2016 -> 2020 -> 2024

I dag er det nøyaktig fire år sidan me satte oss på eit fly til Oslo frå London og visste at me ikkje skulle komma tilbake. Då visste eg ingenting om å vera mor, og i alle fall ikkje fødsel, eg visste ikkje korleis det skulle bli å bu på gard med svigerforeldrene mine, eg visste ikkje at eg berre fire år seinare skulle ha to fyrverkeri av nokre ungar som eg elskar så ubeskriveleg høgt.

Desse bildene tok Mariell av oss ein av dei siste dagane me budde i Fordham House i New Cross i London. Dei gjer meg heilt ør av sentimentalitet, og eg ser meg sjølv utanifrå i drosjen på veg mot Heathrow med tårer i ein stødig straum nedover fjeset. Det var ikkje lett, men det var rett.

I kveld har eg betalt regningar for Fredag (ei bedrift som eg ikkje lenger er daglig leiar for, berre styreleiar og eigar), drukke te som eg bestiller frå Paris fordi eg nektar å la meg begrensa på tefronten, og hjulpe Jostein i kjøkkenhagen vår som er på veg til å bli så fin. Nesten ingenting av dei tinga som har skjedd dei siste fire åra hadde eg kunna forestilla meg.

Kanskje om fire år har eg skrive nokre bøker. Kanskje om fire år har eg ein liten bylt i armane igjen. Kanskje om fire år klarar eg å legga meg før klokka eitt om natta kvar einaste kveld. Me får sjå! Eit lite blunk, så er eg der.

Follow:
Share:

2 Comments

  1. Elena
    07:40, 29 Apr 2020 / 07:40

    Gleder meg til å følge de fire neste årene også! <3

  2. Kristin
    18:06, 30 Apr 2020 / 18:06

    Ja, det er helt nifst hvor fort fire år går. jeg har også fått to unger de siste årene. Samtidig så føles det jo som om de alltid har vært der?

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *