Foto: Heidi Furre
Mange veit det kanskje ikkje, men då me sa ja til kvarandre på Åmot Operagard 25/7/15, var me allereie gifte. Av omstendigheiter og papirarbeidgrunnar vart det sånn. Dagen før, fredag, etter me var ferdigpakka og klare til å reisa mot bryllupet, satte me oss i ein bil med Fredrik, Sara og Synne. Oss, forlovarane våre (Fredrik og Sara) og Synne, som var ein av våre absolutt viktigaste støttespelarar i heile prosessen, som sydde kjolen min frå scratch og berre var ein jævla drøm av ein venn. Me møtte opp i Hauge kyrkje i vanlige klede, alvoret slo meg så snart me kom inn i kyrkja og den finaste presten i verda, Helene, stod klar i prestekjolen framst ved alteret.
Me gjekk fort oppover golvet, veldig bevisste på kva som skulle skje men óg for fort for å nyta det, for det skulle berre vera for å ha papirarbeidet i orden. Det skulle vera ei praktisk vigsle, og ingenting meir. Me sat oss framme ved alteret, og kyrkjeklokkene ringte i det som føltes som ein evighet og det prikka i hendene, i armane, i føtene. Då eg reiste meg opp skalv eg sånn i heile kroppen at Sara sa at ho såg det fra der ho sat.
Helene hadde bestemt seg for å gjera det spesielt for oss. Kyrkjeklokker og høgtidlig stemning. Og sjølv om eg var så klar for å utsetta kjenslene mine, og skundta meg gjennom, så er eg så takksam for det no. Det er så typisk oss óg, at ting ikkje heilt blir som dei skal men på merkeleg vis derfor blir bedre. Og at me har to bryllupsdagar istadenfor éin.
kjærleiken!! nesten som å lese en novellesamling disse dagene med alle blogginnleggende! julekalender!
Noe så romantisk og nydelig ❤️
Så fint <3
Så romantisk æææ. Føler jeg ser dette i ulike versjoner mer og mer? Det intime først, og så den store feiringa seinere? Inspo ;)
Author
Hihi! Det føler eg óg, som bryllaupsfotograf!
Åh, dette var et eventyr, kjærleiken lenge leve <3 (Ps: dobbel glede når en ser at det er to nye innlegg, hurra)
Åh so herleg å trykka seg inn på bloggen din og oppdaga heile 4 nye innlegg eg ikkje har lest – det gjorde ettermiddagen min!
Takk for alle innlegga du har skrive dei siste dagane! Du er om lag den einaste bloggen eg les lengre, så mange har slutta å poste aktivt! Ønskjer meg at du ikkje sluttar. Du skriv så fint om så fine greier og eg får ei sånn ro i sjela av å lese alle dine kloke, varme, ekte ord! Du kan skrive om kva som helst for min del, det gir meg alltid noko; viktig livsvitskap eller små gleder . Trivielt mål til meg sjølv i 2020: kommentere bloggen din meir.
Enig, du kan faktisk skrive om hva som helst – og det blir satt pris på uansett!
Så nydelig! Gjorde det samme da jeg var forlover, og vi ble tatt på sengen over hvor rørende det plutselig ble. Intimt og ekte, og helt uforberedte følelser.
Elsker forresten at du poster så mye om dagen, føler meg heldig når jeg ser at det er enda ett nytt innlegg fra deg! Også så mange ulike, men fine (!) innlegg!
Fikk helt frysninger jeg ❤️
Og som. En BTW så koser jeg meg SÅ mye med hvor mye du skriver for tiden 😍
Så romantisk og fint! Og smart med to bryllupsdager man kan feire!
Tusen <3 <3 <3!!!