Eit lite bloggtips

Les folk bloggar lenger? Eg håpar jo det sidan eg skriv ein akkurat no!

Vil berre passa på å få tipsa om Sebastian sin blogg, som var akkurat det eg trong i dag etter å ha lest for mykje nyheter. Den gav meg lyst til å gå ut og plukka krokus, forkultivera agurk og skru opp nye fine hyller ein eller annan stad.

Eg trur me får plass til mjukare ting i livet no. Mange av oss kjem til å sjå at me kan leva med mindre pengar på konto, mindre nytt. Me kjem til å fiksa ting som er øydelagte og kjenna etter kor mykje me egentlig treng å tjena for å vera komfortable. Og me kjem til å lengta etter kvarandre! Kjenna at me treng å vera rundt andre menneske. Og det trur eg óg gjer oss veldig godt.

Noko som eg allereie ser er kor mykje ungane nyt dette mellomrommet me er i. At dei elskar å vera med oss vaksne og gjera praktiske ting på garden, gjera små prosjekt. Saga skriv bokstavar og Edda lærer masse nye ord og songar. Dei sluknar som nokre lys om kvelden og er spente på kva dagen skal innehalda når dei vaknar. Me ser oss gjennom alle fine Disney-filmar.

Follow:
Share:

5 Comments

  1. Hanna
    18:31, 15 Mar 2020 / 18:31

    Så fin oppdatering! :-)

  2. Irene
    18:39, 15 Mar 2020 / 18:39

    Fint tips!

  3. Sandrine
    14:13, 16 Mar 2020 / 14:13

    Takk for hyggelige innlegg i denne rare tiden!

  4. Kristin
    16:09, 16 Mar 2020 / 16:09

    Takk! Og takk for positive ord! Det er rare tider.

  5. Karina
    20:04, 16 Mar 2020 / 20:04

    Sebastian var en slags unggutt-versjon av Elsa Billgren jo <3 Takk for tips!

Leave a Reply to Irene Cancel reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *