Friday I’m in love

Akkurat no susar eg frå vest til aust, på veg mot Oslo, og bryllaup igjen. Så godt at det neste bryllaupet er litt nærare heime, no er hjartet mitt så slitent av å vera så mykje vekke frå dei fine ungane mine. Dette er baksida av å ha så mykje spennande jobbar, på søndagar vil eg berre slutta å jobba heilt og setta poteter i jorda og sy våre eigne klede, det er høge kontrastar, eg gler meg til å omfavna ein roligare haust. Mmm skal bli godt. Men det er fredag! Og de har sagt at de elskar lister og linkar, så da held eg fram med å laga dei. SUSS.

Cathrine har miljømandag på både instagram og på bloggen, og denne lista lot eg meg inspirere av: 20 måtar å unngå plastikk i kvardagen. Eg gjer små ting, eg óg, unngår plasttannbørstar og har slutta å bruka sminkewipes og komposterer og brukar bee’s wrap og metallsugerør og fin vassflaske og kanskje tusen andre små ting som er så enkelt å gjera men som ein av og til gløymer fordi ein går seg vill i gamle spor, dei er så djupe.

Dei finaste barnekleda i verda? Dei har Nellie Quats. HERIGUD så fint det er, eg er lettare besatt av dei. Om ein berre hadde $$$$ og slapp å betala ein formue i norsk toll.

Eg skal 100% reisa til Malmø neste gong me skal til København (det er jo ein halvtime med tog!!), etter denne vidunderleg vakre guiden av Linda Lomelino (idol!). Eg trur Malmø og eg skal bli the best of friends. Nokon av dykk som har vore der?

Eg er på leit etter ein haustgenser å investera i, og denne frå Bruuns Bazaar står på lista mi over mulige! Fin, sant?

Ravioli med sitron, feta og graslauk YES! Åh så godt. Neste veke startar middagsplanen igjen (me har jo ein seks veker lang middagsplan, de veit!), men kanskje me skal laga denne neste veke? Pastamaskina vår er ødelagt, men det stoppar ikkje Jostein. Mannen kjevlar og kjevlar og kjevlar.

Denne Cole & Son-tapeten var så fin, sparar den i baklomma til ein annan gong.

Follow:
Share:

4 Comments

  1. Emilie
    12:23, 17 Aug 2019 / 12:23

    Fy søren, nå har det vært en lang rekke med drømmeinnlegg her. Synes innholdet du produserer er så helstøpt og inspirerende! Tusen takk for alle tips og vakre ord og bilder du deler. God lørdag, Mariell!

  2. Anne
    13:22, 18 Aug 2019 / 13:22

    Var i Malmö i sånn 5 timer i fjor fordi vi måtte bytte tog – *mind blown*
    Hadde ingen forventninger, men var kjempefin by, spiste fantastisk mat og gikk i masse små søte butikker. Skal sette av flere dager der på vei til København neste gang! Og herregud så søte de pinafore-kjolene fra Nellie Quats er – og ikke det vanskeligste å sy selv heller!
    Enig med Emilie over her, du poster så mye bra om dagen!

  3. 09:02, 20 Aug 2019 / 09:02

    Var i Malmö et par dager i fjor for en konsert og booka rom på MJs kun fordi det var i samme familie som Pigalle og fikk et enormt rom med badekar og masse fløyel og fantastisk frokost så hadde knapt lyst til å forlate rommet, men rakk en tur innom Malmöhus som var typ alle museer i ett (inkludert akvarium!)

    • Mariell
      Author
      23:28, 22 Aug 2019 / 23:28

      GAH! Eg tek gjerne imot andre tips óg!

Leave a Reply to Emilie Cancel reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *