Pust i bakken

Frå bryllaupet i helga, Gro + Alek = sant.

Eg har hatt fri i to dagar. Eg blir heilt sprø av å ha fri. Eg veit at det ligg ei øskje med nye varer i bilen som ikkje er verken prisa eller lagerførte. Eg ligg to bryllaup bak óg. Men når eg kjente pulsen min stiga søndag kveld, uroen bre seg som eit tjukt lag over heile psyken, etter bryllup (nydeleg bryllup, fantastisk bryllup) og nattbuss og angst, bestemte eg meg for at eg skulle ta fri.

Litt var det ei oppmuntring frå Christine (som ps har starta sy-insta som de må gå inn og følga, ho heiter silkeogdynamitt) og litt var det berre mitt indre som sa stopp. Så i går og i dag har eg hatt fri, ikkje jobba, ikkje brukt datamaskina mi så mykje.

Eg har rista hasselnøtter, tatt meg av all mat som holdt på å gå ut på dato (laga eit superbt måltid av det i dag), rydda leikerommet, rydda jenterommet så det ikkje lenger ser ut som ein byggeplass (i morgon kjem snikkar for å ha opp lister og då er me straks i mål med heile rommet!),  støvsugd, kosa med katten, malt to strøk på muren bak jøtulen og fleire strøk med andre ting (Jostein lo av meg i dag fordi eg gjekk rundt med ein pensel og leitte etter ting som trengte ein liten drope maling), laga salatfrø (så godt), baka hindbærsnittar, starta ein surdeig (!), tenkt mykje på strikking, vatna planter og vore så så så så mykje med Edda.

Kosa og lest bøker og kosa meir og bygd med duplo og berre nytt ho så intenst. Det har vore så godt for hjartet. I morgon skal eg jobba litt, men mest ha fri da óg. Ikkje slappa av så mykje reint fysisk, men slappa av i tanken om at eg brukar tiden min på ting som gjer meg godt i sjela. Torsdag skal eg ta tak, og gå tilbake på jobb, forhåpentligvis litt lettare til sinns.

Follow:

3 Comments

  1. Pappa
    06:36, 21 Aug 2019 / 06:36

    Kos deg når du har muligheten til det. Ein bryllupsfotograf treng å sleppa seg litt tilbake av og til. Edda e eit fantastisk koselig tidsfordriv da❤️

  2. 08:15, 21 Aug 2019 / 08:15

    Nyt dagene! Universet vårt er så lite i det store bildet – ingenting er viktigere enn at du har det bra (som også er grunnlaget til alt du klarer)!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *