Ein bursdag som kjem snikande

På laurdag blir Saga tre år. Eg har vore mamma i tre år, det er heilt spinnvilt.

På kvelden når eg legg meg ligg ho i senga vår, ho er så lang då når ho søv der, fjeset tungt av draumar. Jostein bærer ho inn i si eiga seng, og av og til rekk me ikkje eingong å sovna sjølve før ho kjem tassande, me høyrer føtene hennar over golvet der inne, dyna alltid under armen. Ho kryp opp til oss då og er plutseleg så liten, når eg kviskrar “no kan du sovna” så gjer ho akkurat det. På ein måte er det denne delen eg har venta på heile tiden, ei dotter som kan vitsa og konkludera høglydt og komma til logiske slutningar heilt på eigen hand. Ikkje at eg ikkje har elska dei første tre åra, eg er jo all about babykinn og amming og heile den delen óg, men å få vera ein sånn kompis for min eigen unge. Det er jo det finaste eg har fått oppleva i heile mitt liv, og ikkje klarte eg å skriva den setningen utan tårer i augene heller.

Eg elskar bursdagar så. Dei gir meg muligheten til å reflektera over korleis dei har det, kor langt dei har komme, kor deilig denne tiden er, akkurat no. Mykje av morskapet handlar jo om å komma til plutselege konklusjonar, typ “når fekk du alle dei tennene i munnen din?” liksom. Men ja. Tre år. Ho er så himla himla morsom, ei solid storesøster og så kreativ. I dag tidlig måtte ho berre få lov til å gå ut åleine og teikna, ho sat ved marmorbordet og teikna litt også gjekk ho bort til rosebuskene og teikna litt medan ho såg på dei (eg fekk sjå ho gjennom vindauga). Ho hjelper meg med alt mulig, min vesle kompanjong som ryddar leiker inn på leikerommet og dekker på bordet og gir meg babywipes når eg skiftar på Edda.

Det er ein stor dag for meg óg, eg tenker så mykje på det no. Den dagen eg vart mamma, dette bornet som berre flaug ut av meg og endra meg for alltid. Eg ser på bilder, tenker på det, blir mint på det fleire gonger for dagen. Eg er mor. Eg er hennar mor. Og ho er dotter mi. Det sluttar aldri å vera berre overveldande i kor glad eg er for det. At akkurat ho vart akkurat mi.

I år føler eg at eg har naila det óg, om eg er heilt ærlig. Gåvene ho får frå oss er så fine, og eg vaskar huset og ryddar i dag, så me berre kan kosa oss og baka litt og ta det med ro i morgon. Er det ein ting eg ikkje treng at går i arv så er det bursdagsstresset som har prega mitt 29 år lange liv. Ikkje eit ledd til, liksom. Ho har bestilt pannekaker til frukost og spaghetti bolognese til middag på bursdagen sin, eg er SÅ med.

Her og no. Her og no. Her og no.

Follow:

8 Comments

  1. Ida
    21:08, 18 Jul 2019 / 21:08

    Kor nydeleg!

  2. Signe
    06:34, 19 Jul 2019 / 06:34

    Du skriver så fint!

  3. Pappa
    07:13, 19 Jul 2019 / 07:13

    Herlige Saga. Og Mariell, for ei forteljarstemma du har. Veldig glad i dikka❤️

  4. Kath.
    17:06, 19 Jul 2019 / 17:06

    Nydelig skildring av kjære Saga sitt liv og dine observasjoner som mor ❤
    Jeg blir 30 i morgen, og moren min heter forøvrig Ingebjørg. Syns det er en koselig link til deg.
    Gratulerer med dagen i morgen!

  5. Kristin Meland
    21:47, 19 Jul 2019 / 21:47

    Så fint! For 18 dagar sida fekk eg mi eiga dotter, og sjølv om eg elskar elskar tida no, så gler eg meg og til dei tinga som du beskriv her.

  6. Stine
    01:44, 20 Jul 2019 / 01:44

    Måtte gråte litt.

    Gratulerer så mye med dagen!

  7. Gunnhild Hasla
    13:33, 21 Jul 2019 / 13:33

    Måtte gråte litt her også. Gratulerer!

  8. 17:21, 24 Jul 2019 / 17:21

    Så vakkert skrevet om å være mor. Likte spesielt hvordan du beskriver det å bli mer kjent med Saga ettersom hun vokser opp.

Leave a Reply to Kristin Meland Cancel reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *