Friday I’m in love

Hei, Fredag! Medan eg skriv dette spelar Edda ein vakker symfoni på pianoet og klappar for seg sjølv. Eg er på jobb denne veka, på min Fredag, og pakkar bestillingar og er ein tulling på insta stories som vanlig. Og når eg kjem heim frå jobb om dagane så har eg sakna ungane mine sånn at eg er redd for å knefta dei med kos.

Altså det er så befriande å legga ut videoar av seg sjølv på internett, eg hadde aldri trudd eg skulle sei det. No gjer eg det jo mest på Fredag sin konto i sommarferien, men eg elskar å gjera det på min vanlige profil óg såklart. For ein person som meg som elskar kontroll, å berre drita i det og trykka på publish åhhhh det gjer meg så godt. Føler meg så nær dykk óg da, på beste vis. Drøymer om å faktisk vera nærare dykk framover, typ arrangera ei herleg stund på ein kafé i Bergen eller Oslo? Det hadde vore utrulig koselig.

Denne helga skal me jo ha besøk, og eg skal gjera deilige avkoblande greier! Berre watch me!

Eg er heilt forelska i The Met sitt arkiv akkurat no, og om eg skal komma med eit konkret tips: Anna Maria Garthwaite sine silkebroderingar. Herregud så vakkert. Eg håpar og trur me kjem til å sjå meir håndtverk framover, og dette er berre så inspirerande.

Akkurat no planlegg eg vårhagen vår! Skal bestilla laukar neste veke, eg må berre først bestemma meg for visjonen. Ønskar meg eit HAV av kvite påskeliljer og doble tulipanar, deilige gnissande og knirkande i bed. Og kanskje anemoner? Hyacint? Mmmm det skal bli fint.

Eg ventar framleis på dahliane mine, forresten. Men me har knoppar! Så eg må berre holda ut litt til. Neste år skal eg vera tidligare ute med å få dei ut, må ha ein mindre travel vår neste år trur eg. Neste år skal me óg legga heile kjøkkenhagen brakk og ha pallekarmar over fiberduk. Det har vist seg spesielt vanskeleg å dyrka mat og blomar i kjøkkenhagen vår i år, jorda har vore så kompakt og full av svallerkål.

Emma Martiny er så inspirerande når det kjem til å berre ta seg av seg sjølv. Og akkurat no siklar eg over denne oppskrifta på Banh Mi Bowl som ho la ut! Sånn matglede. Det skal eg prøva å laga i helga. Ho har evig mange vegetaroppskrifter óg, sjå her.

@mariafranck på instagram har vore på ein så vanvittig fin ferietur til Sverige. Ofte deler ho ikkje kvar ho reiser til, men ho har annonsert at ho kjem til å laga ein liten guide! Så den har eg tenkt å kopiera rett av neste år!

Eg er jo all about skjerf i håret akkurat no, så eg er som ein magnet mot nye hårstilar som inkorporerer dei på nye måtar. Snart kjem det nye herlege skjerf i butikken óg, det gler eg meg til! Bilde herifrå.

Min nye favorittserie er jo Schitt’s Creek, det er den mest hjartevarme morsomme serien som finst typ. Denne scena får meg til å gråta bøtter av tårer. Elskar at TV kan vera sånn i 2019. Men obs! Om du ikkje vil ha spoilers så ikkje sjå den.

Follow:

12 Comments

  1. Martine
    12:57, 09 Aug 2019 / 12:57

    Jaaa, kafétreff i Bergen! Let’s make it happen! :D

  2. 09:23, 10 Aug 2019 / 09:23

    Så mye fint! Hvor planlegger du å kjøpe blomsterløker? I år skal jeg sette løker jeg også, har jeg tenkt, slik at det er bare å begynne å glede seg til at våren titter fram.

    God helg! :)

    • Mariell
      Author
      11:06, 10 Aug 2019 / 11:06

      Eg driv og prøver å finna eit mindre selskap å kjøpa løkar ifrå akkurat no! Finn eg ikkje det så blir det frå Hageglede.

  3. Sigrid
    14:48, 11 Aug 2019 / 14:48

    Kan jeg spørre hvor du ser Schitts creek? Det ser strålende ut, men sliter litt med å finne noen fortnuftig måte å se det på!

      • Sigrid
        08:17, 12 Aug 2019 / 08:17

        Aha, da har dere en annen netflix-versjon enn meg. Takk for svar!

  4. Stine
    21:33, 11 Aug 2019 / 21:33

    Omg! Kaffeslabberas i Oslo er seriøst THE dream! Ble så gira at jeg ikke fikk lest hele innlegget engang!

  5. Tora
    11:36, 14 Aug 2019 / 11:36

    Oslo – JA! <3

  6. Ingvild
    14:13, 15 Aug 2019 / 14:13

    Bergen, definitely !❤️

  7. Isabel
    09:40, 16 Aug 2019 / 09:40

    Kaffeslabberas i … Trondheim? 🤞😇

  8. Karin
    22:30, 19 Aug 2019 / 22:30

    Kaffi i Bergen <3

    • Mariell
      Author
      23:28, 22 Aug 2019 / 23:28

      Ja! Men kvar skulle ein ha gjort noko sånt?

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *