Gløymte filmrullar frå 2017

Håpar de har hatt gode laurdagar rundt omkring! Eg har kjøpt ein bukett tulipanar på Blomsterbui i dag, og Saga fekk velga ei plante som kunne passa på rommet sitt. Dei har den perfekte vinduskarmen for blomar der inne. Me har óg sett Modig for første gong, så sprøtt og fint at det får finnast ein ny type prinsesser i mine ungar sin oppvekst. Eg laga popcorn med brunt smør og det var superbt. Akkurat no, liksom no i dette sekundet, sit eg på golvet i stova etter å ha nettopp lagt Edda, og Jostein spelar “Do you want to build a snowman” på piano og Saga sit på fanget hans og syng. Så takksam for slike dagar der me gjer ytterst lite konstruktivt. Eg skal snart få meg sjølv til å laga middag til oss vaksne, men eg ville blogga desse fine bildene først!

Sist gong eg skulle senda filmar på framkalling til Oslo Foto, så fann eg nokre ekstra eingangskamera bakerst i ei skuff. Dei fekk bli med såklart, og då dei kom tilbake viste det seg at det var kamera frå 2017. Som tidskapslar som låg gøymd bak objektiv og nye filmrullar. Dette var då me feira bursdagen til Saga og var på roadtrip i Sverige med Frøy. Filmen under der er vinter i Lærdal og på hytta, og Saga er ca eit halvt år gamal.

Åh, gi kvarandre eingangskamera. Ta bilder, eit par her og der. Framkall om to år. Smelt av kjærleik. Blir så glad av alle fjesa våre, sjå kor fine me er når me ser på kvarandre? Så tydeleg kor glade me er i personane som tek bildene. Vil gi oss alle ein kos.

Follow:
Share:

6 Comments

  1. Lisa
    20:50, 11 Jan 2020 / 20:50

    Å men bittelille Saga, da!
    Er óg så glad i engangskamera, nettopp på grunn av at det blir en sånn nydelig tidskapsel.
    Kan jeg spørre hva Saga syntes om Modig? Gutten vår er noen måneder yngre og vi har ikke sett noen av de store disneyfilmene, jeg er redd for at de skal være litt voldsomme for han, eller kanskje jeg bare er litt pinglete på hans vegne 😅

    • Mariell
      Author
      21:49, 11 Jan 2020 / 21:49

      I know! Så liten <3

      Eg spurte ho etterpå kva ho syntes om Modig, og ho sa "fin". Haha! Det var jo litt dramatisk med sånn stor sint bjørn, men eg las til ho kva som skulle skje på forhånd og både Jostein og eg var der, liksom. Ho holdt meg i hånda og sat på fanget når det var skummelt. Ho er veldig motivert for å sjå nye filmar, så me såg 2-3 trailerar før me landa på Modig.

      Saga har sett Pocahontas, Vaiana, Modig, Aristokattene, Innsiden Ut, Jungelboken, Robin Hood, Lady og Landstrykeren og Modig. Også Petter Kanin og Paddington-filmane. Alle dei er jo litt dramatiske på sine vis, men eg trur ein ofte overdriv litt for seg sjølv kva dei "toler". Det er jo ofte slike litt dramatiske historiar som setter i gang fantasien til S, og me har så mykje meir å snakka om! Alle kjensler i boka, liksom.

  2. Johanne
    17:11, 12 Jan 2020 / 17:11

    min lørdag var utdrikningslaget mitt! en fantastisk dag som selvfølgelig kom helt overraskende på meg. sykt fint med alle flotte venner og sykt rart at det var liksom JEG som var hun som leste dikt til fremmede på gata under unnskyldningen “HUN SKAL GIFTE SEG!”
    og vi fylte to engangskameraer fra dagen <3

    • Mariell
      Author
      21:47, 12 Jan 2020 / 21:47

      ÅÅÅ gratulerer!! Sååå kjekt. Herregud, det var meg i 2015, eg hadde det beste utdrikningslaget i Oslo men det er ein av dei einaste festane frå mitt liv der eg har faktisk hukommelsestap frå. (:

  3. Mari Frostad
    07:40, 13 Jan 2020 / 07:40

    ♥️

  4. Bera Bear
    19:48, 13 Jan 2020 / 19:48

    <3

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *