Setera

Me køyrte bilen gjennom landet, mot Gudbrandsdalen og Lesja og Avdem Gard, det var enkelt, det var nesten magnetisk. Det går ein tunn tunn streng mellom Jostein sitt hjarta og denne garden, og den veks seg tjukkare jo lenger det er sidan me har vore der.

Jostein og eg har vore saman i 15 år i år, men før denne veka hadde me aldri gått på ein ordentlig fjelltur saman. Det ligg så mykje motvilje, så mykje trass i meg. Då eg var 12 år gjekk eg meg vill på fjellet og sov ei natt ute åleine under open himmel, eg banka som ein gal på hyttevindauge til nokon kom ut og hjalp meg med å veiva til helikopteret som leita etter meg, men ikkje fann meg. Då eg var 14 sat eg i ein sofa hjå ein psykolog og himla med augene når ho prøvde å påstå at denne incidenten var stor inni meg, at det var derfor eg var så deprimert og utagerande. Men det var jo ikkje det. Det heng likevel lett over meg, eg føler meg aldri heilt trygg i fjellet, som ein inntrengar.

Men. Eg har ikkje tenkt å gå gjennom livet på denne måten lenger, eg vil ikkje vera den som alltid manglar frå familiebildene. Så litt etter litt fjernar me stein ifrå muren, og går. Me går og me går og me går denne sommaren. Og me starta her, frå Avdem, og gjekk til Avdemssetere. Lange slake bakkar opp og opp og opp, Saga gjekk heile vegen sjølv, lokka av tante Mari og onkel Finn som så sjenerøst vart med oss opp.

Inne på hytta var det fuktig og kaldt, me tok ut alle sengeklede så dei fekk tørka i sola, fyra i peisen. Drakk kokekaffi og kjeldevatn og gjorde oss kjent. Me grilla pølser ute, speida etter sau, pussa tennene i bekken. Telefonen min lada ut på deiligaste vis. På kvelden drakk me rosévin og spelte mattis, morgonen etter hadde me egg til frukost, båtrace i bekken.

Så gjekk me ned att, litt lettare i sekken og litt lettare til sinns.

Follow:

5 Comments

  1. Maja
    13:38, 03 Aug 2019 / 13:38

    Så idyllisk, nesten som fra en svunnen tid. ❤️

  2. sigrid
    14:24, 03 Aug 2019 / 14:24

    så skjønne jenter! og så fint at dere jobber med den muren i helt riktig tempo <3

  3. Elena
    12:44, 04 Aug 2019 / 12:44

    Ah, for noen vakre barn <3

  4. Maiken
    19:17, 06 Aug 2019 / 19:17

    Hjarta vaks til dobbel størrelse. Både av tekst og bilete. Meir!

  5. Anika
    12:31, 07 Aug 2019 / 12:31

    Guri kor nydelege jentene dokka e😍

Leave a Reply to sigrid Cancel reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *