Bagels

Om du treng noko å driva med i denne rare perioden, vil eg sterkt anbefala å gå hardt på bakingen og bli skikkelig god til det. Eg har starta ein surdeig i dag, på insta stories, så det skal bli spennande å sjå. Men noko anna eg har baka mykje i det siste, er bagels! Eg bakar dei gjerne med Saga óg (ho er 3,5 no), men ho er først med meg etter at deigen har heva. Så ho hjelper med forming og koking, pensling, frø og baking. Lag bagels! Det er så enkelt og så gøy. Neste gong skal eg prøve å lage laukbagels.

 

 

BAGELS

360 g varmt vatn (38-43 grader)
2,5 ts tørrgjær
500 g mjøl
1 ss brunt sukker
2 ts salt

1 ss olivenolje til bollen

1 piska egg til eggvask
Frø og havsalt til topping

Koka:
Vatn
Honning

Visp vatn og gjær, og la stå i fem minutt og bobla litt.

Tilsett mjøl, sukker og salt og kna i maskin i to minutt. Ser hard og tørr ut.

Kna deigen for hånd i 5 minutt, og tilsett mjøl litt etter litt, til du har ein deig som ikkje klissar. Ha den oppi ein bolle som du har smurt med litt olivenolje.

La heva i 60-90 minutt, til dobbel i storleik, på ein lun plass.

Slå ut luft av deigen, og del den opp i åtte bitar. Rull kvar bit til ein ball, og press tomlane gjennom for å laga eit hol. Dra ut forsiktig til du har eit hol som er ca 5 cm stort, og legg på eit bakepapir.

Varm ovnen til 220 grader.

Kok opp eit vatn i ei stor panne, med ei stor ss honning i. Kok bagelane, eitt minutt på kvar side, og legg tilbake på bakepapiret.

Pensle med egg, strø på med valmuefrø og sesamfrø (eller andre frø om du vil det!), og bak i 20-25 minutt (snu brettet halvvegs). Tada! Dine eigne bagels!

 

 

 

Follow:
Share:

11 Comments

  1. Signe
    15:53, 14 Mar 2020 / 15:53

    Herleg! Takk for oppskrift, skal definitivt teste ut <3

  2. Rita
    14:29, 15 Mar 2020 / 14:29

    Takk for god frokost – disse ble veldig gode, også med spelt og litt tilpasninger.

  3. BeraBear
    16:09, 15 Mar 2020 / 16:09

    Whaaaat, det her skal jeg så sykt gjøre!!!!!

  4. ingrid
    16:10, 15 Mar 2020 / 16:10

    Så gøy – dette må jeg prøve i kveld.
    Er det ok å fryse disse?

    • Mariell
      Author
      22:15, 15 Mar 2020 / 22:15

      YAY! Sei gjerne korleis det gjekk! Eg har ikkje prøvd det sjølv, men det gjer det sikkert? Prøv, og meld gjerne tilbake!

      • Ingrid
        16:02, 18 Mar 2020 / 16:02

        Innser at jeg må doble oppskriften om jeg skal ha sjans til å få prøvd å fryse ned noen! Men tusen takk for oppskrift – den er blitt instant klassiker her hjemme og skal rett inn i oppskriftsboka ved siden av «Hjartesmils kveldsmatsbrød».

        • Mariell
          Author
          17:02, 18 Mar 2020 / 17:02

          Det er det koseligaste! Så fint. :)

  5. Ragnhild
    20:23, 15 Mar 2020 / 20:23

    Åh, bagels er noe jeg har savna fra da jeg bodde i USA! Takk for oppskrift, skal prøves! 😋

  6. Hanna
    20:29, 15 Mar 2020 / 20:29

    Åh, gleder meg til å teste! Takk!

  7. Anne Guro
    05:07, 18 Mar 2020 / 05:07

    NAM🤤

  8. Pernille
    09:33, 22 Mar 2020 / 09:33

    Skal absolutt teste disse, takk for oppskrift! Lagde 40 kanelboller i går, så tar bakepaise i dag. Men kanskje til helgefrokosren neste helg!

Leave a Reply to Pernille Cancel reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *