Godteposen

Det er fredag! Eg er i butikken, det snør utanfor og snart kjem Marita for å fiksa i andre etasje. I morgon skal ho ha marknad der, med sin eigen keramikk. Eg gler meg sånn til å sjå alt ho har laga! Så kjem me til å ha greiene hennar her i butikken framover. Føles ikkje så tungt å vera her no, sjølv om det står att så mykje arbeid før eg kan vera friare. No handlar det mest om å holda ut.

Caitlin kjem frå London i neste veke og no funderer eg på kva eg ønskar meg frå England. Ho har alltid med deodorant og sjokolade og gin. Det er ein bra kombo, føler eg. Eg saknar jo tusen ting frå England (har starta på eit blogginnlegg som heiter “ting eg saknar frå England” tusen gonger, hehe), og no blir det jo enda vanskeligare og dyrare å skaffa dei tinga me treng. Så eg har fem handlekorger på gang (Foyles, Boden, M&S, Space NK, Liberty), men eg har ikkje bestemt meg for kor ansvarlig eg skal vera enda.

Er det berre eg som er i påskemodus allereie? Eg vil ha påskeliljer og baka kaninkjeks og ha appelsinskal i alt. Først skal eg dog utnytta sitronsesongen, eg har amalfisitronar heime og skal prøva å laga marmelade som favoritten min frå London Borough of Jam, med vanilje og sitron mmmm så godt med litt vellagra ost på.

I går hadde eg Edda-dag og eg gjorde ingenting fornuftig heile dagen, og likevel var eg sliten. Eg har blitt bedre, sidan hjerna mi imploderte ved nyttår, til å kjenna etter, og registrera. Og mesteparten av tiden kjenner eg meg svak på ein eller annan måte, anten det er i kroppen eller i hovudet. Eg kan ikkje tenka meg korleis det må vera å ha det sånn i ein vanlig jobb, der ein ikkje kan liksom ta to steg tilbake når ein kjenner at det er nødvendig. Men Kaitlynn kom opp ein tur kun for å sitta i sofaen, kun fordi ho hadde litt tid, me såg på robotstøvsugaren støvsuga, me prata om høgt og lågt. Og etter ho reiste innsåg eg at livet er så annleis no. For eit år sidan levde eg i eit vakuum, så søkande og svolten på venner. Men det er SÅ hardt å få nye venner som vaksen, alle har sine små klikkar og eg vart så sliten av å alltid vera den som tok initiativ, som eit påheng, og eg vart så sjølvkritisk av det, pirka i meg sjølv for å finna ut kva eg hadde gjort feil, hadde eg sagt noko? Herregud så godt det gjer å ha ein venn som ringer og seier “hei, eg har ein time, vil du henga?”. Unnar alle å ha det.

Men nok PRAT. No skal de få sjå eit par fine ting frå internettet. Det likar me vel?

Eg syns alltid det er så herleg å sjå heimar som ofte er fotograferte på ein veldig styla måte, meir down to earth og kvardagslig. Så eg elska desse bildene frå Laura Jackson sitt hus (spesielt sidan desse var så veldig polished). Og ekstremt inspirerande. Uansett kvar me skal bu i framtiden må det skje store ting med huset der me skal bu, så eg legg alt til minne uansett. Den dusjen med tjukk glatt betong, eit gamalt badekar, skapdørene på soverommet, og den der sofaen!! Her-re-gud så vakker den er, eg skulle skrive tusen romanar i den. Fleire bilder her. Og podcasten hennar må de óg høyra på, den gir meg sånn Londonlengsel. Sat akkurat og tenkte at eg ville spara masse pengar no så me kunne ta ein månad der kanskje til neste vår. Berre så himla vanskeleg å reisa ifrå alle besteforeldre som me ser kvar dag, ungane er så godt vante. Kanskje me må ta dei med oss?

Eg skulle ønska dette var min fredagsdrink! Gin og limoncello! Om me hadde hatt eit pol her i Lærdal hadde eg gått dit sporenstriks.

Me åt denne til middag i går! Men med raud paprika. SÅ GODT. Tips om du vil køyra tacos i kveld!

Follow:
Share:

7 Comments

  1. Gunnhild
    13:33, 28 Feb 2020 / 13:33

    Kjenner meg så igjen. Lengter etter den vennen, du er heldig!
    God helg og god klem!

  2. 18:08, 28 Feb 2020 / 18:08

    Det er modig av deg å skrive om det å få venner i voksen alder. Glad f0r å høre at du har en venn som ringer spontant i hverdagen!

  3. Ingeborg
    19:34, 28 Feb 2020 / 19:34

    Så fint innlegg!
    (Vil også veldig gjerne lese om hav du savner fra England!)

  4. Mari
    09:09, 29 Feb 2020 / 09:09

    Ja, den «en time»-vennen er den viktigste! Og så vanskelig å få tak i, men så fint når man plutselig skjønner at «oj, nå er det jo blitt sånn!»

  5. Ragnhild
    16:38, 29 Feb 2020 / 16:38

    Åh, den drinken! Kombinasjonen gin og sitrus er aldri feil.

  6. Karina
    11:10, 02 Mar 2020 / 11:10

    Jeg må bare si at alkoholmessig – så er du virkelig my kind of person <3

  7. Tale
    18:14, 04 Mar 2020 / 18:14

    Det er vanskelig å få ny venner, akkurat som det er vanskelig å date, søke jobb osv. Men det beste tipset jeg har lest i det siste var et random bilde på instagram hvor det stod “redefine what friendship is” blant flere andre mer eller mindre tydelige råd om hva man bør gjøre når man leter etter venner etter at man er ferdig med skole og studier 😊 ikke at man ikke skal ønske seg noen som stiller opp på kort varsel, men at vennskap kanskje må endre litt form enn det har vært før 😇

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *