Ein ny normal

Det boblar akkurat no, det er ting som eg sprett opp i sømmen fordi det ikkje funkar og ting som eg er så gira for at eg nesten boblar over. I går var kanskje verdens lengste dag, i møte med den nye driftsansvarlige for Fredag, mi kjære Johanne, etterfulgt av signering av intensjonsavtale med eitt forlag og prøvesider sendt til eit heilt anna forlag. Det føltes så lett og så godt, etter desse tunge vekene var det så deilig å kjenna på korleis det kan vera, korleis eg kan få det igjen. Korleis skjedde dette så fort? Eller kanskje eg innser først no at heile 2019 var ein overgangsfase, at me er på veg inn i den nye normalen.

Om ein månad byrjar Edda i barnehage, og det er det eg har venta på no i fire år. Sidan eg vart gravid med Saga og kjente korleis arbeidet og pasjonen liksom sklei ut i eit sidespor og eksisterte parallelt med meg sjølv istadenfor inni meg. Og no skjer det. Sjølvsagt veit eg at kvardagen aldri blir lik som den var før me vart foreldre, og det hadde eg aldri ønska meg uansett, men likevel. Me skal levera begge ungane i barnehage, også reisa ned på butikken og jobba på kontoret i andre etasje, som alltid var planen (berre at det var aldri planen å bli gravid så fort). Kontor! For første gong! Føles så passande at ho skal starta om våren, og at me alle blir født på ny saman med naturen.

I dag har Edda på seg ein matrosgenser som mormor strikka til meg for 29 år sidan. Om eg stirrar inn i avgrunnen av sorg etter ho, då forsvinn eg inn i den og finn ikkje vegen ut. At ho aldri fekk sjå meg gifta meg, at ho ikkje fekk treffa ungane. Det er for brutalt. Så eg legg eit lokk over den, og ser ikkje på. Kler på ungane med vemod for å la meg sjølv kjenna kjærleiken òg. Den er vemodet sin kompis.

Eg kan ikkje sjå på krim eller høyra på krim lenger, etter å ha casually sett The Stranger og ikkje reagert på den der og då har eg hatt dei mest utrulige draumar og liksom flashbacks til serien, den sit fast og går på loop i hjerna. Kva ser de på for seriar?

I dag har eg vore til optikar for første gong, og konstatert at synet er godt men eg kunne hatt bruk for skjermbriller. Dei siste vekene har eg jobba så mykje på kveldstid at synet mitt har vore heilt blurry på kvelden. No sit eg og ser på briller på nett og tenkjer at eg må finna nokon eg føler meg fin i og som passar både heime og på jobb.

Jostein er heime akkurat no og lagar fiskegrateng. Det er ein bankers middagsrett i vårt hus, kva skal de ha til middag i aften?

Follow:
Share:

11 Comments

  1. 15:40, 25 Feb 2020 / 15:40

    Så spennende, både med nye rutiner og prosjekter! Masse lykke til med alt! 😄

    I dag skal vi ha wienerpølser på termos til middag – i solveggen nede ved fjorden. Det er så herlig vintervær i Trøndelag at det ikke var så mye å lure på.

  2. tonemor
    16:42, 25 Feb 2020 / 16:42

    Shepherds Pie. Onepot dishes er en favoritt, både til hverdags og helgebesøk.

  3. Ingeborg
    17:57, 25 Feb 2020 / 17:57

    pasta med ovnsbakte tomater, timian og fetaost ^^ easy peasy, supergodt

  4. Hanna
    18:06, 25 Feb 2020 / 18:06

    For tiden ser jeg på Sopranos, Kidding og High Maintenance! Alt på HBO. Og venter så klart i spenning på neste sesong RuPaul som slipper om noen dager.

  5. Lene
    18:48, 25 Feb 2020 / 18:48

    Så spennande!
    Ser på «A million little things» på tv2 sumo for tida, og har spist hjortegryte med ris, brokkoli og tyttebærsyltetøy til middag.

  6. Ane
    18:57, 25 Feb 2020 / 18:57

    High five og henda I veret, Mariell. Det er saann det skal vaere, livet, trur eg. I alle fall er det saann det er. Ganske strevsomt, og litt ubehageleg. Ogsaa smaa glimt av glede og innimellom kjem ein medvind og alt dett paa plassen sin. Eg var litt trist daa du tenkte paa at det var ei nederlag aa ikkje greie Fredag sjoelv. Eg vil heller kalla det ein stor suksess! Du har bygd opp noko som lev sitt eige liv, og som bidreg til verda paa saa mange maater. Med arbeidsplassar paa ein liten stad, til og med. Det er ikkje noko feil med det, og det er aldri meininga at sjoelv om ein har ein draum saa maa ein greie alt med den sjoelv.

    Eg kjenner deg ikkje ein gong, men EG er stolt over alt du faar til og har lagd deg. Inderlege lykkeoenskingar for tida som kjem, skriving og kvardag og nye prosjekt. Og butikken som skal gaa sin gang paa sida. Fint, kva?

    Til slutt, eit lite vers som eg ikkje hugser kven har skrive – men som er saa treffande og litt paa kanten, og sikkert ikkje lov paa internett men det gir vi blaffen i:

    Visdomsord fraa bestemor: “Livet, jenta mi, er ikkje berre ein orgasme. Det skal knullast, og.”

  7. Anna
    19:24, 25 Feb 2020 / 19:24

    Jeg ser hele Homeland fra starten! Og når jeg trenger noe lettere (eller med kortere episoder) ser jeg Full House!

  8. Inger
    14:49, 26 Feb 2020 / 14:49

    Jeg er så imponert over skaperevnen og trangen din. Det er så gøy å få titte inn i universet, og liker at vi får følge med både på oppturene, nedturene og de vanskelige valgene. Her står indisk dahl på menyen. God onsdag!

  9. BeraBear
    17:19, 26 Feb 2020 / 17:19

    Polarbrød med gulost. Er ikke student lenger, men det er maten jeg spiser. Send hjelp!

  10. Johanne Ligaard
    17:44, 26 Feb 2020 / 17:44

    Quinoa med grønnsaks-/bønne-/tomatsaus :)

  11. Linda
    18:05, 27 Feb 2020 / 18:05

    Vi ser Jan Thomas jakter drømmeprinsen, super avkobling 😊

Leave a Reply to Hanna Cancel reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *