For ei stund sidan gjorde eg ein sånn spørsmålsboks på instagram der folk kunne stilla spørsmål til mi eldste dotter, liksom kva som var hennar favorittar innanfor ulike felt. Det kom mange fine, og i dag sat me oss ned med ein kaffikopp og peisa oss gjennom. Dei som er merka med stjerne er spørsmål ho sjølv bad meg om å stilla ho undervegs.
Kva vil du helst eta til frukost?
Skive med tomat, havregraut med plommesyltetøy
Kva åt du til frukost i dag?
Knekkebrød med avocado og tomat
Kva er din favorittfarge?
Blå og oransj
Kva vil du helst eta til middag?
Pasta og suppe
Kva bok er di favorittbok?
Pocahontas, Peppa-bok med klokke, Hortense in the Shadows, Den store dinosaur-boka, Lotta fra Bråkmakergata (her kunne ho ha gitt meg femti titlar)
Kva er din beste film?
Pocahontas, Frost
Kva TV-serie likar du best?
Yakari og Heidi
Favorittbokstav?
S
Koseligaste du veit å gjera?
Leike med Tuva i barnehagen, og ha piknik i stova
*Kva bilde elskar du mest?
Oldemorbildet ved klokka
Kva er ditt favorittrom i huset?
Leikerommet
*Kva er di favorittlampe?
Denne lampa (intervjuobjektet peikar på lysekrona direkte over oss)
*Kva er favoritthuset ditt?
Dokkehuset
Kva er dine beste leiker?
Reven, gyngesauen
Kva er din favorittmusikk?
Frost-musikken (som me spelar mykje på piano og syng, red.anm)
Kva likar du best å ha som pålegg?
Makrell i tomat
Kva vil du ha når me går på kafé?
Babyccino og kake (på spørsmål om kva slags kake, seier ho “den kaka som dei har den dagen”)
Kva er dine favorittklede?
Sommarfuglgenser, stripegenserar
Kva likar du best å gjera med Edda?
Leike rolleleik (akkurat no er det Heidi)
Har du lært noko nytt i det siste?
Sykla og sy
Kvar søv du om natta?
«Mamma!», men mest med Edda egentlig da
Kva er ditt beste syltetøy?
Jordbær og tøysesyltetøy
Kva er din beste is?
Sjokolade og karamell
Kva gjer du når du skal slappa av?
Huska, og pustar tungt (me har ei sånn stor skålhuske, der ho ofte halvsøv eller sovnar)
Kva er ditt favorittgodteri?
Tropisk mix frå Den Lille Nøttefabrikken (“veit du kva den gule smakar? den smakar som soli”), Kinderegg
Noko anna?
Trusen sprakk i tusen knas.
Å, så herlig! 😍🤗
“den kaka som dei har den dagen”, så utrolig søtt! :’)
Så nydelig! For en god ide.
“Den kaka dei har den dagen” 😍 Og trusen da.
kommer det oppskrift på tøysesyltetøy, mon tro?
Author
Den kan du få av meg her: det er 1 dl sukker, ein halv sitron og ca 1 liter tøys.
Det her.
Nydelig og moro! For ei fin jente. <3
Så herlig 😍 blir så glad av å lese! 😁💙🧡
Dette var SÅ fint!
Dette her var koselig lesing!
😍
haha neeei så søtt! <3
Hva er babyccino?:D
Author
Det er skumma mjølk, berre! Også er det vanlig å ha sjokoladesyrup oppi, men me har faktisk kaffi oppi til ho, typ ei spiseskjei. :)