3×15

3 ting eg gler meg til
Bursdagane til meg og Jostein, me blir jo 30 i år! Korleis feirar me? Ingen aning, føler eit sånt prestasjonspress i meg sjølv.
Me har fått pussa opp gangen! No er den tomatsupperaud, med masse sparkelflekkar. Caitlin kjem i mars, og då trur eg at me skal gjera det då! Er så godt med nokre ekstra hender!
Ein ny sesong i hagen. I år skal me ha meir mat, men óg fleire blomar. Det blir eit hageår!

3 ting eg er redd for
At noko skal skje med augene mine. Er så redd for det
At eg er så impulsiv
Å bli sittande fast i situasjonar eller relasjonar.

3 ting eg likar
Ratatouille som det har teke evigheiter å laga, med akkurat nok eddik, og ein god baguette til og masse chevre og mozzarella til.
Å legga føtene på Jostein etter ein lang dag, og uansett kor lang dagen hans har vore så kosar han med meg då
Edda sin pannelugg

3 ting eg ikkje likar
Scott’s Tots-episoden av The Office
Når kjøleskapet og komfyren pip, noko dei gjer kvar dag
Laks. Ikkje prøv å gi meg oppskrifter, eg kjem aldri til å lika laks.

3 ting eg vil
Skaffa meg ein ordentlig giftering. No er eg der at eg ønskar meg ein ring, etter å ha sett ugift ut i fem år.
Gi fleire kompliment, berre sei høgt alle fine ting eg tenker om andre akkurat når eg tenker dei. Kvifor held ein tilbake?
Gjera meir hobbygreier med ungane. Tenker at det får komma når denne kjensla av å vera så overvelda legg seg, og det ikkje er så nøye med søl og rot.

3 ting eg burde
Kjøpa nye ullsåler til skoa mine. Om nokon treng vinterskotips vil eg sei Panama Jack! Eg har hatt mine i tre år no og dei er som nye utanom sålene. Elskar dei.
Dela fleire bryllaupsbilder på instagram og her!
Gå til augelege. Tysdag skal eg prøva på det!

3 ting eg kan
Laga vanvittig gode syltetøy. Jordbærsyltetøyet med våre eigne jordbær og vanilje, samt det me laga med aprikos og amaretto, det er typ dei beste syltetøya eg har smakt. Er det lov å sei?
Laga mine eigne notatbøker. Med sydd marg! Har vore på kurs!
Få bruder til å føla seg trygge og vakre sjølv når dei ikkje trudde dei skulle det. Det er min superpower.

3 ting eg ikkje kan
  Holda tilbake energi når den kjem, anten den er god eller dårlig. Tippar ein kan bli ganske sprø av å bu med meg.
Skifta kattesand utan å synast litt synd i meg sjølv
La væra å sjå på annonser på hus på Finn.no sjølv om eg veit at me ikkje skal nokon plass

3 ting eg har i hovudet
Chocolate chip cookies med kakestrøssel i, tenker at ein kan bli glad av å baka og eta det.
Paris. Eg er så full av lengsel.
At Jostein og eg prøver vårt beste å vera vårt beste for kvarandre. Sjølv når det står på, held me fram med å analysera oss sjølve og kvarandre saman, i eit safe space, så me kan verkeleg sjå på kvar småsteinane sit og gneg oss. Det tenker eg på.

3 ting eg snakkar om ofte
Michael Scott og The Office.
Garden me bur på og kva for eit av husa me burde bu i når me tek over. Dette huset som er så oss og som er heimen vår, men som er for lite? Eller huset etter bestefaren til Jostein, som har to fleire etasjar og dobbelt så mange soverom, men som ikkje er heimen vår? Hm hm hm.
At denne potetbygda ikkje har ein chipsfabrikk, noko som er ein skandale.

3 ting eg ønskar meg
Fleire fine skjerf til håret, store og i god god silke.
Eit interrailpass!
Fem nye skjørt som er akkurat same passform som mitt beste skjørt, men med fem ulike mønster.

3 ting eg blir rolig av
Headspace-appen
Jostein
Rutiner, typ å legga klar kleda til ungane på kvelden, ha kaffi i traktaren og dekka på frukostbordet. Små, store ting.

3 ting eg blir stressa av
Pengar, uansett om eg har dei eller ei.
Å føla at eg har for mange ting og for mange bøker. Kanskje ein skulle hatt eit loppemarked på instagram eller noko?
Youtube. Men det drar meg inn!

3 ting eg skal gjera i helga
Lesa bok
Sova ei natt utan ansvar for ungane mine
Laga fastelavnsbollar.

3 ting eg har gjort den siste veka
Fiksa heimeside for Jostein sitt produksjonsselskap
Skrive masse, både til bok og her på bloggen.
Starta ein ny surdeig. Kryss fingrane for den stakkaren.

Follow:
Share:

13 Comments

  1. Ragnhild
    19:09, 22 Feb 2020 / 19:09

    🧡✨

  2. Andrea
    20:49, 22 Feb 2020 / 20:49

    3 x 15 x 🌟

  3. Elena
    08:44, 23 Feb 2020 / 08:44

    Koselig blogg! Gir meg en god følelse hver eneste gang jeg er innom her. Takk. <3

  4. Hanna
    18:27, 23 Feb 2020 / 18:27

    Ja! Instagram-loppemarked er fremtiden!

  5. Kristin
    21:35, 23 Feb 2020 / 21:35

    Koseinnlegg! Litt å kjenne seg igjen i, litt å bli inspirert av, og litt fra en fremmed verden :)

  6. Tone
    22:24, 23 Feb 2020 / 22:24

    Takk! Glad for slike innlegg 😍💙

  7. Signe
    08:58, 24 Feb 2020 / 08:58

    Så fin liste! Vart inspirert til å fylle ut mi eiga. Viktig å setje av tid til refleksjon!

  8. AnneMa
    14:52, 24 Feb 2020 / 14:52

    Elskar bloggen. Og listene dine. Godkjensle!

  9. Stella
    20:08, 24 Feb 2020 / 20:08

    Elsker sånne innlegg🤩

  10. 21:30, 24 Feb 2020 / 21:30

    Denne var fin, og veldig inspirerende.
    Jeg kopierer og deler på bloggen min.

  11. Sigrid
    15:13, 01 Mar 2020 / 15:13

    Så fin liste! Har du en oppskrift på ratatouille å anbefale? God søndag til deg, Mariell!

  12. Åse
    21:50, 01 Mar 2020 / 21:50

    Så fin liste, gøy å lese!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *