Fem gode ting

Inneheld eigenreklame

Det er fredag! Litt inspirert av gratitude-boka me fekk inn i butikken i går, tenkte eg på kor fint det tross alt kan vera å lesa om dei store og små tinga som forbetrar liva til andre. Det kan jo vera inspirerande å sjå kva andre set pris på, mest av alt fordi ein då ser på seg sjølv med nye auge. Her er mine fem gode ting i dag:

01. Det er så vakkert no, eg er redd for å gå glipp av denne sesongen. Her nede i sentrum (eg sit på butikken og skriv dette), er det ikkje lenger sol no. Heime har me sol i nokre veker til, og når den kjem fram så MÅ ein berre gå ut uansett vær. Denne helga er det Lærdalsmarknaden, haustmarknad, og i morgon skal mamma stå i butikken og då er ho på sitt beste – når det berre buzzzzar av folk inn og ut, ho elskar det (og de er så søte når de sender meldingar til ho når ho postar på Fredag sine stories). I går gjekk ho gjennom butikken og sa “denne skal eg snakka om på laurdag, og denne skal eg snakka om på laurdag”. Ho kom innom butikken med ein pose med seks pakker halloumi. Det har jo vore typ umulig å få tak i det i sommar, og på Meny i Sogndal fekk ho vita at 26.september skulle dei få inn igjen halloumi, så då er ho der 26.september. Eg åt halloumiburgeren min med sånn glede i går kveld, og tenkte på mamma. Takk, mams!

02. Fredrik har vore på besøk heile veka, og det er den tryggaste og beste kjensla å ha nokon som berre er her, han poppar inn og poppar tilbake (han bur i det tomme huset på garden når han er her) etter behov og det er liksom ingen reglar for korleis me skal omgås med kvarandre. Det spelar ikkje så stor rolle om det er rotete i huset, og han leikar med ungane mine. Er ikkje det det finaste som finst? Venner som VIL leika med ungane mine? Det er berre komfortabelt. 13 år har me kjent kvarandre no. Me har sett heile Fleabag ilag, og eg har drilla han på Phoebe Waller-Bridge, og i går kveld drakk me gin og såg min beste film, The Favourite. Eg har sett den tre gonger no, skulle kanskje ha utvida horisonten litt? Men nei takk. Istadenfor såg me 22 minutt med ekstramateriale og det var så inspirerande å sjå korleis den er filma, korleis den er regissert. Å ha Fredrik i nærleiken betyr store store samtalar og små små samtalar, og eg er konstant inspirert. Kanskje vågar eg óg å gjera noko stort snart? Snart flyttar han til Kristiansand for eit år, sei gjerne ifrå om de a) kjenner cute guys og b) veit om ein fin leilighet.

03. I morgon skal eg få fotografera bryllaup i stavkyrkje, eg har litt ærefrykt for det, men det trur eg blir berre spennande (eg har sommarfuglar i magen når eg skriv dette). Eg driv no og trålar gater i Google Street View etter dei beste plassane å ta portrett. Det er eit beyond nydeleg brudepar, eg gler meg så til det.

04. AJOUR. Eg har levert, fakturert, fiksa, alt som skal fiksast i fotografibedrifta mi. Alle kontrakter er sendt, og eg er nesten fullbooka for bryllaup neste år. Eg var litt redd for, no på innspurten av bryllupssesongen, at eg skulle springa gjennom alle bilder, få gjort all jobben, få fakturert alt, og likevel føla eit enormt stress. Liksom, at det hadde blitt kronisk? Men det har ikkje det. Så. Sjukt. Godt. Eg trur eg lærte mykje ved forrige aktive sesong, som berre ligg i bakhovudet og hjelper meg. Elskar når hjerna berre jobbar utan meg?

05. Eg har mista mange av oppskriftene mine no som sida der dei låg har blitt ny, så eg trur eg må til og baka litt? Spesielt mine beste sjokoladekjeks, som har forsvunne utan eit spor – eg skal la meg sjølv baka dei i veka som kjem (når ein jobbar torsdag-søndag må ein ta fri i veka! Lov meg at de andre frilansarar gjer det óg!), og legga opp oppskrifta på nytt!

Fem Fredag-favorittar akkurat no:

Follow:
Share:

3 Comments

  1. Renate
    13:56, 27 Sep 2019 / 13:56

    Hei, du gjør veldig store ting ganske ofte compared to me ass!😆

  2. Maiken
    18:34, 28 Sep 2019 / 18:34

    Elskar mammo di på Heifredag! Keep it coming mama!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *