Søndagstankar

Det er søndag, og det er dag 17 av sjølvisolering på garden. Eg klarar ikkje å lesa bøker eller egentlig fullføra tankar utan å distrahera meg sjølv. Men eg har kasta meg inn i ting som er enkle. Eg har lært meg sjølv å baka surdeigsbrød, det er ei heilt utruleg kjensle. Aldri før har eg klart å komma hit, eg har snubla på vegen og gitt opp, men ikkje no. Det er noko med denne tida som gjer at folk endeleg vågar seg inn i prosjekt. Surdeigen er det einaste eg kjenner at eg klarar akkurat no, utanom å vera forelder. Kvar kveld oppsummerer eg for meg sjølv dei tinga eg har gjort bra som mamma den dagen. Sjølv om eg gøymer meg på badet for å få ti minutt for meg sjølv minst éin gong for dagen og må yogapusta når dei begge klatrar på meg samtidig, så veit eg at ungane mine har det bra. Me har det bra. Og takk og pris at me bur her no, og kan vera ute så mykje me vil og har nok plass til å ikkje gå oppå kvarandre. Eg spår at 2021 blir det eit babyboom og eit distriktsboom.

Eg har mista inntekten min dette halvåret, og det er både så skummelt at eg kan kjenna det i brystkassa men i det same så er eg så fullstendig blasé. Kan alt dette vera sant på same tid? Kva er det som skjer med verda? Samtidig har eg starta ein prosess med å laga eit magasin, og det er allereie så mange som har kjøpt det at eg ikkje treng å vera redd. For så lenge eg kan skriva og fotografera og produserer sånt som andre vil kjøpa, så føler eg meg trygg i verda. Det er ei uvanleg form for sjølvforsyning. Eg kan bu her, laga magasin og skriva bøker og baka brød og ikkje gå under men heller blomstra av kreativiteten. I veka som kjem skal eg ferdigstilla eit magasin som akkurat no ser ut som ei tom notatbok.

Akkurat no er eg takksam for fine og tålmodige redaktørar. For at folk strekker ut ei hand og vil bidra til magasinet. For at eg tross alt dette likevel har nok pengar til å støtta andre små bedrifter, som så mange støttar meg og Fredag akkurat no. For blomsterbuketten som står på bordet mitt medan eg skriv dette. For at eg starta denne bloggen for ti år sidan og har så mykje støtte i ryggen når eg kastar meg inn i noko. For at Johanne har nok jobb, og for at eg sjølv slepp å vera nede i butikken og pakka no som eg føler meg tryggast heime. For at me er nabo med svigerforeldrene mine så me kan vera i isolasjon saman, dei har ungane to dagar i veka og berre difor kan me jobba. For at det har vore ryddig og føltes reint i huset vårt i to heile dagar. For at eg har tjue posar med frø og ein masse dahliaknollar som skal leggast i jord og bli til blomar og mat når det somrast.

Follow:
Share:

10 Comments

  1. Sigrid
    18:38, 29 Mar 2020 / 18:38

    <3 Gleder meg til magasinet kommer i posten!

  2. Ragnhild
    19:00, 29 Mar 2020 / 19:00

    Det er så rart hvor fort ting kjennes helt vanlig selv om alt er snudd på hodet. Gleder meg også til å lese magasin!

  3. Anna
    19:48, 29 Mar 2020 / 19:48

    ❤️

  4. Ane
    20:41, 29 Mar 2020 / 20:41

    Åh, så gla jeg blir for nytt innlegg her. Takk Mariell, som deler og skriver så fint. Hald fram, hald ut. Du hjelper!

  5. Johanne
    22:47, 29 Mar 2020 / 22:47

    💕

  6. Mari Frostad
    00:24, 30 Mar 2020 / 00:24

    ❤️ gir meg ro

  7. Linda
    09:23, 30 Mar 2020 / 09:23

    <3 Fine, gode, ærlege tankar

  8. Signe
    11:37, 30 Mar 2020 / 11:37

    Nydeleg! Gler meg så til vårmagasinet kjem!

  9. Marta
    17:22, 31 Mar 2020 / 17:22

    Blogginnlegga dine er så fine ljosglimt i kvardagen no! <3 Skulle gjerne ha tinga magasin, men reknar med det er same levering som med Advent-magasinet, altså ikkje til utlandet? Vil tru det får mange fine, glade lesarar likevel. Helsing frå Italia-karantena!

    • Mariell
      Author
      19:58, 31 Mar 2020 / 19:58

      SÅÅÅ FINT! Eg har maila deg! :)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *