Tankar i fjellet

Edda. Ho et maten sin sjølv no, med skei og gaffel, ho elskar nesten all mat utanom ris. Ikkje prøv å gi den ungen ris. Ho blir heilt stille når ho er fornøgd ved bordet, og kan bråka som eit vilt dyr når ho ikkje er det. Men likar ho det, då et ho opp først av alle og spør umiddelbart om meir. Det er så rart at ho har blitt så stor, kvar vart det av babyen min som sovna på brystkassa og berre ville kosa? No har ho ikkje tid, for ho skal driva med underholdning. Og det gjer ho, ho har så mange triks og ho er så sjukt morsom. I går tok ho opp eit kamera i tre, retta det mot meg og sa CHEEESE. Og ho har ikkje alltid kos til meg, men ho har alltid kos til Saga!

«Søskenflokken», kor lang avstand skal ein ha mellom desse ungane? Eg bookar bryllup to år i forvegen no, det føles så skummelt og samtidig så deilig. Då kan eg ikkje bli gravid før den tid, tenkjer eg, og det er ein frigjerande tanke. Å få nyta desse to jentene mine ei stund no, å gi kroppen ein pause, å gi meg sjølv ein pause. No som Edda har blitt så robust, er det meir rom til meg i mitt eige liv. Eg snakkar med venner om så djuptgåande ting, føler meg så tilstades då. Søker tilbake til dei, og til meg sjølv. Dei har sett meg gå frå ein bombastisk og svart/kvitt-sekstenåring til ein mjukare tobarnsmamma. Dei seier ting som er så kloke og sjokkerande enkle, samtidig som eg føler meg så pakka inn i silkepapir av dei, på den beste beste måten. Så me ventar nok litt med søskenflokken no, og ser det an. Lar føtene som tassar over golvet voksa seg litt større, også kan me tenka på det igjen. Eg vil sova på det i tusen netter først. Men eg lengtar jo mot ein veslebror.

Vårhagen. Snart kjøper eg lauk til tulipanar og påskeliljer som me skal grava ned i jorda, eg vil kjøpa intrikate og tjukke typar (les: dyrare), og passa på å grava dei ned på rett måte, i rett tid. Då må eg gjera som vanlig når eg lurer på korleis ein gjer noko: observera svigermor først.

Trykk. Eg er så glad for at eg har eit stort nok publikum til å gjera sånt som blir sett på som ekstremt risky these days: trykk! Altså, at eg kan laga eit julemagasin og føla meg trygg på å ikkje tapa pengar. Det er jo verkeleg ikkje sånt som ein tjener på, sidan det er reklamefritt, men det gir meg så mykje glede å gjera slike produkt. Og snart skal me gi ut andre ting óg på Fredag, ting fulle av tankar og visuell identitet, eg gler meg så innnnnnnmari til det.

Fredag & Johanne. Fine, fine Johanne, som eg har ansatt i 40% til butikken, som alltid seier ja når ho kan og nei når ho ikkje kan, som eg kan vera akkurat så uorganisert som eg er framfor utan å føla meg dum. Ho hjelper meg så mykje, og eg håpar at ho og Karoline blir verande i Lærdal for alltid.

Jostein og eg. For nokre dagar sidan tenkte eg på at når eg er 34, som føles snart men heldigvis er fem år til, då har me vore saman i 20 år, og det føles så heilt absurd sjølv om det er det mest sjølvsagte i livet. Me brukar å spøka om at me har ødelagt kvarandre frå å leva saman med nokon andre, me passar kun for oss, liksom. Men me kjempar på no, det er aldri nok tid verken til å tenka store tankar eller fullføra ei setning, men det er takhøgd og kjærleik og akkurat no er det nok.

Hytta. Her sit eg no, på Filefjell, det er heilt mørkt ute men eg veit at i morgonlyset kjem trea til å skrika mot meg med haustfargar. Me køyrte opp hit akkurat i tide til å få med oss litt sol, og det gjer meg så godt å vera her. Tenk at akkurat familien til min mann har denne hytta. Så rart å tenka på kva andre menn eg kunne gifta meg med hadde hatt? Tenk om dei hadde hatt kjedelige foreldre? Mens eg fekk ein gard å bu på og ei hytte å flykta til.

Follow:
Share:

5 Comments

  1. ElinPelin
    10:24, 22 Sep 2019 / 10:24

    Så fint og jordnært skrevet. Teksten passet ypperlig inn på denne fine høstdagen, takk.

  2. Helene
    11:26, 22 Sep 2019 / 11:26

    Så herleg òg flott! Kjenner eg er misunneleg på fin haust i trivselsfylket no ;)

  3. 12:41, 23 Sep 2019 / 12:41

    Så fint å lese ;) Har du forresten mer igjen av det første julemagasinet du lagde?

  4. Eli
    00:43, 26 Sep 2019 / 00:43

    Perfekt lesing til morgenkaffen! Tekstene dine om hvordan det føltes å være deg sølv før å nå inspirerer meg til å tenke mer på det for mitt egne liv. Takk!

  5. sigrid
    09:32, 28 Sep 2019 / 09:32

    <3

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *