Dei siste dagane har vore så fylte av glede og stress samtidig, å lansera magasin var typ som å arrangera bryllaup! Berre at det er mange gonger fleire gjester enn eg nokon gong vurderte, haha. Og NRK Sogn og Fjordane var der då magasina kom frå trykkeriet, det var ein veldig bra dag altså. Eg hadde nesten ingen reaksjon då eg såg dei fordi dei såg nøyaktig ut som dei skulle. Eg er så glad for mitt beste trykkeri, Printfarm i Årdal. YES!
Eg har nettopp stappa 30 magasin ned i konvoluttar medan eg ser på Gourmet Makes på youtube, og skal gå på postkontoret med dei så snart Jostein kjem heim frå korøving. Me satsar hardt på å få ut alle magasin før adventstida startar! Dei kjem til å kunna kjøpast på mange utsalgsplassar óg (Oslo, Bergen, Trondheim, Lesja, Sandane, Øvre Årdal, Lærdal), eg legg ved lista nederst i innlegget! Og følg med på instagram for å sjå når dei får inn magasin, det er ikkje alle som har fått sine enda! Men først og fremst kan ein kjøpa det her.
Neste år er det 10 år sidan første gong eg ga ut eit magasin, og halvt tenker eg “korleis VÅGAR DU å ta ein sånn sjanse” som det jo er kvar gong, spesielt når eg gjer så mykje av det åleine og eg ikkje har reklame som kan hjelpa til med trykkeutgiftene. Men eg er aldri redd! For eg veit jo at så lenge eg legg hjartet mitt i det, og lagar noko eg er stolt av sjølv, så kjem de nydelege folk (som eg vil skvisa fjesa til og KYSSA) til å kjøpa det og nyta det og å hjelpa meg vidare. At de deler mine greier vidare, anten det er over bordet med di beste venninne eller på instagram, det betyr ALT for meg. Og herregud som folk er forvirra av at det går an å bygga ei karriere på å ha ein sånn gjeng med likesinna fantastiske kvinner med seg på vegen.
Tusen takk, you make my dreams come true. Sånn seriøst. ♥
Gratulerer med nok en magasinlansering!
Lykke til med salget <3
Jeg har fått Advent i posten og hadde planlagt å vente med å lese det, men det gikk ikke! Tusen takk for en herlig stund med den flotte og herlige stemningen du klarer å skape på papiret!!
Author
Takk takk takk!! <3
Gratulerer så mye, Mariell<3 Mitt eksemplar ligger på stuebordet mellom klementiner og røde stearinlys og smiler et lurt smil fordi jeg liksom har bestemt meg for å spare det til søndag. Men jeg kikker stjålent i det litt nå og da. Gleder meg så masse til å lese og bake og lage!
Author
Åååå herrefred, Emilie! Tusen takk! <3
Åh, har du laget magasin?? Så utrolig kult!! 🤗
Gratulerer med et superfint magasin! Gleder meg allerede til neste søndag og nytt “kapittel”.
Author
Åå, tusen takk!! <3
Tuusen takk for et nydelig adventsmagasin! Kosa meg SÅ med gløgg, spilleliste og masse inspirasjon da det kom i posten for noen dager siden :-) Som noen sa over her, gleder meg til neste “kapittel” på søndag! (Men har smugkikka. Ofc.)