10 ting som gjer meg glad

Plommetreet vårt har så mange plommer i år, eg elskar å plukka med meg eit par når eg går forbi. Edda er besatt av plommer, egentlig alt av frukt generelt.

Jostein og eg har heile jobbdagar no, og det føles heilt augeopnande at neste år på denne tida har me heile arbeidsdagar, begge to samtidig. Me har jo Edda heime til ho er to år (halleluja kontantstøtte), så det er ein kabal å få tiden til å strekka til når me begge jobbar 100%. Men no som me har klart definert tid, er det så mykje enklare å nyta tiden saman med ho óg (istadenfor å ha gnagande jobbgreier i bakhovudet). Så sjølv om det framleis er høgsesong for meg, føler eg ikkje at eg druknar i arbeid.

Matkjellaren er full av syltetøy som Jostein og eg har laga i lag. Så langt har me jordbær, plomme (berre litt, den store plommesyltingen skjer i september!), vanlig aprikos og!!! -> aprikos & amaretto. Herre. min. hatt. så. godt. Eg skal óg laga bjørnebær, reine claude og standard plomme (plomme og vanilje, aldri plomme og kanel). Også kanskje noko på pærer og epler óg, men der er eg usikker. Eplemos? Pæremos? Er open for tips!

Så mykje bra TV er på veg tilbake! Første episode av Peaky Blinders gjekk i går, snart kjem Great British Bake Off. Det er Mindhunter og Glow på Netflix, også har me jo masse anna bra me ikkje har sett enda. Til dømes Handmaid’s Tale som eg ikkje orka å sjå i min etterfødselsangst. Men kanskje no? Eller kanskje ein berre skal byrja å sjå West Wing istaden? At the Crown kjem tilbake i november kan me ikkje snakka om eingong. Olivia Colman og Corgis, liksom? Hallo!

Det dumpar ned haustbøker i postkassa mi no, og eg blir heilt full av pirr for det. Skal det komma ei mørketid der me skal drikka kakao eller raudvin, lesa bøker og spela brettspel? Eg er så klar for det no. Sign me up.

Jentene sitt rom er så snart heilt ferdig, det føles utrulig! Skal ta litt bilder i dag så eg kan få visa det fram snart. Det har tatt lang tid, men eg syns me har gjort det bra. Me har vore flinke. Det har blitt så fint. Eg elskar verkeleg å vera der inne, og når eg sit med Edda i fanget om kvelden og byssar og syng, så tek eg det faktisk innover meg, kor fint det har blitt.

Eg er i gang med ein surdeig! Kanskje blir det eit utrulig surdeigsbrød til helga? Kanskje eit heilt middels surdeigsbrød? Det vil tiden visa.

Julesparingen 2019 er i gang, og den elskar eg. Og vil óg få tipsa om. I fjor på denne tida satte eg opp ein julesparekonto i Dreams-appen min (min beste app nokon sinne), og satte meg eit sparemål på 5000 kroner til ein julebuffer. Det er så godt å ha litt ekstra kroner når ein går inn i desember, til gåver og til deilige ingrediensar til konfekt og alle sånne plussgreier som eg føler meg så dum for å blakka meg av å kjøpa. Så derfor blakkar eg meg ikkje lenger! Eg har julebuffer! Årets, livets, tips.

Jostein laga eit utruleg posjert egg til frukost til meg i dag. Følte meg som ei dronning.

Føler meg så himla booked and blessed no. Ein trur jo aldri det i januar når ein sit og trykker på refresh-knappen i innboksen, men no. No skal alle ha bilder, alle skal ha nye heimesider, alle brands skal ha haustkampanjar på instagram. Og eg føler meg veldig veldig heldig som får leva så godt av dette frilanslivet. Det er ikkje lenger ei etablering, det er ein karriere. Gir meg sjølv ein high five for alt eg har turt og alt eg har holdt ut.

 

Gi meg gjerne éin, tre, fem, ti ting du óg! Det føles bra å skriva det ned

Follow:
Share:

28 Comments

  1. Susanne
    14:34, 26 Aug 2019 / 14:34

    Apple Butter er sjukt godt :-)
    Og hva med pærer i lake til å lage gode juledesserter?

    • Mariell
      Author
      18:28, 26 Aug 2019 / 18:28

      Ooooo god idé! Kanskje laga pærer i safranlake til jul! Dette må researchast!

      • maja
        23:20, 29 Aug 2019 / 23:20

        Og ingefær-pærer til nyttårskalkunen😁

        • Mariell
          Author
          16:31, 30 Aug 2019 / 16:31

          Ooooo god idé!

  2. Sigrid
    15:53, 26 Aug 2019 / 15:53

    Å Marielle, takk for dagens høydepunkt! Smiler etter å ha lest denne teksten, du inspirerer alltid! Kunne du ha delt oppskriften på aprikossyltetøyet med amaretto? Ameratto er virkelig den aller aller beste likøren!

    • Mariell
      Author
      18:35, 26 Aug 2019 / 18:35

      Å, for ein fin melding!! Den kjem her: 1 kilo syltesukker (frå dansukker er det eg har brukt) per 1 kilo aprikos. Aprikosen skal først kokast* til skalet begynnar å flasse av. Så ta dei over i kaldt vatn, ta av skal og ta ut steinar. Mos aprikosen litt med hendene. Legg to små skåler i frysen, dei brukar du til å testa etterpå. Kok opp aprikos med syltetøy, koketiden står på posen (eg trur det er 5 minutt). Då tek du ut den kalde skåla og har litt syltetøy oppi. Bruk fingeren til å skyva syltetøyet rundt til det blir kaldt – ser det ut som syltetøy? Da er det ferdig. Så er det 3 ss amaretto, og saft frå 1/4 sitron per halve kilo aprikos. Så for to kilo aprikos, som var det me laga i går, brukte me 2 kilo syltesukker, 12 ss amaretto og 1 sitron. Eg tilsatte óg vanilje tilsvarande to vaniljestenger. Ha oppi amaretto, sitron og vanilje (om du vil ha det), og hell over på glas. Ekstremt viktig at glasa er HEILT reine, og varme. Me vaskar dei grundig og har dei i ovnen på 80 grader og tar dei ut når syltetøyet skal i. Skru på lokk og sett glaset opp ned til dei er heilt nedkjølte. NYT! PERFEKT til brie og havregraut!

      *Dette trinnet kan absolutt sløyfast, me har éin type basic aprikossyltetøy der me berre halva dei, tok ut steinen og så rett på koking (med skalet på). Men sidan dette var eit gourmet-syltetøy, med vanilje og amaretto, så gjorde me dette ekstra steget her.

  3. Kine
    16:58, 26 Aug 2019 / 16:58

    1.Glade barn
    2.Få hverdag tilbake=store barn tidligere i seng. Som igjen betyr mer voksentid
    3.Oftere ryddig heim, godt for sjelen
    4.Mer energi
    5.Økonomien blir bedre og bedre
    6.Baby sover mer
    7.Mer lyst til å lage god mat
    8.Å kunne tenne lys på kvelden
    9.Begynne å drikke te igjen
    10.Være rolig mamma med mer ro på innsiden

  4. Kristin
    17:45, 26 Aug 2019 / 17:45

    Kan du tipse om de beste plommeoppskriftene? Treet vårt bugner i år, gjetter det modnes om en uke eller så. Og aner ikke hva vi skal gjøre med herligheten!

    Ellers takk for en koselig post, ble smittet av din glede :)

  5. Hanna
    18:06, 26 Aug 2019 / 18:06

    Rupauls drag race UK begynner også i oktober! Wohoo <3

    • Mariell
      Author
      18:27, 26 Aug 2019 / 18:27

      JA! HOW COULD I FORGET UNNSKYLD STORE BOKSTAVAR DET ER PGA SÅ PEPP.

  6. Tale
    18:25, 26 Aug 2019 / 18:25

    Kan anbefale tilslørte bondepiker med ditt eget eplesyltetøy :-)
    Da blir det liksom verdens billigste dessert, fordi du bare trenger en pakke fløte i tillegg til brødsmuler og eplesyltetøy.
    Jeg lager det i syltetøyglass med lokk så kan det spises dagen etterpå også.

    • Mariell
      Author
      18:40, 26 Aug 2019 / 18:40

      NAM! Så godt.

      • Marte
        19:02, 26 Aug 2019 / 19:02

        Tilslørte «plommepiker» er også godt, et tips til hva du kan gjøre med plommene 😊

  7. Sssssss
    19:26, 26 Aug 2019 / 19:26

    Hei Hei! Gammal lesar som har fulgt med nesten frå starten her!Har eit spørsmål om eit produkt frå fredag! Eg ser etter ei gåve til ein babyshower. Lurte på å kjøpe eit krabbeteppe/leiketeppe til baby. Såg på dette teppet i nettbutikken din: “KONGES SLØJD – BABY QUILT COTTON Flower field”. Lurte på om det er veldig tynt eller om tjukt nok til å legge ein baby på rett på golvet?

    • Mariell
      Author
      20:44, 26 Aug 2019 / 20:44

      Hei, fine du! Så koseleg!

      Det er ikkje tunt! Det er liksom eit quilta teppe, så det er eit lag av bomull inni. Også er det stort, så ein kan óg dobla det for å bruka på golvet om ein føler at ein treng det. :)

  8. Elise
    19:45, 26 Aug 2019 / 19:45

    For et herlig innlegg! Ble helt glad av å lese, så det må bli én av tingene som gjør meg glad i dag. En annen ting er at vi har banankake igjen etter helga, og at samboeren lagde ei stor kanne te, istedenfor den lille, så jeg kunne drikke to kopper etter at jeg vaska på badet!

    • Mariell
      Author
      20:47, 26 Aug 2019 / 20:47

      Gud så herleg!

  9. Astrid
    21:51, 26 Aug 2019 / 21:51

    West Wing er en stor favoritt her i heimen! Så mange gode karakterer, og Martin Sheen er jo glimrende!

    • Ninni
      23:30, 26 Aug 2019 / 23:30

      Men hvor finner dere west wing? Amazon?

  10. Lena
    03:41, 27 Aug 2019 / 03:41

    Du er så magisk og fin!

  11. Kristine
    08:37, 27 Aug 2019 / 08:37

    1. Dette innlegget
    2. Verdens kuleste toåring som danser og synger og skravler og tuller og gjør hverdagen magisk
    3. To superkosete hester i hagen og kveldsrideturer
    4. Krisp, kald morgenluft som bringer løfter om en fantastisk høst
    5. Så mye spennende som skjer på jobb og fine kolleger å dele det med
    6. Fylte horn i fryseren

  12. Andrea
    12:04, 27 Aug 2019 / 12:04

    Jeg har de siste 6-7 årene trodd at jeg var et ganske flatt menneske følelsesmessig, men det er jo ikke sant i det hele tatt! Det er det som gjør meg glad akkurat nå, at jeg har lært om meg selv at jeg er et menneske som er veldig glad! Og som setter pris på tid sammen med mennesker jeg liker. Jeg er også veldig glad for alle planene jeg legger for høsten framover – skal gjøre så mye fint for meg selv!

  13. Hanna
    14:41, 27 Aug 2019 / 14:41

    Hvor ser man Great british bake off? :)

    • Mariell
      Author
      22:00, 27 Aug 2019 / 22:00

      Eg ser direkte på Channel 4, eg har ein vpn-app som eg brukar. :)

  14. Aina
    08:26, 30 Aug 2019 / 08:26

    det som gjør meg glad nå:

    1. Vi har begynt å få system i alle rommene i huset vårt.
    2. Kaldere kvelder = dyne i sofaen på kvelden og ligge inntil mannen.
    3. Tilbake til rutiner (godt for hele familien).
    4. At jeg skal prøve å lage franske makroner i helgen for første gang.
    5. Har fått ny favoritt té.
    6. Er og glad for at om to uker får vi vaskeromsinnredning, hallo lintøysskap <3

    • Mariell
      Author
      16:31, 30 Aug 2019 / 16:31

      Hei, Aina! Kva er den nye favoritteen din? Det må du jo fortelja!

  15. Sunniva
    13:11, 30 Aug 2019 / 13:11

    Hei!
    Elsker bloggen din. Du skriver så fint, du får meg til å føle alle følelsene.

    På akkurat dette innlegget ble jeg nysgjerrig på hva du tenker om kontantstøtte mer generelt? Har du tanker om at den ordningen feks. er med på å hindre integrering i arbeidslivet, særlig blant innvandrerkvinner, eller går du ikke med på det premisset? Bare nysgjerrig på dine tanker rundt dette :-)

    Sunniva

    • Mariell
      Author
      16:30, 30 Aug 2019 / 16:30

      Hei, Sunniva! I mi meining er den linken litt utdatert, sidan det no er så strengt regelverk, og bruken av kontantstøtte er faktisk i nedgang. Ein får kun kontantstøtte i 11 månader, og kun frå ungen er 13 til 23 månader. Det er ikkje sånn at ein kan gå heime med kids til dei er i skulealder også berre casha ut av velferdsstaten, liksom. Det er 7500 kroner i månaden, som er mykje når det er ekstra, men ikkje så mykje når det er det einaste ein har (avhengig av kvar ein bur såklart).

      Å få ungar blir ei ganske sterk lokal integrering i mi meining, det er barselsgrupper og barnehage og konstant kommunikasjon med andre foreldre i området der ein bur. I mitt eige liv er det utrulig å sjå kor mange fleire folk, mange innvandrarar inkludert, eg stoppar og pratar med sidan Saga begynte i barnehagen. Integrering handlar ikkje berre om arbeid, liksom, tenker at det er så typisk norsk å tenka det. Og det må jo vera så vanvittig mykje enklare å finna seg ein jobb som er god og meiningsfylt når ein har trygge rammer og eit kontaktnettverk rundt seg?

      Eg forgudar kontantstøtta! Elskar den! Det er heilt fantastisk at det makes sense for oss å ha Edda heime med familien sin til ho er to år og kan begynna i barnehage når ho kan kommunisera så mykje bedre enn ho kan no. Føles så gamaldags og fint, og rett for oss.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *