinn’. Jeg syntes tvert imot at den var ganske grunn, intetsigende og overraskende lang for å være så kort… man må ikke like karakteren/e i en bok, men det hjelper å forstå hvorfor de handler som de gjør. Endometriose er noe skikkelig dritt, men jag har aldri sett att den har forvandlet en kvinne til en selvopptatt, sykelig besatt gærning. Puh. Det måtte sies.

  3. Susanne
    00:17, 01 May 2020 / 00:17

    Har akkurat lest de to første bøkene i Agota Kristóf sin triologi, som i år kommer ut i ny oversettelse. Gru-gleder meg til den tredje!

  4. 09:01, 01 May 2020 / 09:01

    Normal People tv-serien kan ses på SVT fra Norge!! Jeg leste boka i fjor og var usikker på om jeg ville lik den grunnet hypen. Men likte den veldig veldig godt, og tv-serien så langt ser ut til å innfri!

    • Regine
      15:06, 01 May 2020 / 15:06

      Eg støtter opp under denne! Serieskaperne har gjort alt rett da de gjorde denne historien om fra bok til TV. Så utrolig positiv overrasket, og tror det må være den beste “adaption” eg har sett! Noe med stemningen, og kjemien mellom dem. Og utrolig fornøyd med at de gikk for 30 min episoder.

  5. Ingvild Marie
    09:05, 01 May 2020 / 09:05

    Så himla mye hurra for dette innlegget! Er på leiting etter lese-mojoen min for tiden, og tar imot alle tips jeg kan få! Liker spesielt godt å lese skildringa di av “Nora eller Brinn Oslo Brinn”, nettopp fordi jeg selv er en sånn leser som gjerne leser ei hel bok på grunn av språket heller enn innholdet.

    Selv om lese-mojoen har vært savna ei stund ligger det to bøker med bokmerke i på nattbordet mitt, ei skjønnlitterær, og ei ikke. Disse er Hanne Ørstaviks “På terrassen i mørket”, og den andre er Bueno de Mesquitas “The Dictator’s Handbook”. Begge er bøker jeg vil ha lest, men akkurat nå går det veldig sakte med selve prosessen.

  6. E
    10:02, 01 May 2020 / 10:02

    Dette innlegget gjorde meg så glad! Elsker å lese hva andre leser, og fint å se at man inspirerer hverandre til lesing innad i husstanden 💕 Jeg leser boken med den fantastiske tittelen Tre meter med kniv, av Eili Harboe. Det er en ungdomsroman, og den er helt strålende så langt. Ellers har jeg kjøpt et magasin for første gangen på flere år, så i helgen blir det Eurowoman på sofaen, akkurat som da jeg var tenåring og magasinjunkie.

  7. Hanna
    10:34, 01 May 2020 / 10:34

    For et koselig innlegg!

  8. 11:48, 01 May 2020 / 11:48

    Åh, eg har vore så lei for at eg pleide å vere ein skikkeleg lesehest, men no eg har ikkje røyrt ei bok på evigheiter. Har heilt mista konsentrasjonsevna til det, har eg tenkt. Kanskje vegen tilbake kan vere novellesamlingar. Eg slit med å velge film liksom, men å sjå ein episode av ein serie går jo heilt fint! Hehe. Så takk for gøy og veldig inspirerande innlegg! Jostein kunne jobba som blurb-forfattar viss det er ein ting.

  9. Trude
    12:20, 01 May 2020 / 12:20

    Sliter med å holde meg til en bok av gangen, men disse er blant de jeg leser på nå:

    Operasjon sjølvdisiplin av Agnes Ravatn (av åpenbare grunner :p)
    Jordnært av søstrene Bastviken
    Better than fiction (Lonely planet-novellesamling)
    Notes from a big country av Bill Bryson

    Er _veldig_ på jakt etter en morsom og lett (dog med noe substans) bok som kan lette situasjonen vi lever i. Tips? :)

  10. Sunniva
    12:31, 03 May 2020 / 12:31

    Har lese mykje i det siste sjølv, og desse bøkene gjorde inntrykk: Forventning av Anna Hope, Mamma er trygda av Mimir Kristjansson og Dagene av Julie Stokendal.

    Bli hvis du kan, reis hvis du må-trilogien fengsla óg svært mykje. No prøver eg meg på Før plogen din over de dødes knokler, eg merkar at den kjem til å kreve meir av meg, men eg håper det vil lønne seg. Kjekt å så kva dåkk les!

  11. Isabell
    10:40, 04 May 2020 / 10:40

    Vil bare anbefale Jaguaren av Ulf Sterk. Knallbra barnebok som vi elsker. Vi er også veldig fan av the tiger that came for tea, så tenker det kan passe her :)

  12. Ingrid
    17:44, 06 May 2020 / 17:44

    1. så utrolig stas at du poster så mye for tiden. Jeg blir så motivert av alle de ulike tingene du legger ut. Ikke at jeg kan gjøre alle, eller relatere like mye til alle, men åh – det er bare et så fint univers å få være en del av
    2. Dette må være blandt topp tre sjarmenrende poster du noensinne ha rlagt ut, så gøy å oppdaga nye forfattere på denne måten.
    3. Anbefaler “Heftige Bånd” av Vivian Gornick om du ikke alt har lest den.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *