Blåfredag

Eg har tenkt oppriktig på å legga ned butikken dei to siste månadane. Det vart for tungt med alt av admin og kundekontakt som følger med, spesielt sidan lagerfunksjonen me brukar ikkje funkar som den skal, og ingen av dei delene er eg særlig god på. Dette som eg starta som ein hobby (verdens merkeligaste hobby!) har vokse seg så stort at det ikkje er mogleg for meg å holda det gåande på sida av alt anna eg driv med lenger. Og egentlig har eg ikkje kunna det på lenge, spesielt det siste halve året har eg vore så overvelda at eg har slitt med kvardagslige ting som å bestemma kva me skal eta til middag. Og eit dårlig samvit for absolutt alt? Og absolutt alle? Det skal bli mitt mål for trettiåra som eg snart skal tre inn i: mindre dårlig samvit og færre dårlige avgjerder. Og meir fridom, gjerne. Er det ikkje det me alle vil ha?

Men den siste veka har eg fått komme litt til overflata og pusta, og fått litt betre oversikt over drifta og kva som må skje for å holda det gåande, med hjelp av Jostein og ein revisor. For i vegen for det ønsket eg har hatt om å legga ned heile greia, sit det folk som har inntekta si hjå meg. Og det er eg så så så så stolt av å ha fått til. I snar framtid skal nokon andre ta over rattet i drifta, nokon som har den kapasiteten, og eg skal få holda i innkjøp og instagram så det framleis er det Fredag som de kjenner. I mellomtiden ser me på vareutvalget, som må endrast litt framover, men eg ser på det med litt lettare auge enn eg gjorde for ikkje så lenge sidan. Og oppi det heile driv eg og tilgir meg sjølv for at eg starta butikk utan peiling. Eg har lært meir enn eg hadde håpt på dei siste to åra. Til dømes at ein kan tapa eit heilt overskot på eit deilig Adventsmagasin når ein ikkje reknar ut kor mykje posten kjem til å kosta. Og at da kan ein få minus på konto og føla seg nokså dum.

Det er så vanvittig hardt å driva butikk. Så mykje hardare enn eg nokon gong hadde trudd, og hadde eg visst alt det eg veit no då, så hadde eg aldri turt å hoppa i det. Men så er det så utruleg fint kor mange av dykk som brukar butikken, som lar oss setta gullkant på kvardagen dykkar og det er så. vanvittig. rørande. Og takk for alt tålmod og kjærleik de har synt oss, det er ikkje alle forunt å ha slike kundar, og det er ikkje noko eg tek for gitt.

No gler me oss til vår og spesielt til designmarknad i butikken 29.februar med blomar og keramikk i andre etasje. Men mens me finn ut av korleis ting skal funka, kvittar me oss med lager (og nokre brands seier me farvel til for godt, som Falcon og Bonne Maison) for å skaffa litt kroner i kassa, og køyrer 30% på alt i butikken denne veka. Så om du ser noko du ynskjer deg, som du kanskje vil gi til nokon i ei gåve eller til deg sjølv eller kva som helst. Så gjer det, det hadde vore fint. Så løftar me butikken saman, inn i hendene på nokon andre

Nettbutikken finn du her.

Follow:
Share:

21 Comments

  1. Linda
    14:55, 19 Feb 2020 / 14:55

    <3

  2. 16:42, 19 Feb 2020 / 16:42

    All min sympati..! Jeg drev også en større nettbutikk en gang i tida, og det er sååå mye mer jobb enn det ser ut som på overflata. <3

    • Mariell
      Author
      17:08, 19 Feb 2020 / 17:08

      Åh, tusen takk! Ja, alle som eg kjenner som driv butikk (som etter kvart er ganske mange) seier akkurat det same. Så er det sikkert sjukt mange faktorar som slår ut på om det går an å driva eller ikkje.

  3. tonemor
    17:25, 19 Feb 2020 / 17:25

    Du unge, fantastiske kvinne.
    Skulle ønske mange flere enn deg startet er prosjekt de ikke hadde peiling på. All den gode energien som ligger i å realisere en drøm. Så må kanskje kursen endres etter hvert, men behold for all del lysten til å starte nytt. Deri ligger det mye glede.

  4. Venn
    17:57, 19 Feb 2020 / 17:57

    Mariell!! Du er så kul. Handlet litt nå!

  5. Bera Bear
    18:01, 19 Feb 2020 / 18:01

    Det virker som at du har en veldig streng stemme inni deg av og til <3

    Gode tanker herifra! Heier!

  6. Guro
    18:08, 19 Feb 2020 / 18:08

    Åh Mariell, nå ble jeg oppriktig lei meg, ikke fordi jeg handler noe særlig fra butikken din men fordi jeg vil deg bare godt og vil at du skal lykkes med det du gjør. Håper det blir bra til slutt ❤️ enten så går det bra, eller så går det over.

  7. Isabel
    18:56, 19 Feb 2020 / 18:56

    Er glad for at dere ikke legger ned. Det er en super butikk! Men er også veldig, veldig, veldig glad for at dere har funnet en løsning som gjør at du har det bra og kan kose deg med butikken din igjen! Man må ikke klare alt alene ♥️

    (Nå fikk jeg sikra meg et siste par Bonne Maison og det er like greit, for jeg har altfor mange sokker! 😂)

  8. Marie
    19:03, 19 Feb 2020 / 19:03

    Imponert av deg både i opp og nedturer. Takk for at du deler! <3

  9. Ruth Sofie
    20:27, 19 Feb 2020 / 20:27

    Takk for at du deler! Og godt dere har funnet en løsning på det. Butikken din er et skattekammer 😊

  10. Mamma
    21:17, 19 Feb 2020 / 21:17

    ❤❤❤❤❤❤❤❤❤❤❤❤❤❤❤❤❤❤❤❤❤❤❤❤❤❤❤❤❤❤❤❤❤❤❤❤❤❤❤❤

  11. Tale
    21:40, 19 Feb 2020 / 21:40

    Spennende å høre om de ulike fasene av det å ha en bedrift. Takk for at du deler!

  12. 23:09, 19 Feb 2020 / 23:09

    Du er vanvittig tøff! Som gjennomfører. Som tør å gå inn og starte noko slikt utan å vite alt om korleis det vil bli, eg synast det er beundringsverdig. Og at du deler både det som går bra og det som er vanskeleg. Masse lukke til!

  13. Johanne
    23:13, 19 Feb 2020 / 23:13

    <3

  14. Tiril
    11:49, 20 Feb 2020 / 11:49

    Etter å ha sett min far starte fleire verksemder gjennom åra har eg verkeleg sett at ein lærer så lenge ein lever, spesielt når ein hoppar inn i slike prosjekt. Pappa nærmar seg 70 år og lærer stadig noko nytt i jobbsamband, men jamment har han blitt ein klok mann av det og. Viss ein prøver å hugse at det er umogleg å vere ferdig utlært i dette livet og ein kjem til å gå på blemmer i framtida også (som pris på post), blir det kanskje ikkje like stort nederlag å gjere feil lenger. Då er ein trass alt ei erfaring rikare og det er få feil som ikkje let seg ordne. Håpar at du finn ei organisering som gjer at butikken gjev deg energi i staden for å stjele den, du har bygd opp noko superflott!

  15. Rita
    12:48, 21 Feb 2020 / 12:48

    Jeg syns du skal rose deg selv for at du startet butikk uten å ha peiling. Ikke tilgi. Du gjorde jo ikke noe galt, du gjorde noe utrolig tøft og modig.

  16. Hanna
    18:59, 21 Feb 2020 / 18:59

    Du er tøff! <3

  17. Susanne
    14:48, 22 Feb 2020 / 14:48

    Hei <3

    Så bra at du gjør endringer når du trenger det for å ha det bra!

    Jeg skulle finne fram din gamle oppskrift på fastelavnsboller, for det er min favoritt-bolleoppskrift. Men nå ser jeg at lenken ikke fungerer lenger og at oppskriften heller ikke er søkbar inne på økologisk.no. Hadde du hatt mulighet til å legge ut oppskriften på bloggen? Det hadde hvertfall reddet min fastelavnssøndag!

  18. Monica
    22:11, 22 Feb 2020 / 22:11

    Takk for enda et fint og ærlig innlegg! Selv er jeg altfor dårlig til å begynne på prosjekter og ting jeg har lyst til å gjøre, så å se folk som deg som faktisk gjennomfører og jobber sjukt hardt, det er utrolig inspirerende. ♡

  19. Maiken
    11:39, 23 Feb 2020 / 11:39

    ❣️

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *