Lillelørdag og #heilaghelg

Ein ting eg har gjort i det siste er å byrja med helgeplanleggingen onsdag. Då bestemmer eg meg for ein eller to ting eg vil gjera i helga, og det kan vera kva som helst, små prosjekt eller treat yourself-moments som eg så passar på å gjera når helga kjem. Så veldig effektivt mot den rastløysa eg ofte kan føla i mangel på helgeprosjekt, den som ofte fører til at eg driv og småjobbar gjennom helga på mest idiotiske vis. I frilanslivet akkurat no, er det viktigaste for meg å setta grenser for meg sjølv (så mange av dykk har kommentert kor seint eg ofte postar på @heifredag sin insta🙈). Derfor bestemmer eg meg på forhånd og gir meg sjølv god tid til å landa i helgekjensla, skriva handlelister til helgeprosjekta mine og bli klar mentalt for å kvila.

Her er ei liste over helgeprosjekt, små og store, som eg gjerne puttar på mi liste:
🌱 Vaska blada på dei store plantene mine, og ta meg tid til det
🍯 Afternoon tea med scones og lemon curd
🥟Slå opp i ein av kokebøkene eg ikkje har brukt på lenge, og laga noko heilt nytt
🧦 Sortera undertøysskuffa og kvitta meg med sokkar og undertøy som er beyond repair, reparere det som kan reparerast og erstatta sånt eg kastar
🥗 Skriva middagslister for eit par veker framover (så vanvittig tilfredsstillande)
🍾 Drikka ei ny spennande vinflaske
🛌 Legga på nye sengeklede
🍀 Planlegga 2020-hagen
🐾 Gå på natursti med Saga og samla på kongler og kvistar og alt sånt fint (og gjerne kongler som eg alltid får bruk for til jul!)
📽 Sjå ein film (må alltid bestemmast kva film det skal vera på førehand, då på onsdagen, ellers feigar eg ut)
🚗 Reisa på ei utflukt
⛰ Reisa på hytta
🖍 Fargelegga
🎂 Baka ei kake og invitera folk på kaffibesøk
💅🏿Mala alle negler i forskjellige fargar, eller berre éin såklart.
💇🏼‍♀️Prøva å laga nye frisyrar med skjerf i håret som eg har hatt lyst til lenge.

Kan ikkje me prøva å gjera dette saman? Denne helga kjem eg til å posta på instagram, @hjartesmil heiter eg der, med hashtag #heilaghelg, og dela av mine helgeprosjekt! Så får det bli ein ting som kan leva sitt eige liv med hjelp av dykk! Denne helga skal eg: gå natursti med Saga og drikka ei ny spennande vinflaske. Kva skal du?

Ein liten obs her, til meg sjølv og til andre: dette får ikkje bli “ein annan ting eg MÅ gjera”. Ein kan ikkje setta “kvile” på to do-lista, det funkar ikkje slik. Me må høyra på oss sjølve og om det einaste ein orkar å gjera i helga er å ligga i badekaret, gjer det. Gjer den greia som gjer deg best. SUSS.

Follow:

12 Comments

  1. Ragne Myklestad
    16:16, 31 Jul 2019 / 16:16

    I helga vil jeg plukke villbringebær til hjemmelaget bringebærsyltetøy. Har bare et glass igjen i boden fra fjorårets fangst, så nå må det fylles opp før babylivet omfavner meg til høsten. Tenk så godt det blir å kunne ta opp et glass med hjemmelaget syltetøy og smøre på brødskiva! Nam!

  2. Gunnhild
    16:28, 31 Jul 2019 / 16:28

    Nå tenkte jeg et øyeblikk at du skulle gjøre alt på lista på én helg, og ble mektig imponert!
    Jeg skal ta 2 åringen på teater og se Bukkene Bruse på Badeland. Endelig kan vi gjøre “ordentlige” ting sammen (innrømmer at jeg har venta ekstra mye på å den alderen), og vi gleder oss begge to. Og så slenger jeg meg på det punket ditt som omhandler vin.
    God helg snart!

  3. Betty
    17:06, 31 Jul 2019 / 17:06

    Eg vil laga lapper i helga, for det er altfor lenge sidan no. Også vil eg laga middag til mannen min. Eg er gravid med bekkenleddsmerter, og han må gjera nesten alt i kvardagen, sjølv om han no jobbar dobbelt så mykje som meg og er student i tillegg. Men i helgene er det mogleg å få ting til 🙂

  4. Anna
    23:06, 31 Jul 2019 / 23:06

    elsker tanken om ei slik liste!
    på mi imaginære vil eg skriva opp:
    – gå kveldstur ut i teia, barbeint, med 8-åringen min
    – skrive ei setning på boka mi

    og du? kjipe meg vil berre sei sånn heilt med mild kviskrestemme; hugs å ikkje drikke så mykje av den vinen du ofte skriv om foran ungane dine! det er så ørlite som skal til før ei utrygg stemning sett seg i barndommen. sjølv om ingen vert fulle eller brisne!
    helsing ei som framleis hugsar desse barndomsstemningane fra kunstnarheimen – og som jobbar som psykolog med spesialisering på slik uro no

    • Nora Lisa
      12:30, 04 Aug 2019 / 12:30

      Det der høres veldig norskt og veldig krisemaksimerende ut. Hvis barn kjenner uro rundt foreldre som hverken er fulle eller brisne, så er det nok ikke vinen som er problemet. Det er lett å tilskrive slike vinde relasjoner en kilde, men kanskje det var stress, aggresjon, PMS, uvennskap eller en kombinasjon av mennesker som ikke får det helt til å flyte som egentlig er problemet. Jeg aner ingenting om stemningen hjemme hos Marielle, og det gjør ikke du heller basert på det fakta at de tar seg et glass vin her og der (så lenge ingen er pussa eller fulle).

      • Anna
        18:51, 05 Aug 2019 / 18:51

        Og det var også eit veldig norsk og defensivt tilsvar😉
        Er det noko som er ganske så sikkert, så er det at alkohol påverkar born. m y k j e raskare enn vaksne vil vedkjenne seg.
        Ein lever livet nett som ein vil, og eg beskyld IKKJE nokon her for å være dårlege foreldre! Men det er fint å være medviten om aspekt ved livet ein vel, og så kan ein gjerne fnyse av fagfolk som meg – det går oftast godt😊

        • Nora Lisa
          08:48, 06 Aug 2019 / 08:48

          Dette er et kommentarfelt i en blogg, hvilke kompetanse du har vet vi ikke. Du vet heller ikke hvilke type kompetanse jeg sitter med på dette feltet. Tips til deg som fagfolk: ikke hvisk velmente råd til voksne folk. Du kan raskt bli oppfattet som bedrevitende og nedlatende, og det er ikke så effektivt som man kanskje skulle tro.

          • Anna
            19:40, 06 Aug 2019 / 19:40

            veldig leit at eg oppfattas slik; eg står fortsatt inne for det eg skreiv, viktige ting som man er usemde om blir ofte oppfatta støtande, men eg lovar å ikkje kviskre fleire råd her inne😊

  5. Martha
    15:47, 01 Aug 2019 / 15:47

    Åh, det var en fin idé. Og veldig fin liste!

  6. Annette H
    20:35, 01 Aug 2019 / 20:35

    Det høres kjekt og fint ut :-) har du oppskrift på noen gode scones?

  7. Agnes
    09:20, 02 Aug 2019 / 09:20

    Elsker konseptet #heilaghelg❤️

    Denne helga reiser vi på utflukt til noen med en fantastisk hage. Jeg tar tilløp til å komme videre i boka jeg har begynt på (Sommerlys og så kommer natten), så mitt gyldne øyeblikk denne helga blir å ta med kaffe- eller tekopp, sette meg midt i den blomstrende hagen og lese noen sider i boka.

  8. Fia
    12:24, 04 Aug 2019 / 12:24

    På lista mi stod: tenke på fine ting. Har vanskelige dager med veldig syk mamma, men i helga gikk jeg på rockekonsert (selv omkom jeg ikke er spesielt glad i rock) og mens jeg stod der i mengden la jeg hodet bakover, kikket opp på kveldshimmelen, kjente ølen og bassen i kroppen og tenkte «jeg lever». Og det er virkelig en fin tanke.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *