
Sunniva og Ole. Oh my word, for eit par. Av og til møter ein folk som virkar nesten til å ikkje kunna eksistera saman med nokon andre enn den dei er med. Og desse er eit sånt par. Det føltes som skjebnen. Og er det lov å vera så vakre? Eg berre spør. Vigsla var i Akershus Slottskirke, som er ein av dei mest utrulege plassane eg har fått fotografera, og festen på Hellviktangen på Nesodden.
Den første mailen i innboksen min frå Sunniva er frå 2010. Ho har fulgt med på bloggen sidan då, så å steppa inn i livet hennar for ein dag føltes så innmari trygt, som å fotografera bryllaupet til ein barndomsvenn. Eg kjenner meg sånn igjen i ho, i nervene og i korleis ho tek inn all energi i eit rom.
Eg var med dei i ti timar, ti krystallklare timar med den reinaste kjærleiken. Og det var ikkje berre brudeparet heller, men talar som gjekk rett på sak, rett i kjensla. Ingen som starta talane sine med å fortelja korleis dei skreiv talen, berre rett i kjærleiken. Folk var ikkje redde for å visa kjærleik, gråta, vera glade.
Eg vart så passa på, så dulla med, og dei berre lot meg gjera greia mi. Det er det beste eg veit. Tusen tusen takk for eit nydeleg oppdrag, Sunniva og Ole♥
















































































Altså hallo herregud så fint
Author
Tusen takk, fine du <3
Stemninga!! Bildene!! Brudeparet!! Herregud så fint. Og så sykt talentfull og hardtarbeidende du er som fanger følelsene på denne måten <3
Author
Eg vart så rørt av denne kommentaren! Føler meg så sett, hehe! <3
Så nydelige bilder ♥ Kjærligheten, følelsene, stemningen, jeg elsker alt. Og spesielt at jeg skimter ryllik i brudebuketten ;)
For noen nydelige bilder! Fikk tårer i øynene <3
Den kjolen til bruden – oh my gosh!
Åå, så vakkert!
Fantastisk godt arbeid Mariell!!!
Nydelig!
Vet du tilfeldigvis hvor kjolen er fra?
Så nydelig! Fantastiske bilder. Og ligner ikke Sunniva veldig på Grace fra Peaky Blinders?