Det blir vårmagasin! Eit magasin fullt av varme og håp. For det er jo det me treng no, å vita at dette skal gå over, at me skal få sitta på eit teppe i ein park med venner og dela ei flaske vin og le og klemma kvarandre og ikkje vera redde. Og dét kan eg jo ikkje gi nokon akkurat no. Men eg skal prøva mitt beste å baka håpet, det fantastiske, utrulege håpet, om det, inn i eit magasin.
Mykje er uklart enda, men dette veit eg: Det kjem til å inneholda oppskrifter på herleg mat og bakst, tips til korleis me kjem oss gjennom denne tida, korleis stella med plantene sine for våren, om min kjøkkenhage og korleis me starta med det, om markblomar og folketru, om korleis laga forteljingar saman med ungane dine, DIY, eg kjem til å dokumentere litt om surdeigsprosjektet mitt, det blir ei oppskrift på å laga sine eigne notatbøker med det ein har i heimen, og ei veldig komplett liste med ting ein kan gjera for å føla seg bedre.
Du kan få kjøpa det her.
wow ♥️
Hurra! Jeg gleder meg til vår, både i magasinform og sesong. Dette skal leses i solveggen.
Hurra, for et bra initiativ! Bestilt.
Hurra! Jeg kommer garantert til å kjøpe det ;) Jeg sier som Inger – det skal leses i solveggen. Og jeg gleder meg allerede!
😍
💖
Bestilt <3!
Ja! Heia, heia våren som kommer og nye tider <3
Jeg har bestilt og gleder meg til å lese. Ta vare!
Og eit par vårlige spele-lister blir det gjerne også plass til? 😊
Bestilt!gleder meg!