Mine Fredag-favorittar i kvardagen

E I G E N R E K L A M E

Før eg seier noko anna: i morgon kjem eit nytt nyhetsbrev frå Fredag! Om du ikkje allereie er på den lista, så hopp gjerne over hit og skriv deg opp. Det er det koseligaste eg veit, å havna i postkassa til fine folk. Så om du vil ha litt inspirasjon og fine spelelister, kom hit!

*

Ein av mine største motivasjonar då eg starta Fredag, var å frustrasjonen over å ikkje få tak i ting der eg budde. Etter fem år i London føltes det som eit sjokk at det er så stor skilnad på by og bygd i Norge. Så eg starta min eigen butikk, mitt eige verktøy for å vera omringa av vakre og deilige ting. Eg har såklart ikkje ALT frå butikken heime hjå meg sjølv, men ganske mange ting har me heime. Her er dei som eg kjem på:

På skrivebordet mitt akkurat no har eg denne planleggaren for 2020 (for den byrjar no i august 2019), denne pennen og denne notatblokka. På kjøleskapet har me denne magnetiske handlelista, der me skriv opp ting me går tomme for undervegs i veka. På badet mitt akkurat no har eg denne såpa. På kjøkkenet mitt akkurat no har eg denne oppvasksåpa og denne husvasken. På Edda brukar me denne smikka, og ho har denne på tripp trapp-en sin. Då Edda var nyfødt, på sjukehuset, var det dette teppet me brukte. Saga har fargeblyantane sine i ein blyantkopp (ho har aldri knust noko knusbart i heile sitt liv), og desse hårstrikkane i håret. Kvar morgon får eg ein cappuccino i ein av desse glasa. Eg brukar denne drikkeflaska og denne termokoppen. Butikknøklane mine er på ein grøn nøkkelring. På helgeturar brukar eg den grøne weekend bagen. Me har Baggu-posar på mathandel (no turning back!). Eg har eit lager av Cocosjokolade liggande i eit skap. Når eg treng å notera noko, brukar eg denne notatboka frå Rifle. Kvar dag brukar me produkt frå desse Falcon-setta: Prep set. Bake set. Me serverer middagen på desse fata frå Falcon. Og me brukar ei usannsynleg mengd av desse små skålene frå Falcon, me brukar dei som coasters, til smått på bordet (perfekt til tacos), til brødskive til Edda (dei knuser ikkje når dei dett i golvet, og kan brukast sjølv om emaljen skulle komma til å sprekka over tid sidan det er rustfritt stål under). Me har pennar i ein fransk bulldog-veggvase.

Også har eg eit lager av kort heime, til einkvar anledning, og det føles som det vaksnaste eg har gjort i mitt liv.

Follow:

1 Comment

  1. Julie
    21:17, 23 Aug 2019 / 21:17

    Takk for inspo! Det ble et whiskeyglass slik som du drikker espresso av – og fine hårklemmer, karamellkakao og annet fint. Takk for at du har sånt et deilig utvalg. Skikkelig luksus i hverdagen – eller for min del: feire at jeg overlevde (med god margin) først uka i ny jobb. ^^ God helg, Mariell!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *