Jostein har vore i Polen med Kulturrådet denne veka (han kom heim i kveld thank god), så eg har vore med ungane og prøvd å få det ihop på ein eller annan måte. På måndag når eg framleis hadde initiativ i kroppen, laga eg amerikanske pannekaker til meg og Edda til lunsj. Stor suksess! Desse er fantastiske, angrar aldri på dei. Og dei er aller best med karamellsausen frå Pärlans som me har i butikken (OBS eigenreklame -> sjå her).
Amerikanske pannekaker
2 personar
250 g mjøl
0,5 ss bakepulver
0,75 dl sukker
0,5 ts havsalt
3 egg
3,5 dl mjølk
6 ss smelta smør, pluss ekstra for steiking
Frukt og karamellsaus til servering
–
Gjer klar toppings på forhånd.
Ha mjøl, bakepulver, sukker og salt i ei skål.
Separer egga. Visp eggeplommene med mjølk og smelta smør.
Hell mjølkeblandinga oppi mjølet og visp til det berre akkurat er blanda. Obs! Ikkje tenk at du skal vispa ut alle klumpar! Det er heilt greitt med klumpar på dette punktet.
Pisk eggekvitene til dei er medium stive. Ha eggekvitene oppi i to omgangar, og brett dei inn med ein stor sleikepott. Det gjer ingenting om du har større kvite flekkar i røra, mykje viktigare å ikkje ta ut all luft av eggekvita.
Steik på ei varm takke eller steikepanne (eg steiker på trinn 6 av 9 på min ovn), i litt smør. Snu dei når dei byrjar å få små hol på den eine sida. Server i ein stabel!
Det ser kjempegodt ut! Må testast ☺️
Å men de museflettene da ♡
Pannekakene ser så deilige ut, legges inn i helgeplanen!
Nam!! <3
Ååh, dette må prøves! Bildene dine er så nydelige og ordene så fine. :)
Takk for oppskrift 😊 Dei må prøvast😊
Herlige bilder med vårlige tulipaner 😍 og fekk lyst å lage pannekaker med ein gong!
For en herlig blomsterbukett!
🤩😍
Åh, det må bli pannekaker på søndag, det kjenner jeg nå. Takk oppskrift!
Forresten: Godt nytt år, Mariell! Ønsker deg og dine alt godt for 2020. Klem fra Oslo!
❣️
Jeg lagde disse i går, stor suksess! 💘
Nam! Jeg lærte faktisk å lage amerikanske pannekaker av deg da du hadde oppskrift på det på økologisk.no 🥞 En helgefavoritt 💕
Author
Så kjekt! :)
Dette skal testast imorgon tidleg!