Karamell & fjell

No er tiden der me prøver å setta oss i bilen så ofte me kan for å køyra på hytta på Filefjell. Det er den vakraste tiden, alt går i tonar av sennep og honning og karamell, mmmmm høyrest ut som ein deilig sandwich. No i helga skal me det igjen, kombinert med litt butikkarbeid nede i bygda, og det skal bli fint. Stoppa på Ljøsne og kjøpa med oss frukt (kjøper alltid alt dei har) og så er det straka vegen! Me spelar Hakkebakkeskogen i bilen, eller italiensk sekstital når ungane har sovna. Eg er den som har nøklane, eg fiksar bommen, så parkerer me ved hytta. Når det kjem snø er det heile så mykje meir komplisert, då er det truger og ski og glatt og blautt. Ikkje min favoritt. Men no. Hausten får gjerne vara ut november, også pang! Jul!

I alle fall reiste me på hytta. Me sov ei natt, såg tegnefilmar, tok bilder ute i haustsola. Svigerforeldrene mine plukka ei bøtte med blåbær. Så reiste me ned att!

Når eg snakkar om hytta med folk frå andre land syns dei det er det raraste i verda. Du meinar at du har eit hus større enn ditt eige hus, førti minutt frå ditt eige hus? Og du er der kanskje ein månad av året, til saman? De skriv i ei slags minnebok kvar gong de reiser heim att sjølv om de ikkje overnatta eingong? Og de har TV der, men ikkje heime? 

Eg meinar, eg skjønnar jo forvirringa. Men det er jo deilig, da?

Og dette fjeset… det er “bestemor er formidlar på museum”-fjeset. Liksom, ho vil berre høyra alt.

Follow:
Share:

9 Comments

  1. Caroline
    22:13, 01 Oct 2019 / 22:13

    Omg, så fine dere er! Stjerneriøynenesmilefjes!

  2. 08:49, 02 Oct 2019 / 08:49

    Wow, så nydelig!! <3 Nå fikk jeg skikkelig lyst til å dra til fjells en tur jeg også, og bare på en måte være der litt.

  3. 19:54, 02 Oct 2019 / 19:54

    Ååå fine dere ♥ Og for noen herlige bilder! Jeg blir så varm i hjertet av å se ekte smil og latter. Ekte glede. Det er virkelig de små tingene i livet som betyr mest. Høstfarger, blåbær i et spann og en bestemor som forteller.

  4. Regine
    20:49, 02 Oct 2019 / 20:49

    Så fine høstfarger! Og nydelige bilder av søstrene. Kanskje et av de blir årets julebilde til familie og venner, om dere sender den slags.
    La høsten bli lang og fin og tørr, med mange varme farger.

  5. Tale
    09:36, 03 Oct 2019 / 09:36

    litt funny at dere har tv på hytta (men ikke hjemme, som du sier), men veldig gøy å ha et sted å dra til! :-)

  6. Synøve
    12:11, 03 Oct 2019 / 12:11

    Jeg elsker bloggen din! Men savner veldig blogg-feeden. Kan du ikke lage en funksjon der man kan lese alle innleggene etter hverandre?

    • Mariell
      Author
      13:02, 03 Oct 2019 / 13:02

      Tusen takk, Synnøve! Skjønnar. Men eg kjem til å beholda bloggen som den er, eg føler at eg bloggar meir mindfully med dette formatet pluss at eg får fleire kommentarar enn eg gjorde ei stund (sjølv om det er minimalt med sånt no som dei fleste kun brukar mobil til å lesa bloggar). <3 Eg prøvde å sjekka ut om designet tillet ein liksom meir bloggfeed, men eg fant ikkje det. :/

    • Ragnhild Mulholland Ylvisaker
      08:08, 04 Oct 2019 / 08:08

      Kan anbefale bloglovin til dette! Er som en egen portal, egentlig for å ha en plass å gå for de som følger masse blogger. Men det går og an å gå inn på en “feed” for hver blogg der :)

      Og Mariell, elsk elsk elsk på bloggen din ekstra mye den siste tiden. Er så herlig å lese 💛

  7. 21:01, 04 Oct 2019 / 21:01

    Anbefaler «hytta» som kom på Kagge i vår, masse interessant om vårt forhold til hytter.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *