Seks lange svar på seks store spørsmål

Eit morgonfjes, eit morgonhår.

Eg fekk nokre deilige spørsmål frå dykk forrige veke, og no sit eg her heilt mjuk og mør i hjartet etter ein lang samtale med ein av mine beste venner og føler meg så open og klar for å svara. Etter dette skal eg fotografere eit bryllaup i regnet, det blir romantisk. Håpar de har fine helger óg!

Korleis taklar du saknet til London? Eg studerer no i Nederland og det føles så rett. Men veitt og kjenner veldig på at Noreg og er heime, føler det er ein strid. Korleis var det for dykk å bestemma at å flytta tilbake var rette veien å gå?
– Det er alltid så vanskeleg å svara på det, fordi det var ikkje nokon sånn lang periode av å bestemma seg egentlig, med éin gang ein av oss (eg hugsar ikkje kven) tok det opp, så visste me begge to, heilt samtidig. At no skal me heim, me hadde prosessert det i lang tid begge to, og sett det komma. Om du spurte meg då me flytta til London om me kom til å flytta tilbake til Norge nokon gong hadde eg ledd deg opp i fjeset. Men eg var så ung, eg var 21 år og kunne klara alt, skulle klara alt. Dei fem åra me budde i London vart eg vaksen. Eg lærte meg å bygga bedrift, å jobba frilans på ein effektiv måte, å skaffa venner på ein heilt ny plass, eg gifta meg og vart gravid. Når det skjer så mykje på så kort tid så endrar ein seg óg ganske mykje, og for meg var det heilt utrulig kor mykje grunnverdiane mine endra seg. Eg ville ikkje lenger ha fingeren på pulsen. Eg brydde meg ikkje om tilgang på alt mulig. Eg ville berre heim. Leva eit a4-liv, eta knekkebrød med brunost og ha plass til å leva, både praktisk som i plass og som i økonomisk. Eg jobba jo kun for norske kundar heile tida me levde i London, hadde aldri ein britisk bankkonto, og pengane mine vart berre mindre og mindre verdt etter kvart som me budde der. Faktisk gjekk pundet frå 10 til 13 kroner, det la unødvendig press om å jobba meir, spara meir, og til slutt sa det stopp. Eg vil ikkje leva på den måten. Eg vil vera trygg. Det finst 293 grunnar til at me flytta heim, men mest av alt så ville me berre heim, me såg verdien av å bu nære familie og for meg føles det sinnsjukt å velga å leva åleine i ein by, med alt stress det innebærer og alt press det legg på eit parforhold, når ein kan leva som me gjer. Enkelt. Så enkelt.
Eg saknar London fordi eg saknar vennene mine, eg saknar rutinene mine. Eg saknar å eta god mat som eg ikkje lagar sjølv. Eg saknar laurdagsformiddagar på Violet Bakery og fransk hasselnøttyoghurt i glaskrukker. Ein kan bli ganske deprived av å bu på bygda av og til, men det er ein tilvenningssak.

Har dere tatt over gården der hjemme? Hvordan bestemte dere dere?
Står midt oppi dette selv nå. Odelen og familiepresset ligger som en tung bolt i kroppen vet ikke hva jeg skal gjøre
– Hei! Åh, eg føler med deg. Det er så innvikla å skriva noko om dette her, for me står midt oppi det no, og det er ikkje vårt valg å ta og det er sårt og det er stort og det er vanskeleg. Jostein er yngst, så me er på venterommet og veit ikkje korleis det skal bli til slutt. Det blir bra uansett, men me er litt i limbo medan me ventar (huset me bur i høyrer jo til garden). Om me får lov, så tar me gjerne over! For oss er det jo ganske enkelt, me bur jo allereie her, liksom. Men eg skjønnar så sjukt godt at det er eit vanskeleg valg å ta, eg trur aldri sånne ting er heilt enkelt. Lykke til♥

Har dere tanker om andre steder dere vil bo eller hvor lenge ser dere for dere å bli i Lærdal? Jeg er spent på å høre hvilke tanker du har om utviklingen av bedriften! Vil du dele noe ennå?
– Hei! Me er liksom in it 4 lyf, me. Då me flytta heim tenkte me at me får sjå korleis det går, ein veit jo aldri korleis det skal bli å leva så nære familie, eg var redd for å ikkje føla meg fri. Men typ med éin gong Saga vart født så føltes alt 100% rett, det er her me skal bu. Me blir så passa på av foreldrene våre, og me er her for å passa på dei når dei blir eldre og treng oss meir. Me har lyst til å bu kortare periodar andre plassar, testa litt byar og liksom kjenna litt på det (me er jo byfolk at heart), om eg skal vera heilt ærlig så hadde me tenkt å bu i Roma i januar og februar av 2019, men då me måtte bestemma oss føltes det 100% feil, me hadde allereie reist så mykje og ungane våre var heilt forvirra og fortvila av det. Eg trur det er enklare når dei er større og meir skjønnar greia og ser verdien av det, kanskje også treng Jostein og eg å få meir balanse mellom oss når det kjem til jobbing, det er ikkje så bra når me jobbar mykje samtidig. Appellen med å bu så ruralt og på mange måtar billig er jo at ein har råd til å reisa mykje og gjera sånne ting. Angåande Fredag, så har eg tenkt å la bedrifta voksa saman med meg og eg har tenkt å læra av feila mine istadenfor å begrava dei og lata som om dei ikkje finst (som eg har gjort så mykje i livet), heile poenget må vera at estetikken får utvikla seg. Så eg driv og skriv ein ny businessplan no, der eg inkorporerer alt eg har lært på desse to åra og passar på at det er gjennomtenkte endringar (og ikkje basert på midlertidig sjølvforakt, som eg óg har gjort før), men eg kjem til å gå meir inn i interiør og born. Min idé er at ein person som meg skal ha ein one stop shop; eg ønskar å kunna bestilla perfekte leiker, fine frukostskåler, ei fin notatbok og deilig sjokolade på éin og samme plass, eitt univers. Men no handlar det om å la meg sjølv ta meg tid til å ta gode avgjerder, eg vil jo at Fredag skal bli så stort at eg kan leva av det på ordentlig sjølv om eg ikkje er bak kassa sjølv heile tida (fram til no har eg kun betalt ut lønn til dei andre som jobbar for meg, og fakturert små summar for mitt eige arbeid). Med det sagt har det vore så vanvittig givande i sommar, å helsa på så mange av dykk. Utan dykk hadde ikkje Fredag fantest, liksom. Eg håpar at de forstår det.

Tre artige ting man kan finne på med ettåring/toåring/treåring? Og har du noen overlevelsestips for når man plutselig er alene med to små (altså ikke alene som i aleneforelder, men alene en dag eller en kveld)?
– Eittåringar er delightfully vanskelige, eg har jo ein sånn ein heime. Ho vil kosa, synga, spela piano, lesa bøker, bygga med duplo, bygga med klossar, og bada i badekaret. Då Saga var eitt år googla eg heile tiden typ «things to do with a one year old». To/treåring: om eg treng å få gjort noko utan Saga sin hjelp, så teipar eg opp typ 15 duplo-figurar på veggane i spisestova vår, som ho så må «redda». Då drar ho stolen sin rundt, må tenka seg om korleis ho gjer det, ho kan driva på lenge. Men ho er så happy berre ho får mala eller tegna óg, eller hjelpa til (liksom, faktisk hjelpa til når eg har overskudd til å la ho hjelpa). Ho elskar å hjelpa meg å vatna planter, å rydda ut av oppvaskmaskina, å laga mat, baka (!), vaska med ein klut, sånne ting.

Kom på podcasten du og Sara hadde – hvorfor sluttet dere, og er det aktuelt å ta det opp igjen?
– Me bestemte oss egentlig aldri heilt for å slutta, det berre sklei litt ut, og i det siste har me snakka om å starta den opp igjen, men eg veit ikkje heilt korleis. Det treng ikkje å vera slik når ein blir mamma, men for meg var det ekstremt vanskeleg å vera så sårbar, eg har alltid vore så hard og liksom slitesterk. Men ikkje då eg vart mamma. Eg bygde meg ein mur som beskytta meg sjølv men som óg gjorde at eg stengte mange av vennene mine ute. Er så takksam for at dei har venta på den andre sida av muren til eg var klar til å bygga den ned igjen.

Hvordan opprettholder du vennskap når du har små barn og mange av vennene dine bor andre steder? Blir veldig glad for mer innhold om vennskap i voksenlivet.
– Eg jobbar jækla jækla jækla hardt for vennskapa mine no. Eg har snakka litt om det før, det er SÅ vanskelig å liksom vera ein god venn når noko så altoppslukande skjer som å bli mamma, eg tok ein pause frå vennskapa mine og har det siste halvåret spesielt begynt å stramma dei strengane igjen. Om det er lenge sidan eg har snakka med nokon kan eg finna på å skriva det på to do-lista mi, liksom “ring Geir”. Ofte tenker me at andre er for opptatt, at dei ikkje er mottakelige for ein enkel melding på ein tysdagsmorgon, men det er SÅ IKKJE SANT og me er hjernevaska gjennom instagram til å tru at vennene våre driv med spennande ting heile tiden. Dei gjer ikkje det! Dei vil høyra ifrå deg! Så eg prøver å hugsa på det. Kor glad eg blir sjølv av eit heilt enkelt “hei, korleis går det?”. Men å få nye venner på ordentlig i Lærdal, det har vist seg å vera så vanskelig. Om ein får lov til å vera så sårbar på ein laurdagsmorgon.

Follow:
Share:

12 Comments

  1. Irene
    12:37, 17 Aug 2019 / 12:37

    Så fint du skriv om dette vidunderlege vanskelege vakre livet, og alle valg som etter kvart skal takast. Ønskjer dykk ein fin helg!

  2. Silje & Nanuk
    13:48, 17 Aug 2019 / 13:48

    Haaallo, ikkje Lærdal lengre kanskje, men dokkar e hjertelig velkommen innom på Kaupanger altså, fine folk!☺️

  3. Blum
    13:57, 17 Aug 2019 / 13:57

    Dette med å få (ikkje få) nye venner på små plassar skulle eg likt å lest meir om.. bur sjølv på ein liten plass og har det litt som deg. Følte at alle andre vart bestevenner på barselsgruppa osv.. for meg vart dei berre bekjente..

    • Elise
      16:13, 17 Aug 2019 / 16:13

      Jeg er helt enig med deg, har vært i mammapermisjon og ikke fått noen gode venner, bare en del bekjente. Bor også på en liten plass, og syns det er veldig vanskelig å finne nye venner.

  4. 16:31, 17 Aug 2019 / 16:31

    Dette var fine svar på store spørsmål!

  5. Thea
    19:22, 17 Aug 2019 / 19:22

    Fine svar!

  6. Unnskyld
    02:20, 18 Aug 2019 / 02:20

    Åh, så fint. Jeg trenger ikke å være enig med deg i alt. Men å lese noe ekte. Åh, det er the shit. Du er på vei. Og er et menneske samtidig. Takk.

  7. Synøve
    09:45, 18 Aug 2019 / 09:45

    Du skriver så fint:)

  8. 12:50, 18 Aug 2019 / 12:50

    Jeg savner fremdeles London veldig, selv om jeg elsker å.bo i Oslo. Skulle ønske det gikk undersjøisk lyntog så jeg kunne dratt der oftere ❤️

  9. Regine
    15:49, 18 Aug 2019 / 15:49

    Alle disse spørsmålene og svarene er så ekte, fine og skjøre. Bloggen din er så ekstra fin for tiden.
    God søndag til dere alle! <3

  10. Anita B
    09:07, 24 Aug 2019 / 09:07

    Å, eg og drøymer om å bu i utlandet i periodar, men eg forstår ikkje korleis ein skal få det til? Kva gjer dykk angåande inntekt? Er litt utfordrande å ikkje skulle jobbe ein månad eller to.

    • Mariell
      Author
      18:29, 26 Aug 2019 / 18:29

      For oss er me jo så veldig frie sidan me er frilans begge to, så me kan tjena pengar kvar som helst berre me har datamaskinene med oss. Også må det jo planleggast og sparast litt, såklart. :)

Leave a Reply to Regine Cancel reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *