Screenshots herifrå til himmelen

Hei, fine folk! Eg håpar de har fine dagar, at de føler dykk trygge, at de er heilt inneforstått med at alt skal bli bra igjen. Det er litt vanskeleg å av og til vita kva funksjon ein skal ha som bloggar og instagram-person når noko sånt skjer, men eg kjenner at eg sjølv berre vil at så mykje som mulig skal vera så vanlig som mulig. Derfor har eg tømt telefonen min på screenshots som de no skal få sjå! Føles som å sleppa nokon INN i hjerna mi. Obs eg vil at de skal vita at eg sletta eit bilete av ein kattedo som eg hadde screenshotta, for det vart for flaut.

Alle bildene er linka til profilane!

Laura frå 10 things to tell you-podcasten la ut heile sminkerutina si i går. Eg er snart tom for min tinted moisturizer frå Laura Mercier, og har litt lyst til å prøva noko anna. Ho snakkar óg her om at ho barberer fjeset sitt! Tankar?

Isla Simpson, som er min nye instagram-crush, la ut dette lunsjbildet som eg sikla av. Vil berre eta fargesterke crunchy ting akkurat no.

Ina Steinman la ut dette som eg fekk lyst til å gjera med Saga.

Ei drink-oppskrift frå Oddur. Eg må hugsa å kjøpa meir St.Germain, det er det beste å laga drinkar med!

Eit lydboktips frå Isla Simpson.

Eit screenshot som eg sendte til Johanne (som no er butikksjef på Fredag) då ho lurte på når det var boslevering.

Trine la ut desse fine fata. SÅ FINE?

Ein app som eg tenkte at kanskje hadde vore interessant! Ungane våre spelar aldri på telefonane våre eller ipad, dei har aldri gjort det. Men eg likar å vita om sånt i tilfelle det skulle skje at me TRENG å ha dei occupied med noko.

Eg tok ein sånn kven er du på TV type personlighetstest med masssse spørsmål, og eg vart Robert California frå The Office. Eg skjønnar TOTALT kva dei meinar.

Eg fann ut at det finst ting ein kan søka på for å få opp søte gifs på instagram, og måtte screenshotta dei!

Panko, halloumi, søtpotet. Perfekt middag!

Verdens finaste påskeris hjå Trine.

Rhiannon posta om denne aktiviteten til kidsa. Alt sånt screenshottar eg akkurat no, men me ender opp med å gjera veldig lite av det. Me er mykje ute på garden og dillar med forskjellig.

Dette var hjå Cathrine, eg fekk tanken om at eg MÅTTE laga cookies med sprinkles i!!

Rifle Paper Co. kjem med tapet!! Det var big news.

Dette var eit masochistisk screenshot, sidan me ikkje har desse i Noreg. Det er det perfekte godteriet for meg. Maltesers med mint. Mmmmmm.

Elskar ein god snitzel.

Meir fargerike og crunchy salatar.

Olivia la ut denne fine Tove Ditlevsen-boka som eg vart nysjerrig på.

Hudpleie-resources!

Anabela posta om denne boka som eg ønskar meg.

Også ei bok eg ønskar meg. Pasta grannies. Altså berre masse nonnas som lagar pasta! Dei har ein instagramprofil óg, her.

Eg følger med på ALT som desse to gjer, dei gjer alt så vakkert og gjennomtenkt og extra. Og dei laga sin eigen hasselnøttlikør som høyrest gaaaanske utruleg ut?

Skråtak-draumar.

I år skal eg steppa opp syltetøy-etikett-gamet mitt. Kanskje eg skal bestilla etikettar frå Printfarm eller noko? Vil at det skal sjå både proft OG heimelaga ut.

Follow:
Share:

11 Comments

  1. Mari
    14:36, 21 Apr 2020 / 14:36

    Aah yes! Jeg merker at jeg er skikkelig sugen på content som kan balansere ut alle nyhetene. Dette var perfekt! Mine screenshots er 98% veibeskrivelser fra Google Maps, kanskje jeg må bli mer kreativ.

  2. 14:45, 21 Apr 2020 / 14:45

    Dette var gøy! Jeg screenshotter mest matoppskrifter og bøker ser jeg.
    Og ang barbering av ansikt: NEI. Å bleke barten kan jeg forstå man kan ha behov for, men et sted går grensen.

  3. Tale
    15:31, 21 Apr 2020 / 15:31

    Jeg screenshoter fraser fra DuoLingo, ass 😀 (tysk) Hast du die Schere gesehen? ✂️😊

  4. Marie
    18:47, 22 Apr 2020 / 18:47

    Så deilig med masse nytt på bloggen, og så fikk man da en påminnelse til å se igjennom sine egne screenshots, de kan jo fort bli glemt.
    Det med å barbere ansiktet, nå har vi kvinner veldig forskjellig behåring. Jeg kan godt forstå noen gjør det, jeg foretrekker pinsett eller voks, men det er mere fordi jeg ikke orker forholde meg til det hver dag. For så spennende er skjegg heller ikke 🤷‍♀️

    • Mariell
      Author
      21:09, 22 Apr 2020 / 21:09

      Nei, men ho har heller ikkje skjegg, ho gjer det for at sminken legg seg finare om ho ikkje har sånt fuzz i fjeset. Men eg anar ikkje!

      • Marie
        23:08, 23 Apr 2020 / 23:08

        Ja, så forstår jeg ingen ting. Da lager man godt nok mye unødvendig arbeid for seg selv 🤷‍♀️

  5. Kristin
    19:47, 22 Apr 2020 / 19:47

    Jeg synes det er stas med innlegg uansett, enten de er “normale” eller på et eller annet vis reflekterer rare tider. Jeg leser både nyheter og vanlige ting ellers også. Begynner å bli vant til situasjonen … gjør det som føles mest riktig for deg, og ta den “rollen” du foretrekker, tenker jeg.

  6. 20:24, 22 Apr 2020 / 20:24

    Det er så gøy med screenshots! Eg har null system men tar masse screenshots av ting eg vil hugse likevel!

    Vart skikkelig nysgjerrig på den personlighetstesten. Robert California er jo heil bananas! Men eg måtte ta den og eg er visst 76% lik Jim Halpert, hehe!

    • Mariell
      Author
      21:27, 22 Apr 2020 / 21:27

      Robert California er heilt bananas, men han er målbevisst og kreativ, villig til å rebrande seg, sjølvsikker, veldig self-indulgent, og han er ein ordentlig survivor. Andre på lista mi var Jo March, Jay Gatsby, Audrey Horne, Goh Peik Lin, Bellatrix Lestrange, Maeby Funke.

      I’m the fucking Lizard King.

      Og du er SÅ ein Jim.

  7. Hanna
    21:53, 22 Apr 2020 / 21:53

    Elsker disse innleggene! <3 kos å lese.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *