Først av alt: omg. Tusen tusen tusen takk for dei beste kommentarane eg fekk i det forrige innlegget her. Det kan av og til føles heilt feil å dela eit sakn på den måten, eg følte meg litt som ein sutrande unge som ikkje fekk viljen sin. Men. Eg har følt sånn ekte pepp og inspirasjon av å høyra frå dykk, eg nesten boblar over. Så eg veit at dette er sånn eit samarbeid, og eg er heilt avhengig av respons. Etter å ha lest all feedbacken så tenkte eg på at det er jo så himla naturlig å ønska respons, liksom. Utan den føler ein seg litt som ein dårlig stand up-komiker der ingen responderer. Det er så mykje bedre slik, når me kommuniserer. Eg får dela, og de får dela. Tankar, inspirasjon, glede, sorg, og herlege ting ein har kjøpt (hehe, smooth overgang).
2019 er over, og eg har tenkt på kva som var det beste eg gjorde med pengane mine i året som gjekk. Eg sparte meir enn eg har gjort tidligare, og gav til forskjellige organisasjonar (spesielt like før jul), men. Kva var dei meir kvardagslige tinga eg kjøpte som eg har satt mest pris på? Her er ni (for eg orka ikkje tvinga meg sjølv til eit rundare tal) favorittar frå i år.
Robotstøvsugar
På ein av dei siste dagane i 2019 kjøpte eg robotstøvsugar på eit supertilbud, og eg er SÅ lykkeleg for det. Ho har blitt ein del av familien, og eg treng ikkje å tråkka i smular lenger. Fun fact: det er min verste verste ting, å gå barbeint i huset også tråkka på smular som eg så tek med meg inn i andre rom. Blir heilt gal av det. No more. Alltid når eg skal bruka så mykje pengar så føler eg at eg er 20 år og må kjøpa nytt kamera men egentlig ikkje har råd, liksom det er ein panikk i magen som er heilt kald. Også hugsar eg at eg er voksen og då blir eg så glad.
Luna night sleeping oil frå Sunday Riley
Denne kjøpte eg på eit herleg tilbod då eg var i New York, og den har totalt endra huden min. Eg har mykje raudt i huden, det er liksom den tingen eg regulerer mest med sminke. Men denne oljen har gjort huden min mindre raud og meir glatt. Eg brukar den ca tre kveldar i veka. Så glad for den. Obs obs så har den retinol, så den er ikkje for gravide.
Walaker Hotell
Ikkje ein ting, men eit opphold på Walaker Hotell i Solvorn i sommar var 100% det Jostein og eg trong. Me var der for å feira bryllaupsdagen vår på ordentlig, og det var heilt himmelsk. Alle folka var så fine, all mat var så god, det var så vakkert både ute og inne. Mest sat me i hagen og las bøker og las passasjar høgt for kvarandre. Det var som ein reboot. Me bestemte oss der og då for at me skulle prøva å få til meir åleinetid, og det gjorde me faktisk ut året. Typ éi natt i månaden eller sånn, det gjer eit hav av skilnad å få våkna saman og ikkje måtta gjera noko umiddelbart.
Bibliotheque av Byredo
Tidlig i 2019 kjøpte eg ei flaske parfyme for pengar eg fekk til jul, og det har blitt mi duft. Bibliotheque. Ifølge Heaven Scent, der eg kjøper denne, har den toppnotar av fersken og plomme. Hjarte av fiol og peon. Base av patchouli, lær og vanilje. Vil aldri vera utan den igjen. No er flaska mi tom, dog, eg brukte dei siste dropane i går. Sit så langt inne å kjøpa ei ny ei, men det må eg nok. Enn så lenge så har eg duftlyset av same duft i stova. Syns det er noko så herleg i å lufta det samme som huset sitt.
Adventsstaken
Denne som eg kjøpte på Finn.no rett før jul var så rett. Eg er så glad for den, endeleg fann eg ein adventsstake som passar heime hjå oss. Føler at alle nyproduserte anten skal vera så industrielle eller så er dei for søte. Dette er ein seriøs men vakker adventsstake som kjem til å holda i hundre år til.
Headspace
Appen som gjorde angsten min tålelig i 2019. Bold statement, I know, men det er heilt sant. Den hjelper meg å sova når eg treng det og å roa meg ned dei få gangane i år då eg har vore nær, eller i, panikkmodus. Eg brukar den jamnlig for å holda meg sjølv i sjakk, og egentlig for å minna meg sjølv på å kjenna etter korleis eg har det istadenfor å prøva å numma det som eg ville gjort før.
Gullspegelen
Eit bruktfunn som eg er så forelska i. Den løfta huset vårt eit hakk.
Berlioz
Ikkje akkurat ein ting, og ikkje hugsar eg heller om me betalte noko for ho, men eg er så glad at me fekk oss katt i 2019. Ho er ein så mild og morsom katt, og det gjer oss veldig godt å ha eit felles fokus som familie. Og perfekt for Jostein som er sensitiv for bråk, å utnytta katten til å kunna sei «no syns Berlioz det blir litt mykje lyd her», hahahaha.
Italia-kartet
Me kjøpte dette på ein bruktbutikk i Parma i april, og det var litt sinnsjukt men mest så er eg så glad for at Jostein og eg framleis kan vera personar som får det til å funka sjølv om det ikkje er praktisk, om det er noko vakkert og over the top som me føler oss dratt mot. 100% den beste typen suvenir.
Liked så godt måten du skriver på♥️! Kanskje blir 2020 året jeg også forsøker Headspace
Author
Do it! Det er ein så ufattelig god app. <3
Signere robotstøvsuger! Altså, at den skulle ha så stor positiv effekt på livet var uventet. Så deilig å komme hjem til ferdig støvsugd stue og virkelig kjenne på at man har kjøpt seg mer tid helt på ekte!
Author
Eller hur!! Det er så fint å ta ein ting som oppriktig er høgt opp på lista over things to do og berre stryka over den utan å ha gjort noko som helst. Også tvingar det oss til å holda det ryddig, for ellers kjem den jo ikkje til der det trengst.
Dette skal jeg overveie for 2020, selv om jeg tidligere har sagt at det kommer jeg aldri til å få. Viktig å kunne ombestemme seg!
Åh! Fristende! Hvilken type har dere?
Author
Eg gjekk all in og kjøpte den som heiter i7 frå Roomba. Den har liksom ein dockingstasjon dit den reiser og tømmer seg når den er full, og det har eg skjønt etter denne korte tida at var eit lurt trekk. For ellers måtte eg ha brukt tiden eg sparar på å støvsuga, på å tømma robotstøvsugaren. Men er ikkje sikkert alle har så mykje havregryn og hår på golvet som oss! :)
Elaker stilen deres, og er aå høy å følge dere. Takk for at du er åpen om angst og smuler under føttene, og minner meg på at det er viktig med alenetid! Drømmer meg ofte bort i alt det fine du legger ut og så liker jeg overraskende godt å lese på nynorsk. Du er ganske vidunderlig, takk ❤
Author
<3 Så fint! Tusen takk!
Så fin adventsstake! Og koseleg at katten får vere med som eit høgdepunkt 😻
Author
Det var heilt på sin plass! :)
I love the map photo – it reminds me of the old map in a cafe in Hundested. Beautiful. I love it when you show pictures of the house and garden, the renovations or changes you have made. I am trying to slowly renovate my house and I love wallpaper but am still a bit fearful of committing to patterned walls so I love what you have done. Kitchen and baking photos are really inspiring to me. I hope you have time to post some of these photos if you make more changes this year. All the best! J
🤩
Robotstøvsuger er høyt på ønskelista mi! Om ca. 1,5 år flytter vi til leilighet på ett plan (den vi har i dag er på to, og føles mer som et hus), og da vil jeg ha støvsuger. Også får vi hund etter hvert. Som røyter. Så robotstøvsuger, med store øyne, må på plass <3
Author
Absolutt veldig bra når ein har husdyr og/eller langt hår, mvh familien med kollektivt enorme mengder hår.
❤😀
elsker kartet!
Fine kjøp og høydepunkter. Veldig inspirerende, syns jeg. Mine høydepunkt i 2019 var leilighetskjøp, deilig tur på spa og å drikke vin av løvtynne Zalto-glass.
Dette er så gøy å lese! Jeg fikk robotstøvsuger til jul, den skal hete Birger 🤖💖
Så mye fint! Vi kjøpte robotstøvsuger i fjor etter at jeg kom over den følelsen av at jeg ikke hadde “lov” til å slippe å støvsuge. Jeg er SÅ glad for det kjøpet, elsker den. Nå må jeg bare finne en robot som kan brette all klesvaskene… Ellers var parfyme også et av mine beste kjøp, litt som å kjøpe seg en versjon av seg selv som man synes er skikkelig kul.
Author
Bra! Det finst jo faktisk ein golvvaskande robot óg. Men tenker at det kjem til å komma mange likestillingsrobotar dei nærmaste åra.
aaah, har lett etter noe som kan hjelpe på rødheten i huden min, takk for tips!!! og hahaha så søtt å skylde på katten for å få stillhet <3
Kan jeg spørre hvem mannen over adventsstaken er? Dere har det såå fint hjemme! Ønsker dere et godt nytt år med masse inspirasjon og glede!
Author
Takk! Det er oldefaren til Jostein. På andre sida av klokka er oldemora hans. Det var dei som hadde dette huset som me bur i, med sine fire døtre (ei av dei bestemora til Jostein).
Den adventsstaken der: 😍! Må rett inn på finn og se om jeg finner noe lignende, haha!
Så einig i det med dei industrielle adventsstakane. Fann ein som var nesten ein gong, men så var den eine lyshaldaren skeiv og den fekk ikkje bli med i utvalet når vi skulle flytte. Kvart år endar vi opp med fire telys dandert i hop. På ingen måte det same som ein fin messingstake. Men! Eg må nemne mitt aller beste kjøp, sjølv om det var i 2018: Ein luftavfuktar! Rakkaren dreg 3 liter vatn i døgnet, og kan altså tørke klevask. I tillegg kan han rullast rundt til andre rom ved behov. Lekkasje på kjøkkenet? Tørkaren rullar inn! Billegare og mykje mindre enn td ein tørketrommel. Genialt særleg for studentar, som flyttar mykje og har lite pengar.
Author
Eg har tenkt SÅ masse på å kjøpe luftavfuktar!! Tek evigheiter å tørka klesvask i dette huset sidan me har null (altså 0) ventilasjon. Oioi. Dette skal eg tenke meir på. Kva for ein har du?
Vi har wood’s mrd20. Og no når eg ser nærare etter var den altså ikkje så veldig billeg – det verka vel berre slik for meg, sidan vi har vore så utruleg fornøgd med han. Tre liter var heller ikkje så presist. Vel, vel. Vi budde i eit svært fuktig klima, og med elendig ventilasjon på badet, det var verkeleg heilt håplaust å få tørka kle og vi fekk fuktskader i taket. Så køyrte vi tørkaren på fullt nokre dagar, og den tørka opp taket og allting. Google-researchen min på den tida konkluderte med at wood’s var det beste – og på nettsida deira har dei ein fin guide til ulike behov. Vi er to vaksne og to born, og landa på at dette er ein passe modell for oss. Kletørken går mykje raskare, og også alle dei våte ytterkleda. Alternativet for oss hadde nok vore tørkeskåp, men sidan vi leiger hus er ikkje det praktisk. Tørketrommel synest eg er for avgrensa, det slit mykje på kleda og ein kan ikkje hive inn i skitne parkdressar osv. Vi har han på på vaskerommet heile tida, der er eit
eige program for kletørk eller også kan ein velge å stille inn luftfuktighet slik at han slår seg av og på ved behov.
Og, sånn for the record – viss du har plass, og ein passeleg ventil, og ikkje er avhengig av å kunne flytte enkelt i næraste framtid – så er sjølvsagt tørkeskåp mykje meir effektivt. Før hadde vi oppvarma vaskerom, og då fekk vi stort sett ei maskin tørr i løpet av ei natt. I eit uoppvarma rom tek det lenger tid. Tørkeskåp gjer jobben på nokre timar. Men om tørkeskåp ikkje er eit alternativ er dette ei bra ordning.
Du har så fin stil! :) Jeg elsker også sånne gamle ting. Og drømmer om robotstøvsuger. Sukk! <3
SÅ inspirerende og fint å lese, og nå har du fått meg nysgjerrig på den oljen. Rødhet er også det jeg regulerer mest med sminke!
Mitt beste kjøp i 2019 var nok å luxe det til med dobbeldyne og nytt sengetøy, selv om jeg er singel og den kun er til meg selv! Smiler hver kveld når jeg legger meg.
😍🥰
Kjenner meg igjen i det med upraktiske suvenirer. En gang tok vi med et svært speil formet som en sol hjem fra Madrid. Er liksom så verdt en litt mer styrete reise. Og robotstøvsuger. Jeg ser en sånn en kjøre inn i livet mitt en gang innen jeg er 30. Jeg gjør det.
Du minnar meg på åleinetid med kjærasten i travel småbarnstid, takk 💛
Fin liste! Aleinetid og katt 💛
Tror vår beste nyanskaffelse i 2019 var (foruten en baby da) et nytt spisebord. Heltre og stort og tåler mye, perfekt med barn i huset. Femhundre kroner på finn, frakt inkludert! Da var jeg fornøyd da.
Blir jo så inspirert at eg får lyst på alle desse tinga!😆 spesielt adventsstaken, Luna-oljen og Biblioteque-parfymen💖
Den parfymen fikk jeg til jul i 2018! Har brukt den som power parfyme – du vet de dagene man trenger å føle seg superfresh, men så har man ikke ork eller anledning til å kjøre rød leppestift og kjole. Men kanskje den skal få bli dette årtiets hverdagsduft, jeg mener – man trenger trodd alt powerfølelse litt hber dag
💕🌎
Digga punktet der du og Jostein vil få til åleinatid, for me veit jo kva det kan bety😍😍😍 Pyjamaparty in tha house😍😍
Mitt desiderte høydepunkt av kjøp i 2019 må være leilighet, har alltid tenkt at det ville være uoppnåelig så lenge jeg er singel. Elsker tips om bra bruktkjøp og interiør-ting, nå skal jeg jo snart gjøre en bolig til helt min egen (uten å tenke på hva utleier måtte synes, hurra!!)
Åh, robotstøvsuger! Så glad for min som eg fekk i bursdagsgåve av sambuaren, er nesten blitt som eit kjæledyr.
Kan du være så snill å skrive et innlegg om Berlioz?<3
Hilsen stor katteentusiast
Så koselig å lese! Jeg fundere veldig på robotstøvsuger; vi har nemlig en hund som røyter drøyt mye. . Men veldig nysgjerrig på den lunaolja; lukter den sterkt? Og vet du om det finnes noen norske forhandlere som har den?
Berlioz 😻
Det Italia-kartet må være den fineste suverniren jeg noensinne har sett!
NYDELIG adventsstake og speil!! Og så koselig med katt <3
Oææ har ikke tenkt på at man ikke trenger å kjøpe de crazye adventsstakene de selger nå til dags, men heller gå back to the rooth. DET skal jeg også i år.
Også må jeg bare si hvor helt ut-av-verden nydelig rommene til døtrene dine er (og selve døtrene selvfølgelig). Altså JEG vil ha det rommet.
Finner så mye inspirasjon på denne bloggen!
Så mye fint og ikke minst gjennomtenkte kjøp! Mine beste kjøp i 2019 var dyre, som ikke er typisk for meg, men 2019 var også året jeg endelig tjente nok og hadde råd til å fornye litt ting jeg hadde hatt en god stund:
– Ny TV! Gikk fra 8-år-gammel 32 flatskjerm til smart TV 50 tommer – kan plutselig se alle detaljene i TV-serier?? Ser ikke så mye på TV, men det var 100% verdt det.
– Ny Macbook Air (selv om jeg ble litt svett over hvor himla dyr den var, men hadde en fra 2o12 som sang på siste verset og krysser fingrene for at denne også varer i 7 år minst!)
– Bose noise-cancelling headphones!!! Bor i utlandet og reiser mye hjem, men reiser enda mer i jobbsammenheng og disse er virkelig life changing på fly og bråkete tog. Generelt har 2019 også vært året hvor jeg virkelig oppdaga trådløse høretelefoner og jeg er frelst.
❤️❤️❤️