Friday I’m in love

Eg spring med hovudet først inn i helga denne veka, me har nokre så fine ting planlagt (som Saga sin første fest i livet! Hurra!) og eg treng så intenst å kvila. Forrige helg reiste eg til New York og fotograferte to av dei varmaste folka sitt bryllaup (sjå! Sjå kor fine dei er!), og det var fantastisk og eg hadde det så vanskeleg før eg reiste også reiste eg og klarte det og no i dagane sidan har eg hatt mindre angst enn vanlig. Som ein tung vekt har vorte løfta av skuldrene mine, sjølv om eg veit jo at det kjem tilbake, det gjer det jo alltid. Men eg har blitt så mykje flinkare til å setta pris på korleis eg har det i nuet. Og i dette nu har eg det veldig fint. Berre sliten. Vanlig sliten, og det er godt.

Eit spørsmål som eg har: er det nokon av dykk som brukar skin rollers eller gua sha for å massera kjeven/løysa opp spenningar der? Eg held så mykje stress i kjeven, den lagar ein klikkelyd i periodar der eg er spesielt stressa, og eg lurer på om det kunne vore ein bra ting for meg. Merci!

Kva anna har eg planlagt for helga? Desse er tinga eg bestemte meg for å gjera i helga, på onsdag. Når eg bestemmer kva eg skal gjera i helga midt i veka så blir det kun ting å sjå fram imot, og null panikk når fredag kjem for kva i alle dagar me skal ta oss til i helga. Berre sjå på denne deilige lista: Baking til julemagasinet mitt, ein heilsteikt kylling, ei ny bok og eit ryddeprosjekt. MMMM så deilig liste! Om det blir rolig vær skal me óg få malt litt ute, snart er det jo siste sjangs før frosten kjem. Åh, veit de kva? Me har fått levert typ 35 sekkar med bjørkeved og DET ER SÅ GODT å vita at me har nok ved til å vera varme leeeeeeeenge. Spesielt sidan pappa har bygd eit vedstativ til oss som held tre heile sekkar med ved, så me ikkje må henta kvar dag. Sånn er det å bu i gamalt hus, haha. Kva skal de gjera i helga? Kan de ikkje dela det under her?

Som eit generelt tips må eg skriva om Sofia Wood sin blogg som er det beste på internett akkurat no. Ein så gjennomtenkt og ærlig og kompromisslaus plass på internett, der det er så høg takhøgd og god stemning. Gler meg så til å få kokeboka hennar i postkassa.

@theembellishstudio på instagram har så mange fine hårbøyler. Men det har jo eg óg, allereie. Men dei er jo så fine?

Altså, dette dynetrekket frå Gant (bilete frå @alinabrane) er såååå sjuuuuukt vakkert. Eg har ikkje lov å kjøpa meir sengeklede, men eg tenkte kanskje det finst nokon der ute som treng noko så vakkert i sitt liv.

Om nokon av dykk óg er besatt av the Office (which you should be), så er dette eit tips: Jenna Fischer og Angela Kinsey som spelar Pam og Angela, har no ein podcast som heiter Office Ladies, som er ein watch-along podcast der dei tek for seg ein episode kvar veke, og gir så mykje innsikt i korleis episoden er laga, så masse fantastisk fakta, og små historiar som kun dei kan vita om. Elskar!

Follow:
Share:

7 Comments

  1. Martine
    12:21, 25 Oct 2019 / 12:21

    Så bra at New York ble et eventyr :D Jeg kan føle stemningen gjennom bildet. På lørdag skal jeg og en venninne arrangere Halloween-fest for koret vårt, og det gledes til det! Søndag skal jeg i suppebesøk til et venne- og nabopar – det blir som alltid veldig smakfullt og koselig.

    Har du tenkt noe mer på kaféheng i Bergen i løpet av høsten eller vinteren? <3

  2. Vilde
    13:35, 25 Oct 2019 / 13:35

    Når kommer magsinet ditt og hvor kan man få tak i det? God helg!

  3. Karoline
    18:18, 25 Oct 2019 / 18:18

    Her er planen for helga ganske liten. Vi skal vi skru frå kvarandre ein sofa og få stua den i boda.
    Eg brukar ikkje skinroller, men bruker bittskinne når eg søv for ellers går det hardt utover tennene. Eg gnisser dei samtidig som eg bit hardt ihop når eg er stressa. God helg til deg og dine fine :)

  4. Maja
    13:06, 26 Oct 2019 / 13:06

    Angående kjeven: Jeg lærte av en fysioterapeut at jeg skulle massere ved å putte en finger inn i kjeften på innsiden av kinnet og en på utsiden av kinnet og finne fram til den muskelen som står i spenn(der det gjør mest vondt) og massere på den. Fungerer fantastisk på meg!

    • Mariell
      Author
      20:16, 27 Oct 2019 / 20:16

      Eg er religiøst oppteken av Race Chaser (woo hoo).

  5. Maria
    21:52, 05 Nov 2019 / 21:52

    Mener Lee from America har en video om massasje for “bruxism”, funker veldig bra for meg hvertfall!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *