Ei lita liste

Etter den tyngda i går, gjer me noko lett i dag! Yes! Eg fann denne lista hjå Sofia, så den knabbar me! Er ikkje knabbe eit herleg ord?

Men sånn på ordentlig, takk for støtta og forståelsen og alle DMs og til dei av dykk som kommenterte. Det føles trygt å prata her. Så fint.

No til lista!

 

Mitt siste skjermbilde frå telefonen:

Frå Charlotte Jacklin sin instagram, såklart. Ein genser frå Arket som eg syntes var fin.

 

Mitt siste kleskjøp:

Denne genseren frå Boden.

 

Min ferskaste podcast:

Eg har to. Hosteing Laura Jackson, og Teacher’s Pet. To ganske forskjellige dyr, altså. Teacher’s Pet er eg snart ferdig med, sååååååååååå mange episodar vart det der, men ei ganske utruleg historie om ei kvinne som forsvann i 1982 som aldri vart leitt etter, og no blir saka sett på nytt på grunn av denne podcasten. Laura Jackson sin podcast er berre ganske deilig å høyra på, veldig mykje tips og London-kjensle. Eg lengtar så mot London i mai, det skal bli HIMMELSK.

 

Mitt siste sendte SMS:

Mystisk SMS med Kaitlynn.

 

Mitt nyaste bilde på instagram:

Denne panneluggen som eg måtte posta. Liksom, eg måtte.

 

Mitt sist tagga bilde på Facebook:

Altså har du sett ein så fin gjeng før? Nesten kvar dag skriv me til kvarandre i ei fellesgruppe, sjølv om me bur på fire forskjellige plassar no. Og sjå på mini-Saga! Som vart ein del av gjengenDet kan vera så vanskeleg å halda kontakten. Men me prøver og me gjer vårt beste beste beste. Før i veka skreiv eg tre reglar til alle, at alle måtte 1) senda ein selfie av seg sjølv. 2) skriva kva dei skulle eta til middag og 3) legga til ein sang i spelelista. Me har ei speleliste per månad, eg er i veldig varierande grad flink til å legga til songar men det er så fint å vita at det skjer.

 

Mine tre nyaste pins på pinterest:

Savoury herb butter dutch baby pancake.


Bunk beds.

Gulrotkakekanelbollar. Hallo?

 

 

Og bonus: Mine tre sist lagra bilder på instagram:

Hjarteforma ravioli. Kjelde.


Dette er kanskje for andre The Office-nerdar. Fekk meg til å le. Kjelde.


Portrett av Juergen teller. Elskar alt ved dette. Kjelde.

Follow:
Share:

9 Comments

  1. Anna
    17:08, 01 Feb 2020 / 17:08

    Takk for podcast-tips!

  2. Hanna
    17:36, 01 Feb 2020 / 17:36

    Boden hadde nydelige klær! Kanskje du kan lage innlegg med favorittbutikker på nett til klær? :-)

  3. Ragnhild Sogge Heggen
    11:19, 02 Feb 2020 / 11:19

    Måtte berre poste ein kommentar og seie at bloggen din er den einaste eg les heilt fast, og at at eg liker at du deler så mange fine ting og også litt om korleis du verkeleg har det, også når noko er vanskeleg.

    Og så ville eg berre tipse om Netflix-serien “Det abstrakte”, som handlar om designarar eller eigentleg om folk som arbeider med det visuelle generelt – liker så godt dokumentarar om folk som elskar det dei gjer og som deler korleis tenker og arbeider.

  4. 12:16, 02 Feb 2020 / 12:16

    Bloggliste, gøy! Bilder, koseleg! Podcasttips, bra! Why waste time say lot word when few word do trick?!

  5. Anna Søvik
    20:06, 03 Feb 2020 / 20:06

    Liker sånne lister!

  6. Elise
    11:52, 04 Feb 2020 / 11:52

    Den køyesenga altså – SÅ fin!

  7. Tone
    14:57, 04 Feb 2020 / 14:57

    Hallo?! Gulrotkanelbollekake. Vann i munnen!

  8. Christine Schwarz
    12:46, 10 Feb 2020 / 12:46

    det bildet <3

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *