Fastelavn!

Her er mitt gamle innlegg om fastelavnsbollar! Det forsvant, som alle andre oppskrifter eg gjorde for økologisk.no, og mange av dei er berre heilt tapte. Men denne fann eg i ein mailinnboks. For å spesifisera korleis eg sjølv lagar bollane: eg kuttar av toppen som ein hatt (altså ikkje halve bollen), også brukar eg ein gaffel til å grava ut innmaten i bollen. Innmaten blandar eg med litt laus mandelmasse (eg lagar min eigen og den er litt mindre fast enn ein kjøpemasse). Så ca 1 cm mandelmasse i botnen, topp med krem, sett på hatten og topp med melis. God fastelavn i morgon!

Endeleg er fastelavn her! Desse bollane er innmari gode. Om du vil gjera dei EKSTRA gode, kan du gjera som svenskane og fylla dei med mandelmasse istadenfor syltetøy. Hugs å ha vanilje i kremen og plenty av melis på toppen.

 

Fastelavnsbollar! Ja!
18 bollar

1 ss knuste kardemommekjerner
3 dl lettmjølk
1 pk tørr eller fersk gjær
1,5 dl sukker
1/2 ts salt
150 g smør i romtemperatur 1 egg, pluss ekstra til pensling
11–12 dl kveitemjøl

1. Ha mjølk og kardemomme i ein liten kjel, og verm det opp til fingervarme. Ha smør, sukker, salt og egg oppi mjølka, saman med gjær, om du brukar fersk, og bland til ei jamn væske. Om du brukar tørr gjær kan du blanda den med 11 dl av mjølet i ei stor skål no.

2. Bland mjølkeblandinga med mjølet og kna til du har ein elastisk og smidig deig. Tilset meir mjøl om det trengst.

3. Lat deigen heva på lun plass til dobbel storleik, 1/2-1 time.

4. Ha eit tunt lag mjøl på kjøkenbenken. Rull ut bollane og legg dei på to bakepapirkled- de bakebrett, lat dei igjen heva i 1/2-1 time.

5. Sett omnen på 200 grader.

6. Pensle bollane med egg, og steik dei i midten av omnen i 7-10 minutt, til dei har fått gyllen farge på toppen.

7. Lat bollane kolna på rist og lat dei bli kalde, før du fyller med krem (og syltetøy, om du ønskjer det) og dryssar melis over.

Follow:
Share:

6 Comments

  1. BeraBear
    16:57, 22 Feb 2020 / 16:57

    Så kjipt at oppskriftene ble borte. :-/
    Digger forresten språket ditt! Til og med oppskriftene dine er godt skrevet.

  2. Kristin
    20:54, 22 Feb 2020 / 20:54

    Mmmm semla <3

  3. Susanne
    22:57, 22 Feb 2020 / 22:57

    Takk!! <3

  4. Jorunn
    18:43, 23 Feb 2020 / 18:43

    Dette høyrest ut som dei aller beste faselavnsbollane!

  5. Signe
    08:55, 24 Feb 2020 / 08:55

    Åå digg! Eg er ikkje så glad i krem, så eg lagar fyllet av hovudsakleg vaniljekrem + bittelitt krem, hehe. Men skal definitivt prøve oppskrifta di også!

  6. Rita
    10:50, 25 Feb 2020 / 10:50

    Jeg har tre av oppskriftene dine derfra tror jeg: Bringebærscones, Britisk sitronpudding, Kaldheva rundstykke med rug og valmuefrø. Si ifra om du vil ha noen av de, så kan jeg sende over!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *