Latter

Med eit velkjent trykk i augene, ein plutseleg kulde i nasen, blir eg plutseleg hyperklar over latteren hennar. Min fine treåring som har byrja å le ordentlig denne våren og sommaren, ikkje fordi nokon kitlar ho under ein arm eller i halsgropa, men fordi noko er morsomt. Fordi ho sjølv er morsom, fordi ho syns veslesøstra er morsom, fordi eg er morsom. Tenk at ho syns eg er morsom.

Å vera forelder handlar så mykje om stadie som ein ikkje ser verken komma eller gå, det er så mykje ein går glipp av i overgangane. Men når eg no plutseleg kom på det, den nye rullande latteren, er det heilt overveldande. At eg skal få høyra den latteren resten av livet, det er jo for mykje. Det er jo for fint.

Follow:
Share:
Ein rullande latter som plutseleg var der.

3 Comments

  1. 22:02, 01 Aug 2019 / 22:02

    Så utrolig herlig bilde. Er nesten som jeg hører den rullende latteren du beskriver!

  2. Pappa
    09:02, 02 Aug 2019 / 09:02

    Herlige Saga❤️

  3. Maiken
    20:47, 07 Aug 2019 / 20:47

    <3

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *