Kva googlar folk om meg?

HJARTESMIL
Ja, det er jo denne bloggen! Og min fine fine plattform som eg har hatt i ti år no. Utruleg!

 

Dette er jo sånt som kan vera både gøy og skummelt, å finna ut kva andre googlar om ein. Men denne lista fann eg i dag, og eg tenkte at no skulle eg livekommentera desse søka. Let’s go!

HJARTESMIL INSTAGRAM
Ja, det har eg jo! Kom gjerne og følg meg der, eg prøver så hardt eg kan å legga ut fine bilder OG keep it real. Og 2019 var året då eg starta med stories på ordentleg, så vil du sjå mitt snakkande fjes er det der du skal komma.

HJARTESMIL BRYLLUP
Ja! For eg er jo bryllaupsfotograf. Er fullbooka for 2020 no (har litt wiggle room på ein dato eller to), men 2021 er heilt open for deilige bryllaup no. Neste år skal eg få reisa land og strand og også til utlandet. Sjå alle bryllaupa mine her!

HJARTESMIL LONDON GUIDE
Ein sånn ein har eg jo laga. No får ein kjøpt den på heifredag! Då får ein PDF-en sendt automatisk til seg, sååå mykje lettare for meg. I vår reiser me til London, då skal eg passa på å oppdatera den.

HJARTESMIL FOTO
Japs! Eg er fotograf! Tar bilder av alt og alle. Mail meg!

HJARTESMIL LONDON
Eg budde i London i fem år saman med Jostein! Og det var fem fantastiske år, og det er framleis den plassen eg har budd lengst sidan eg flytta heimefrå. Eg var sju månader gravid med Saga då me flytta heim att, og det er eg så glad for at me gjorde.

HJARTESMIL GRANOLA
Hm ja, nokre slike oppskrifter har eg laga. Kanskje det var denne dei leitte etter?

HJARTESMIL NETTBUTIKK
Den er her: heifredag.no!

HJARTESMIL BUTIKK
Den ligg i Øyragata 20 i Lærdal og heiter Fredag. Me har ope torsdag og fredag 11-17 og laurdag 11-15!

HJARTESMIL INSTA
Sjå HJARTESMIL INSTAGRAM.

Follow:
Share:

1 Comment

  1. Eline
    19:52, 27 Dec 2019 / 19:52

    Jeg googler alltid «hjartesmil weekend pancakes». Så sjukt gode.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *