Søtpotet- og halloumikaker til middag

Eg posta denne middagen på insta stories i går og det RANT inn meldingar etter oppskrift! Eg laga desse litt på måfå, men her er ei ca oppskrift til

2 porsjonar:
1 mellomstor søtpotet
1 pk halloumi (Coop Extra-butikkar har som regel halloumi no)
1 egg
0,75 dl mjøl
Salt
Olje

Skrell og riv søtpoteta og halloumi fint, og bland i ei skål. Ha oppi egg og mjøl og salt, og bland med hendene. Viktig å bruka hendene fordi ein skvisar ut ein del væske da, så det kjem saman til ein deig. Form til små kaker og steik i olje på mellomhøg varme til dei har fått god skorpe. Dei skal bli ordentlig mørke, det er då søtpoteta har karamellisert seg ordentlig og da det blir digggggg!

I går serverte eg med: steinovnsbakt baguette frå Hatting (life hack til frysen!!!), seterrømme med salt og finhakka estragon og timian og persille, salat av salatblad, avocado og cherrytomat med fersken-balsamico frå Olivenlunden 1830. Men eg har óg servert med salat med speltperler, det var óg suksess! God middag!

Follow:
Share:

4 Comments

  1. Kath.
    17:42, 18 Jul 2019 / 17:42

    Nam! Denne ble bokmerket med det samme. Gleder meg til å prøve dem!

  2. BB
    17:03, 21 Jul 2019 / 17:03

    Disse var utrolige gode! Søtt, salt, sprøtt, nydelig! Takk for oppskrift :)

  3. Fi
    12:08, 25 Jul 2019 / 12:08

    WOW! Tusen takk for oppskrift – kakene ble fantastisk gode! Disse blir sommerens middagshit :)

  4. Sunniva
    20:08, 19 Aug 2019 / 20:08

    Såååå gode!! Takk for tips!

Leave a Reply to BB Cancel reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *