Fem gode ting

Inneheld eigenreklame

God søndagskveld, alle saman! Eg håpar de har hatt ei strålande, avslappande helg♥ Eg tenkte å flytta denne lista til søndagen, og beholda fredagslinkane mine? Eg likar å dela dei, og de likar jo å lesa dei, så. What do you think?

Me har vore på hytta igjen, der var det plutseleg blitt seinhaust og frost. Me putta ungane i bilen klokka seks og køyrte heim, og nokon sovna og nokon sovna IKKJE, men det var i alle fall beinkaldt i huset då me kom inn, så no fyrer me alt me kan og eg har vore ute i ein time og gravd opp dahliaknølane mine. Følte meg ekstremt vaksen, pluss at eg gjorde det MED hovudlykt og UTAN podcast/musikk/underholdning. Ekstremt godt å ikkje føla at eg må distrahera meg sjølv med stimuli heile tiden, berre få gjera noko manuelt og vera åleine inni hovudet. Forresten! Så har eg fått Valrhona-sjokolade i posten (yes, that’s me!) så no skal eg få laga chocholate chip cookies-deig denne veka, også skal de få oppskrift. Tenkte at den skal få plass i adventsmagasinet mitt óg. No skal Jostein og eg laga oss noko godt til kveldsmat og klappa vår veldig veldig selskapssjuke katt. Men først, her er mine fem gode ting frå denne veka. Kva er dine?

01. Me har gått tur etter middag denne veka, har hatt sånt overskudd, mykje fordi: me kranglar ikkje. Å ha ungar er å konstant rekalibrera hjerna til kva som skjer akkurat no, det er liksom ingen pause. Berre ulike utviklingsfasar, og no er det viljen som er i utvikling og då havnar ein litt i klinsj. Men egentlig handlar det mest om å ta eit steg tilbake og sjå korleis ein kan få det til å funka utan å bli gal. Så det gjorde me denne veka, og det har funka som ein draum. Føler meg så lett av det, at eg veit at ungane får det dei treng og at ingen må kjempa. Men må alltid ha overskot før oversikta kjem, det er det som er trikset.

02. I helga kjøpte eg masse deilige grønnsaker på haustmarknaden her i Lærdal, og eg har stappa dei ned i alle middagar denne veka. Kjøpte graskar, purre, vårlauk, grønkål, rødbetar og sellerirot. Har laga: gryte med salsiccia, orzo, graskar, purre, sellerirot og grønkål. Fiskegrateng med grønkål og purre (ungane sin favoritt!). Risotto med graskar og purre og vellagra parmesan. Skulle ønska det alltid var slik tilgang på utrulege grønnsaker!

03. Jostein har lært seg å laga majones! Det er ein av mine beste ting, når Jostein har ein ny kulinarisk periode. Så no står det eit stort glas heimelaga, deilig, majones der og berre ventar på meg. Gler meg til han skal eksperimentera med meir eddik og få den til å bli ordentlig syrleg, som favorittmajonesen me hadde i London. Så sterk og eddikete og nydeleg.

04. Kvardagsdessert (som no er eit ord Saga kan): knust bixit i botnen av eit glas. Så på med gresk yoghurt (eg har litt lønnesirup og kanel i). Toppa med frukt eller bær, og ein cappuccino, takk! Andre ting eg elskar å eta akkurat no: Vill mandlar med havsalt.

05. RuPaul’s Drag Race UK!!! I går kveld, på hytta, då alle andre la seg for å sova (lure folk) sat eg og Jostein oss til å sjå første episode av Drag Race UK. Det var så forfriskande, det er verkeleg ein heilt annan verden enn den amerikanske versjonen. Nokon andre som ser på?

Fem Fredag-favorittar akkurat no:

Follow:
Share:

9 Comments

  1. Hanna
    21:56, 06 Oct 2019 / 21:56

    Liker disse listene! <3

  2. Karoline
    09:56, 07 Oct 2019 / 09:56

    Hmm *google google* salsiccia og orzo.. aner ikkje kva det er eg :D Blir alltid så imponert over maten de lagar og kva de får ongane til å smake på. Min 2 åring er litt redd for å smake nye ting. Men dei matrettane han vart introdusert for med det samme han skulle lære seg å ete middag gafflar han innpå.. En får berre stadig prøve :) Du er til stor inspirasjon. Kass streamingstad finn de R.P Drag Race UK? Elskar omtrent alt frå UK <3.

    • Mariell
      Author
      11:02, 07 Oct 2019 / 11:02

      Me ser direkte på BBC! :) Me har ein sånn VPN-sak.

  3. Charlotte
    16:05, 07 Oct 2019 / 16:05

    Nå sitter jeg her i London og lurer veldig på hva favorittmajonesen din er… kanskje det kan bli min favoritt og!

  4. Karen
    13:18, 08 Oct 2019 / 13:18

    Herlig tråd som minner oss om at de små tingene i livet er så viktige å nyte. :-) Og ja, hjemmelaget majones er så godt. Mamma lærte meg å lage det allerede da jeg var liten og ødela for alltid alle andres hjemmelagede potetsalater o.l. siden alle bruker kjøpemajones, som bare ikke er godt.

    Mine fem gode ting siste uke:
    1. Null hull hos tannpleier nok en gang! Gruer meg alltid så fryktelig i forkant og vil aller helst utsette, men det gikk jo bra. :-D
    2. Nystekt brunsviger. Vi skulle bake kanelboller, men jeg ble lat og valgte brunsviger i stedet siden det går raskere. Ååå. den var så god. Bedre enn kanelboller!
    3. Å stå i vinduet fredag ettermiddag og se de tre fine store barna mine (sjetteklassing, tredjeklassing og fersk førsteklassing, tenk bare skolebarn, det føles merkelig fremdeles) komme gående hjem sammen mens de skravler og ler og passer på hverandre.
    4. Levende lys. Jeg liker ikke høst eller vinter, liker ikke snø eller kulde. MEN, jeg elsker å tenne levende lys på kvelden, og det er det jo ingen vits i om sommeren, så det er en av de små tingene jeg nyter med denne årstiden.
    5. Sofa, strikketøy og fineste Emmelina på fanget.

  5. Heidi
    15:14, 08 Oct 2019 / 15:14

    Kan du dele oppskrift på fiskegrateng?:)

    • Mariell
      Author
      15:15, 08 Oct 2019 / 15:15

      Ja! Eg tok faktisk bilder forrige veke, så det kan eg. Watch this space!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *