Svart senker natten seg

Me skal ha luciafest i kveld. 20 personar skal komma hit og få lussebollar og eplegløgg og pepperkaker.

I mitt indre pågår ein drakamp utan dess like. Utan at eg veit om det skriv hjerna mi to do-lister på sånt som MÅ ordnast før det skal komma folk inn hit, den delen av hjerna mi har bestemt at alt må vera perfekt. Ingen einsleg sokk i eit hjørna, ingen duplokloss, ikkje eit støvkorn.

Men eg NEKTAR. I år har eg følt så mykje på kor godt det er å senka garden og la meg sjølv vera eit satans menneske på denne tiden av året. Eg gidd ikkje, kan ikkje, skal ikkje vidareføra stresset som finst rundt denne tida, som jo er så så så fin. Og det er den tristaste tanken i verda at det skulle komma nokon inn i min heim, ti dagar før jul, og føla seg stressa fordi alt er perfekt. Eg jobbar så hardt mot det, og det er verkeleg ikkje enkelt. Men det tek tid å bygga ned igjen 29 år av forventningar og stress.

Og eg nektar óg tanken om at ting må vera fullført før jul. Må me mala gangen før jul? Really? Blir det ikkje jul om den ikkje er malt? Kjem ungane til å gråta og hugsa det for resten av sine liv, at gangen vår var stygg eit år til? Må me sortera undertøysskuffene? Må me ha alt på frikkin stell før det nye tiåret kjem? Nei. Det blir jul. Om det gjer deg glad; go for it. Men kjenner du pulsen stiga, kjenner du at du blir sur, at du blir sliten. Let it go. Pust inn djupt i lungene, og slepp tanken ut med pusten.

I kveld skal det vera middels ryddig og middels reint her. Me skal eta deilige greier og pynta pepperkaker, og ha det fint. That is all.

Follow:
Share:

12 Comments

  1. Astrid
    13:56, 13 Dec 2019 / 13:56

    Halleluja!!

  2. Anette
    14:48, 13 Dec 2019 / 14:48

    Tusen takk for dette! SÅ deilig innlegg! Jeg óg vil være med å NEKTE! Heller si ja til alt mjukt som ikke er en prestasjon. Være et menneske, slippe opp på krav.❤️

  3. Rs.kveldstad@gmail.com
    19:51, 13 Dec 2019 / 19:51

    Stress er ikke bra for noe. Mye bedre å la lekene ligge strødd og lese en fin julebok for barna. Gode opplevelser er viktig, litt rot tåler vi. Kjenner jeg må si det til meg selv ganske ofte 😅

  4. Kirsti
    00:31, 14 Dec 2019 / 00:31

    SELSKABSORDEN !

    Vi gemmer al den hygge væk
    som flyder her til dagligt,
    og sørger for at alt er tomt,
    vinkelret og sagligt.

    Her ligner et sterilt
    og ubeboeligt kontor,
    for her kommer et par mennesker
    som skal se hvordan vi bor.

    Piet Hein.

    Kloke ord fra Mariell og fra Piet Hein. Ha god advent!

  5. 22:36, 14 Dec 2019 / 22:36

    Kloke ord, og ikkje minst lur filosofi, Mariell!
    Eg har litt å lære. Bor stort sett i mitt eige rot og trivst sånn heilt ok med det, men om nokon skal kome på besøk så rydder eg – og vasker og blir stressa om det er støv på listene. Fordi eg er blind på det til dagleg får eg lasersyn når eg skal sjå det frå andre sitt perspektiv. Fordi det ligg 50 klesplagg på gulvet som uansett skal flyttast på før eg får besøk så får eg intens trang til å skrubbe dusjen, og så rydde inni skapet og så baller det på seg. Innimellom er det sjølvsagt ei bra greie, men stort sett hadde det vel vore betre å berre seie «oisann, sånn er eg, og tåler du det så er du verdt å ha på besøk fleire gonger».

  6. Trude
    12:45, 15 Dec 2019 / 12:45

    Lo godt av denne setningen:»Kjem ungane til å gråta og hugsa det for resten av sine liv, at gangen vår var stygg eit år til?» For det er jo et så godt poeng!

  7. Tulla
    11:43, 17 Dec 2019 / 11:43

    Hei hei ! Kan du få inn julekuler i engel, katt gås, tromme og trompet igjen? <3 Eg treng dei- om så til neste jul!

  8. Eli Karin Kvåle
    07:20, 19 Dec 2019 / 07:20

    Tusen takk for det nydelige adventsmagasinet, lite på utsida og stort inni.Dette skal få bli med i samlinga av julebøker og julehefte som er verdt å gøyma og ta fram att neste desember.
    Eg ønskjer god jul til deg og dine.

  9. Helena
    23:27, 03 Jan 2020 / 23:27

    No saknar eg orda dine her inne noko så inni granskauen! 😍

    • Mariell
      Author
      23:35, 03 Jan 2020 / 23:35

      Det kjem <3

  10. Ida
    18:45, 10 Jan 2020 / 18:45

    Skrivetips frå deg – du skriv så lett og fint, men likevel nært.

Leave a Reply to Astrid Cancel reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *